Fem i farta

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 1999


Syklar du til jobben?


Nils Bøckman, driftssjef ved Teknisk avdeling

- Ja, eg syklar den 12 kilometer langre strekningen frå Snarøya til Blindern tre gonger i veka. Det har eg halde på med sidan 1. mai.


Kirsti Harg, rådgjevar i Studie- og forskingsadministrativ avdeling

- Nei, eg torer ikkje på grunn av biltrafikken i Oslo. Men eg har sykkel heime.



Irene Hu, Erasmus-student ved Arkitekthøgskulen

{short description of image}

- Ja, eg syklar frå Sogn studentby til Arkitekthøgskulen kvar dag. Det gjer eg både fordi det er billeg og fordi eg vil halda meg i form.


Lars Myhrvold, Rekneskapsseksjonen

- Ja, det gjer eg. Eg har kort veg heim til Ullevål hageby, og dit går det ikkje noko offentleg kommunikasjonsmiddel som ville ha gjort det raskare for meg å koma heim enn ved å sykla eller gå. Det er godt å gli av garde på sykkelen.
 
 



Inger Ann Faye, Økonomi- og personalavdelinga

- Nei, no kjører eg moped. Tidlegare sykla eg til jobben, men det slutta eg med etter at eg fekk lungebetennelse på grunn av all forureininga på Mossevegen. Det går raskare over Mossevegen på moped, når eg skal heim til Ormøya.




Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 1999

Publisert 3. juni 1999 15:26 - Sist endra 1. sep. 2014 13:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere