Universitetets årsfest - Åpning av Georg Sverdrups Hus
Rektor Kaare R. Norum
Rektor Kaare R.Norum vil innføre seniorstipend ved UiO. (foto hanne Buxrud) |
- Eg vil at me skal starte opp eit sivilingeniørstudium i informasjons- og kommunikasjonsteknologi, med eige opptak for eit femårig studieløp. Det kan vera med på å profilera MN-fakultetet og få opp interessa for realfaga, sa rektor Kaare R. Norum i sin årstale under opninga av Georg Sverdrups hus denne veka.
Av Martin Toft
Det er nettopp den manglande interessa for realfaga som er årsaka til
at UiO no vil setja eit ekstra fokus på Det matematisk-naturvitskaplege
fakultetet i profileringsprogrammet universitetet er i gang med å setja i
verk
- Difor har Kollegiet vedtatt å tredobla ressursane til dette arbeidet.
Hovedårsaka er den sviktande rekrutteringa til realfaga både blant
elevar og lærarar i skulen og blant studentane som vil utdanna seg ved
UiO, sa Norum, som også kom inn på Forskingsmeldinga som regjeringa
la fram i juni.
Bodskapen til Forskingsmeldinga
-Forskningsmeldinga viser at regjeringa har god innsikt i dei utfordringane
som det norske forskingssystemet står overfor. Men meldinga har i
prisinga si av nytteeffekten nesten gløymt dei humanistiske faga,
påpeika han. Men Norum ser at meldinga kjem med ein klar bodskap til
universiteta. - Me må bli flinkare til å ta vare på dei beste
miljøa våre. Me må samla innsatsen vår, eller bli
betre til å byggja opp vitskaplege skular eller miljø basert
på dei gode forskarane våre. Dette krevjer både ei intern
omstilling og ein auka ressurstilgang, både fra offentlege kjelder og
frå det me kan tena sjølv, slo UiOs rektor fast. Han trekte
også fram det det sosialøkonomiske miljøet,
Nevrobiologiskulen i Oslo, Filosofisk institutt, det kinesiske miljøet,
tvillingforskinga, fysikkmiljøet, kreftforskinga og cellebiologien som
døme på gode fagmiljø og forskingsprosjekt ved
Universitetet i Oslo. Men han var samtidig rask til å understreka at det
ikkje er Rektoratet eller Kollegiet som skal peika ut dei gode døma og
miljøa.
- Det er fakulteta og faga sjølve. Men den sentrale leiinga skal
oppfordra til at miljøa framhevar kvalitet og skal støtta
fakulteta og institutta i arbeidet deira for å auka ressurstilgangen til
slike miljø, understreka han før han tok opp igjen framlegget om
å innføra ei seniorstipendordning.
Frigjering av stillingar
- Eg har tatt initiativet til at me skal bruka av eigne fondsmidlar til å gjennomføra ei seniorstipendordning slik at forskarar som nærmar seg pensjonsalderen, kan få høve til å gå av med full løn, og framleis driva forsking. På denne måten blir det frigjort stillingar, som anten kan brukast til yngre krefter eller til drift av forskingsprosjekt.
Ingen fleire universitet
Norum såg også positivt på arbeidsdelinga
Noregsnett-tanken legg opp til, men fleire universitet kunne han ikkje tenkja
seg.
- Ei slik arbeidsdeling blir ikkje betre av å oppretta nye universitet.
Me har nok av dei i Noreg. Eg er absolutt for ei konstruktiv arbeidsdeling
mellom universiteta og dei statlege høgskulane, der me respekterer
eigenarten til kvarandre, understreka han. Universitetsrektoren trekte spesielt
fram det arbeidet Det historisk-filosofiske fakultetet har gjort med
arbeidsdeling, samarbeid og dimensjoneringsplanar.
Forskingsrådet
Når det gjeld forholdet til Noregs forskingsråd, var Norum
oppteken av at forskarane skulle få meir å seia enn i dag.
-Me skal samarbeida med Forskingsrådet, men meiner allereie no at
forskarane bør få meir å seia i forskingspolitikken
vår enn i dag. Men me må få eit konstruktivt samarbeid med
Forskningsrådet. Me har ei rekkje felles interesser å kjempa for,
konstaterte Norum, før han trekte fram tilstanden til sentrumsbygningane
til universitetet.
-Oppussing av resten av Aulabygningen og Urbygningen er sterkt påkrevd.
KUF har finansiert lyssettinga av bygningane våre i samband med Oslos
1000-årsfeiring. Me får lys på ein flott fasade, men inni ser
det førebels mørkt ut, sa Norum, og rosa studentane som har tatt
initiativet til å stifta Urbygningens venner.
Oslo by
Til slutt kom han inn på forholdet til vertskommunen Oslo by der han trekte spesielt fram det faktum at Oslo kommune hadde selt sirkustomta på Tøyen billeg til UiO, slik at alt no er klart for bygging av det nye veksthuset i Botanisk hage. Han takka også for at arbeidet med tunnelen under Blindern er stansa og det felles samarbeidet med å byggja nye studentbustader. Han såg også fram til at Oslo kommune ville støtta UiO i kravet om å få byggja eit nybygg til Dei kulturhistoriske musea på Sørenga. Og han såg dessutan lyst på sjansane til å få ein ny T-banestasjon på Blindern.
- Den nye direktøren for Sporveien har lova oss ein heilt ny Blindern stasjon på T-bana med ei ny og fin bru. Dei vil døypa om stasjonen til Universitetet-Blindern. Det blir også ei synleggjering av UiO! meinte Norum.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere