Fem i farta
Kva synest du om UiOs websider?Monika Gullslett, hovudfagsstudent i sosiologi - Eg synest dei er greie og oversiktlege. Men den siste tida har eg ikkje
brukt dei noko særleg. Torbjørn Folstad, medisinstudent - Eg synest ikkje noko spesielt om dei. Det er i det heile tatt sjeldan eg er inne på Internett som eg tykkjer er altfor oppskrytt. Ivar Øye, professor i farmakologi, MED - Eg brukar dei veldig sjeldan. Er mest oppteken av dei heimesidene til den
gruppa eg jobbar saman med. Eg er nok lite flink til å gå inn
på dei lokale heimesidene til UiO. Tiril Morsund, grunnfagsstudent i historie - Dei har eg aldri sett. Men det er sjeldan eg brukar Internett. Det kan nok
henda at eg blir ein ivrigare brukar i framtida. Øystein Hjellset, cand.polit. frå UiO - Eg synest faktisk dei er bra. Dei er dessutan oversiktlege og lette å finna fram i, sidan dei stort sett er sette saman av tekst. |
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere