Chateau Neuf opna som studenthus

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1999


bilde av Kronprins Haakon  og formann i Studentetsamfunnet
MEST FRAMSTÅANDE STUDENTAR: Kronprins Haakon og formann i Studentersamfundet, Stefan Jansen, var dei mest framståande blant studentane, då Studentersamfundet Chateau Neuf blei opna førre tysdag.

- Dette kan bli ein viktig kulturell og sosial oase som også kan stimulera Oslo-studentane til andre aktivitetar enn berre dei reint faglege. Det sa kronprins Haakon då han opna Studentersamfundet Chateau Neuf 24. august.

Av Martin Toft (tekst og foto)

- Dette studenthuset kan vera med på å gjera oss til meir deltakande menneske og eg synest dei nye studentane i Oslo er heldige som har fått Chateau Neuf som studenthus, sa kronprinsen før han la til:

Kjem gjerne tilbake til Chateau Neuf

- Eg håpar at eg sjølv også får høve til å koma tilbake hit i meir uformelle samanhengar. Under studietida i USA sakna eg eit slikt kulturtilbod for studentane, tilsto han. Han ynskte studentane lykke til med det nye tilbodet før han gjekk bort og klipte over snora og erklærte Studentersamfundet Chateau Neuf for opna til stor jubel frå dei mange hundre frammøtte studentane og inviterte gjestane med statsråd Jon Lilletun ordførar Per Ditlef Simonsen og tidlegare statsminister Kåre Willoch i spissen. I helsingstalen sin til studentane gjorde også kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun det klart at KUF ville koma til å gi ei serskilt gåve til det nye studenthuset.
- Me har nettopp bestemt oss for å løyva pengar til ei ordentleg brannsikring av huset. I tillegg kan eg koma med den gledelege meldinga til studentane at grensa for kor mykje dei kan tena før dei mister retten til å ta opp fullt lån i Statens lånekasse, vil bli foreslått heva frå 3500 til 5000 kroner, sa han, utan å leggja skjul på at dette var ein medviten og taktisk godt planlagt lekkasje frå statsbudsjettet. Lilletun kom også med fylgjande historie frå heimtraktene sine på Voss.

To slagsmål på literen

- Då sogningen og vossingen skulle krangla om kven som laga det beste heimebryggja ølet, prøvde sogningen seg med å imponera kor høgt alkoholinnhaldet var i hans øl. Men han klarte likevel ikkje å få vossingen ut av fatning som kvitterte med fylgjande kommentar: - Nei, det heimebryggja ølet vårt er så godt at me reknar med det går to slagsmål for literen. Deretter fekk Lilletun oppgåva med å tenna den akademiske elden med ein heller dårleg sigarettennar til akkompagnement frå ein lydlaus kanon. Formann i Studentersamfundet, Stefan Jansen, takka i talen sin KUF og Lilletun for pengane og lovnaden om å få høve til å tena meir: - Eg håpar regjeringa vil løyva meir pengar til utdanning og meir pengar til slike studenthus også i framtida, sa han. Dermed var Studentersamfundet Chateau Neuf tatt i bruk som studenthus, og heile opningsveka dukka studentar opp i hopetal på både konsertar og debattar i det gjenoppståtte studenthuset på Majorstua.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1999

Publisert 6. sep. 1999 16:12 - Sist endra 1. sep. 2014 13:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere