UiO skal vera eit godt forskingsuniversitet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1999


Langtidsplanen 2000-2004:

Universitetet i Oslo kan aldri bli eit internasjonalt eliteuniversitet. Difor bør det satsa på høg kvalitet i forsking og undervisning, foreslår langtidsplanen for 2000-2004.

logo av vivat

FRAMTIDA: Langtidsplanens gjennomgangsfigur Vivat ser nærare på UiOs framtid. (Illustrasjon: Elisabeth Cranner)

Av Martin Toft

Planen viser til at UiO på mange område er størst i nasjonal samanheng. På mange felt er universitetet best i nasjonal målestokk, men på dei færraste fagområde best i internasjonal samanheng. Difor er det korkje politisk rom eller fagleg potensial for at UiO kan vera eit internasjonalt eliteuniversitet, står det i planen, som konkluderer med at UiO heller bør ha som hovudambisjon å vera eit godt forskingsuniversitet. Likevel vil dette krevja at det blir sett fokus på kvalitetsutvikling og eit medvit om at universitetet ikkje kan ha like høg kvalitet på alle område.

For mange faglege aktivitetar

Grunnen til at kvalitet er vurdert som den største utfordringa er blant anna basert på at omfanget av faglege aktivitetar er for stort i høve til ressursane og må seinkast for å sikra kvalitet og for å kunna prioritera nye oppgåver enn dei som allereie er i gang. Dessutan viser planen til at fagmiljøa ved UiO er utsette for ei avgrensa eksponering internasjonalt til at kvaliteten kan bli betre. I planen blir det dessutan trekt inn at det er UiO som gjennom forskarutdanninga kvalifiserer den største delen av Noregs framtidige forskarar. Difor må dette universitetet liggja i forkant med å fremja høg kvalitet i forskarutdanninga. Langtidsplanen, som er ført i pennen av rådgjevar Olaug Kristine Bringager ved kontoret til universitetdirektøren, slår også fast at UiO treng betre kunnskap om kvaliteten av det universitetet held på med. Mål for ambisjonsnivå og kvalitet bør difor presiserast og differensierast, dersom kvalitet skal bli det viktigaste aktivum for UiO i konkurranse om prestisje, pengar, tilsette og studentar, står det i planen.

Masseutdanningsinstitusjon

Også i framtida vil universitetet spela ei sentral rolle som masseutdanningsinstitusjon, spår langtidsplanen. Men den store studentveksten har skapt problem for universitetet både når det gjeld finanisiering, endringar i rekrutteringsgrunnlaget og overbelastning av tilsette og av servicetilbodet. I tillegg har det ført til press på studiekvaliteten. Planen konstaterer at det høge studentalet og den faglege aktivitetsbreidda som eksisterer i dag ikkje vil vera mogleg å oppretthalda saman med den arbeidsmengda som er naudsynt for å modernisera og differensiera læringstilbodet og samstundes kunna tilføra læringsmiljøa nye og til dels forsømte studiekvalitetar. Konklusjonen blir at dette skaper prioriteringsdilemma både når det gjeld dimensjonering, fagprofil, nasjonal arbeidsdeling og organisering av læringsprosessane. Det er grunngjevinga for UiOs sterke prioritering av og ambisiøse mål for kvaliteten til universitetet sine læringsmiljø.

Trugsmål

I langtidsplanen går det klart fram at det alvorlegaste trugsmålet frå nasjonal og internasjonal konkurranse er faren for marginalisering av UiO som forskingsinstitusjon. Den viktigaste årsaka til det er ei svak og ustabil finansiering av forskingsverksemda. Det er grunnen til at UiO i dag har eit sprikande omdømme som forskingsinstitusjon, for få miljø på høgt internasjonal nivå og eit for svakt vurderingsgrunnlag for oppfylging og stimulering. av kvaliteten på forskinga. UiO står av den grunn overfor vanskelege val i balansen mellom breiddesatsing og spissmiljø, går det fram av utkastet.

30. september er fristen universitetssamfunnet har fått for å senda inn høyringsfråsegner om planen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 12 1999

Publisert 6. sep. 1999 16:12 - Sist endra 1. sep. 2014 13:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere