![]() |
|
| URBYGNINGENS REDNINGSMENN: Dei vil redda Urbygningen frå forfallet. Frå venstre dekan Frederik Zimmer, Stephan Tschudi-Madsen, rektor Kaare R. Norum, formann i Urbygningens venner, Elise Leivestad og student Christoffer Wiig. |
- Det er forstemmande at Urbygningens forfall begynte samtidig med at Noreg heldt på å utvikla seg til verdas rikaste nasjon. Det sa tidlegare riksantikvar Stephan Tschudi-Madsen då Urbygningens venner blei stifta i førre veke.
Av Martin Toft (tekst og foto)
Det er studentane ved Det juridiske fakultetet som har tatt initiativet til stiftinga av Urbygningens venner. Foreininga skal jobba for oppussing av Urbygningen og dei to andre universitetsbygningane i Oslo sentrum. Studentane viser til at sjølv om bygningen er den av universitetsbygningane som har best opprinnelege trekk frå då den blei bygd i 1854, så er den også den mest nedslitne og medtatte av dei tre bygningane. Gamle Festsal i Urbygningen har dessutan fungert som stortingssal. Saman med Slottet utgjer Urbygningen, Aulabygningen og Vestbygningen (Domus Bibliotheca) det fremste klassisistiske anlegget i Noreg og er eit av landets viktigaste kulturminne, påpeikar studentane. På stiftingsmøte var eit par hundre jusstudentar til stades saman med fleire av dei vitskapleg tilsette ved Det juridiske fakultetet. Det la også tidlegare riksantikvar Tschudi-Madsen merke til.
Gledeleg studentinitiativ
- Det er svært gledeleg at initiativet til å få pussa opp
og restaurert Urbygningen kjem frå studentane. Eg vil ynskja dei lykke
til og vil samtidig understreka at eg trur også leiinga ved Universitetet
i Oslo vil dela dykkar engasjement i dette spørsmålet. Denne
bygningen sitt liv har i altfor mange år blitt bestemt av omsynslause
elektrikarar og umedvitne og tankelause professorar. Difor finst det mange
døme på mangel på estetisk sans i dette huset, slo
Tschudi-Madsen fast. til stor applaus frå dei frammøtte.
Også dekan Fredrik Zimmer la vekt på Urbygningens lange og stolte
tradisjonar.
Viss Det juridiske fakultetet har eit hjarte, så finst det her. Den
juridiske ånda sit i veggene her, og det er ikkje berre på grunn av
dårleg ventilasjon, understreka han. Initiativet til jusstudentane blei
også varmt støtta av rektor Kaare R. Norum.
Lilletuns dårlege samvit
- Når studentane og universitetsleiinga står saman når me mykje lenger. Og eg veit at statsråd Jon Lilletun har dårleg samvit for at han framleis ikkje har klart å finna pengar til restaurering av sentrumsbygningane til universitetet, sa universitetsrektoren. Både Stephan Tscudi- Madsen, Kaare R. Norum og dekan Frederik Zimmer var blant dei første som meldte seg inn i foreininga etterpå. Tidlegare leiar for Juridisk studentforening, Eline Leivestad, blei valt som formann for Urbygningens venner. Med seg i styret får ho også fakultetsdirektør Benedicte Rustad og studentane Walter Martin Tveter, Øystein Horntvedt og Sara Andrea Heierstedt.

Logg inn for å kommentere