Avdelingsdirektør Gerd Thorsen:
- Her ved UiO mangla me evna til å stoppa opp og tenkja oss om i samband med innføringa av det nye økonomisystemet (LØP).
![]() |
|
| Ofte er våre eigne folk like godt kvalifiserte til å gjennomføra store prosjekt som innleigde konsulentar, meiner avdelingsdirektør Gerd Thorsen. (Foto: Ståle Skogstad) |
Av Martin Toft
-Det er nettopp dette som kjenneteiknar dei gode generalane: evna til å stoppa opp, tenkja seg om, revidera strategien, omdisponera mannskap og ressursar for så å setja inn målretta tiltak i høve til den røyndomen me er i. Då tenkjer eg først og fremst på situasjonen me var i oktober 1997, då me såg dei første resultata av testane og Oracle-tilpassingane, seier Thorsen. Ho meiner problema med innføringa av det nye økonomisystemet(LØP) må få UiO til å gå gjennom og vurdera eigen kompetanse på dei prosjekta universitetet gir seg i kast med. I den grad me sjølve med handa på hjarta ikkje kan seia dette kan me, berre då bør me henta inn hjelp frå andre. Me veit at dette ikkje er uproblematisk, sidan eksterne konsulentar er dyre, og ikkje alltid kan det seiast at prestasjonane deira står i høve til honoraret dei tar, slår ho fast.
Glimrande intern kompetanse
Det finst glimrande kompetanse både i staten og ved Universitetet i Oslo. Og i dei tilfella der me brukar eksterne konsulentselskap, er det viktig å passa på at UiOs eigne folk får overført ein del av kunnskapane til dei eksterne ekspertane. Det er spesielt viktig i tilknyting til innføringa av det nye økonomisystemet, konstaterer ho og legg til at det slett ikkje er gjort i ei handvending å få det til. Men UiO må byggja opp den naudsynte kunnskapen internt for å sikra seg kontrollen med økonomistyringa og desse store tunge prosjekta. Gerd Thorsen trekkjer på nytt innføringa av det nye økonomisystemet inn som eit døme på kva UiO kunne ha gjort annleis heilt frå byrjinga.
Kontrakten kunne vore betre
- Etter mitt syn kunne kontrakten ha vore betre. I kontrakten burde
ansvarsdelinga og rollefordelinga mellom leverandør og kunde ha vore
klarare. Dessutan burde alt det som partane blei einige om å endra
undervegs i prosjektet blitt skrive ned. På den måten kunne me ha
sikra UiO vegar ut av kontrakten dersom leverandøren hadde svikta. Elles
skulle UiO ved inngåinga av innkjøpskontrakten også ha
vurdert drifts- og vedlikehaldsforhold. Berre ved å vurdera desse tre
forholda samtidig er det mogleg å få eit godt bilete av dei reelle
kostnadane. Det hadde sjølvsagt vore ein stor fordel om kjøpet av
løns- og personalsystem og innkjøpsmodul hadde blitt vurdert
saman med økonomisystemet, meiner Thorsen, som gjerne vil gi ros til
Rekneskapsavdelinga for det arbeidet dei har gjort i denne vanskelege tida. Ho
gir også grunneiningane honnør for tolmodet dei har vist.
Større openheit
-Hadde det vore mogleg å ha takla problema rundt LØP-prosjektet
på ein annan måte?
-Eg trur at ein større grad av openheit i høve til Kollegiet,
Riksrevisjonen, KUF og dei tilsette ved universitetet kunne gitt ei
større forståing for dei problema me fekk. Me kunne ha vunne
på å ha trekt inn grunneiningane i prosjektet i mykje større
grad enn det som var tilfellet. No håpar ho at dei siste bitane i
puslespelet om LØP-prosjektet kjem på plass slik at alt vil
fungera innan tusenårsskiftet.
-Det går ikkje an å understreka sterkt nok kor viktig det er at den
nye kontoplanen kjem på plass snarast og at dei ulike prosjekta blir
koordinerte. Difor må det setjast av nok ressursar til
økonomisystemet og det mellombelse lønssystemet slik at
universitetet både kan senda frå seg ein fullstendig statsrekneskap
den 31. desember og kunna utbetala løn til sine tilsette også
frå 1. januar år 2000, seier Thorsen. Ho trur på ei enklare
og lysare framtid for økonomistyringa ved UiO, når det blir
innført nettobudsjettering.
- Slik eg ser det i dag, vil dette koma på plass til
tusenårsskiftet fordi universitetsdirektøren har prioritert denne
saka og sett av naudsynte ressursar, konstaterer Thorsen.

Logg inn for å kommentere