Frå embetsmannsstatens universitet til masseuniversitet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1999


Universitetet i Oslos historie ligg no føre i bokform. Den er ført i pennen av historikar John Peter Collett. Og UiO feirar sin eigen årsdag 2. september med å gi eit eksemplar av boka til alle sine fast tilsette.

Av Martin Toft

Og John Peter Collett trur boka om Universitetet i Oslos historie skil seg ut frå andre bøker som er skrivne om dette universitetet.

- Eg har forsøkt å skriva om universitetet som ein samfunnsinstitusjon som både er ein utdannings-og forskingsinstitusjon, men også ein politisk institusjon. Universitetet står i eit kulturelt felt midt mellom eit politisk og eit sosialt system. Difor er det få professorar eg har nemnt med namn i denne boka, seier Collett, som har halde på med dette verket i to år. Boka blir naturleg nok gitt ut på Universitetsforlaget. Universitetet blei grunnlagt som Det Kongelige Frederiks Universitet i 1811, men heilt tilbake i 1660 kom det første kravet om eit eige universitet i Noreg, fortel Collett.

Strid mellom Stortinget og universitetet

I byrjinga var universitetet eit universitet for embetsmannsstaten. Det var i denne tida den politiske og samfunnsmessige funksjonen til universitetet var klarast. Men dette eliteuniversitetet fekk eit skot for baugen etter 1884. I 1895 toppa konflikten seg, då Stortinget nekta å løyva pengar til universitetet. Årsaka var striden mellom Høgres mindretallsregjering og stortingsfleirtalet frå Venstre. Stortinget ville styra universitetet og ville ha siste ordet dei gongene det skulle tilsetjast nye professorar, seier universitetshistorikaren, som reknar dette som ein milepæl for universitetet.

Ja, ut av denne konflikten veks eit anna universitet. Det blir ikkje lenger ein eliteinstitusjon for embetsmannsstaten, men eit universitet der idealet om den frie forskinga som reiskap for framsteg og utvikling vinn fram. Og det er nettopp åra rundt 1911 som blir genias tid med Niels Henrik Abel og Fridtjof Nansen i brodden. Dei står for den grensesprengjande forskinga, seier han. I denne tida får universitetet også ein annan funksjon på utdanningssida.

No blir den akademiske leiarfunksjonen basert på utdanninga frå universitetet. Som regel på jusstudiar og medisinstudiar. Dermed er også utviklinga av alliansen mellom dei akademiske profesjonane og den politiske leiarskapen - sådd, minner han om. 1930-talet var ein nedskjeringsperiode i Noreg, og det kunne gått hardt utover universitetet.

Helten Sem Sæland

Rektor Sem Sæland klarte å redda universitetet frå dei verste nedskjeringane. Difor vil eg erklæra han som ein av universitetets store heltar. Han var rektor frå 1918-36 og er den einaste som har site i tre periodar, forklarar Collett. Og på 1960-talet kom framveksten av masseuniversitetet.

Då var det også eit mindre klart forhold mellom universitetet og det omkringliggjande samfunnet. Dette var ei vanskeleg tid, men samtidig må eg seia at måten Universitetet i Oslo handterte radikaliseringa på slutten av dette tiåret på, var ein form for statsmannskunst som det står stor respekt av, meiner Collett. No ber han folk frå universitetssamfunnet om å koma med reaksjonar på historieverket.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1999

Publisert 20. sep. 1999 15:50 - Sist endra 13. mai 2019 14:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere