Ny undersøking skildrar ni til fire-studenten

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 1999


ARBEIDER OG STUDERER: Jusstudent Pia Hem frå Sandefjord arbeider deltid i kassa på Joker på Blindern. (Foto: Ståle Skogstad)

Gjennomsnittsstudenten arbeider og studerer 37 timar i veka.
Det viser ei undersøking av studentane sine levekår som Statistisk Sentralbyrå har gjort på oppdrag frå Nasjonalt kontaktforum for læringsmiljø.

Av Martin Toft

Uniforum er første avis som publiserer resultata av denne spørjeundersøkinga som blei gjennomført blant 2800 studentar ved universitet, vitskaplege høgskular og høgskular våren 1998. Dei blei intervjua om alt frå studieforhold, arbeid, økonomi og forbruk til sosial kontakt, fritidsaktivitetar, deltaking i politikk og organisasjonsliv.

Fleire kvinner enn menn arbeider

Undersøkinga viser at kvar andre student arbeider ved sidan av studiene. I motsetning til blant ungdom flest har kvinnelege studentar oftare arbeid enn mannlege studentar. Unnataket er kvinner med barn, men når dei først arbeider, arbeider dei mykje. Årsaka til dette kan vera at studentane først og fremst søkjer seg til deltidsmarknaden som frå før er sterkt kvinnedominert, og der det kan vera vanskelegare for menn enn kvinner å få jobb. Studentar i storby arbeider meir ved sidan av studiene enn dei som studerar på mindre stader. I undersøkinga blir dette tolka som eit teikn på at det kan vera lettare for studentar å få seg jobb i storbyen enn på ein liten stad. Ein annan grunn kan vera at storbystudentane har større buutgifter og at støtta frå Statens Lånekasse difor ikkje strekkjer til.

37 timars arbeidsveke

Fire av fem studentar med arbeid ved sidan av studiene arbeider mindre enn 20 timar kvar veke. I gjennomsnitt arbeider studentane sju timar i veka. Med tretti timar studiar og sju timar arbeid for veka har difor studentane i gjennomsnitt ei heilt vanleg ”arbeidsveke”. Likevel finst det stor variasjon. Fem av hundre studentar studerer og arbeider meir enn 60 timar for veka, ni av hundre studentar mindre enn 20 timar. Ein av seks studentar er einsleg forsørgjar eller gift/sambuande med barn. Fire prosent av alle studentar er einslege forsørgjarar. Kvinnene utgjer 95 prosent av dei einslege forsørgjarane og 61 prosent av dei gifte eller sambuande studentane med barn.

Arbeid kan forseinka studiene

Korleis ser så studieplanane og studieprogresjonen til studentane ut? Her viser undersøkinga at dei fleste studentane planlegg normal studieprogresjon, det vil seia 10 vekttal i semesteret. Studentar med barn har truleg lågare ambisjonar enn studentar utan barn, og dei yngste studentane har høgare ambisjonar enn dei eldste. Ein av fem studentar studerer mindre enn 20 timar i veka, like mange brukar 40 timar eller meir på studiene. I gjennomsnitt studerer dei 30 timar i veka. Det er i første rekkje dei som har jobb ved sidan av som studerer mindre enn gjennomsnittet, og undersøkinga peikar også på at dette kan vera ei av årsakene til at dei blir forseinka i studiene. Kvar fjerde student har hatt eit opphald i studiene, men denne delen varier sterkt etter kva utdanningsinstitusjon dei studerer ved. Dobbelt så stor del av universitetsstudentar som studentar ved vitskaplege høgskular har hatt slike opphald. Tre av fire kvinner med barn har hatt opphald i studiene, mest truleg på grunn av barnefødsel og omsorg for barn. For menn er det avbrekk i samband med militær verneplikt eller sivilteneste som er den viktigaste årsaka.

Når det gjeld inntekt,viser desse nye tala at ein av fem studentar forsørgjer seg ved eige arbeid, det vil seia at dei gir opp inntekt frå eige arbeid som hovudinntektskjelde. Blant dei einslege studentane er det først og fremst kvinnene som forsørgjer seg ved eige arbeid. Men ser me på dei gifte eller sambuande er det mennene som oftast gir opp at arbeidsinntekta er hovudinntektskjelda.

Støtta frå Lånekassen viktigast

Eit anna interessant funn i undersøkinga er at to av tre studentar svarar at støtta frå Lånekassen er viktigast. For bortebuande einslege studentar ville maksimal støtte frå Lånekassen, 62 700 kroner i 1997-98, utgjera om lag to tredelar av forbruket i løpet av det ti månader lange studieåret. Slik var det også for studentar for 25 år sidan, understrekar forskarane Jan Lyngstad og Irene Øyangen som har analysert resultata av spørje- undersøkinga. Direkte økonomisk støtte frå foreldra har lite å seia for andre enn dei studentane som bur heime.

Blant dei gifte eller sambuande studentane, er arbeidsinntekta hovudinntekta for ein av sambuarane/ektefellene. 14 prosent av para gir opp at støtta frå Lånekassen er hovudinntektskjelda for begge. Dessutan viser denne statistikken at ein av ti studentar ikkje tar opp studielån i det heile tatt. 14 prosent av studentane reknar med å ha ei studiegjeld på 300 000 kroner etter endt studium, medan gjennomsnittsstudentane reknar med å ha ei studiegjeld på 180 000 kroner når han/ho er ferdig med studiene.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 1999

Publisert 3. juni 1999 15:26 - Sist endra 1. sep. 2014 13:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere