Notiser

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 1999


Amputert informasjonsprosjekt vedtatt

Kollegiet vil førebels ikkje innføra dei åtte foreslåtte informasjonsprinsippa for Universitetet i Oslo. Det vil kollegiemedlemane venta med til komiteen som skal greia ut forskingsformidlinga ved UiO er ferdig med arbeidet sitt. Det er klart etter at Kollegiet tidlegare denne veka handsama informasjonsprosjektet. Komiteen som står bak prosjektet har gått gjennom den interne og eksterne informasjonsformidlinga ved UiO, og kome med framlegg til korleis den kan betrast. Kollegiet vedtok også å innføra formålsparagrafar for internavisa Uniforum og tidsskriftet Apollon. Det blei dessutan vedteke å be institutta om å peika ut kontaktpersonar som kan utføra informasjonsfunksjonar med dei ressursane som einingane kan avsjå. Informasjonsavdelinga blir pålagd å tilby og gjennomføra eit program for opplæring av desse kontaktpersonane og etablera eit nettverk for dei.

Benedicte Rustad ny fakultetsdirektør

Kollegiet har tilsett Benedicte Rustad som fakultetsdirektør ved Det juridiske fakultetet. Ho overtar etter Toril Railo som gjekk av i fjor. Fungerande fakultetsdirektør Tove Blix var innstilt som nummer to.

Bokstavkarakterar for jus

Bokstavkarakterar skal gjelda for profesjonsdelen av cand.jur.-studiet. Det vedtok Kollegiet denne veka. Avgjerda inneber at Det juridiske fakultetet innfører karaktersystemet ECTS (European Credit Transfer System) med karakterane ABCDEF, der A er beste karakter og F er strykkarakter. Også normalfordelingskurven blei gjort gjeldande for det nye karaktersystemet. Kollegiet gjekk imot at dagskarakterane for alle eksamensdagane skal med på vitnemålet i tillegg til hovudkarakteren. Tidlegare er det berre mastergradsstudia ved UiO som har nytta dette karaktersystemet. Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim har allereie vedtatt å innføra dette karaktersystemet for heile universitetet.

Fagporteføljen må gjennomgåast

Kollegiet vil gjerne vita kor langt fakulteta har kome i arbeidet med å sjå nærare på fagporteføljen sin. Det går fram av eit vedtak Kollegiet gjorde denne veka der det ber om ei utgreiing frå fakulteta om korleis det står til med eige planarbeid og korleis arbeidet med oppfylgjing av Kollegiets initiativ til faggjennomgang inngår i dette arbeidet.

Nasjonalt nettverk for autisme til UiO

Det blir oppretta eit nasjonalt nettverk for autisme underlagd Institutt for spesialpedagogikk ved UV-fakultetet. Det vedtok Kollegiet denne veka. Føresetnaden er at Sosial- og helsedepartementet fullfinansierer verksemda til den faglege eininga. Nettverket vil få eitt professorat, ein annan vitskapleg stilling og ein stipendiatstilling.

Derrida til Blindern

En av vår tids store filosofer, Jacques Derrida, kommer på besøk til Oslo og vil forelese på Blindern fredag 19. mars kl. 14.15-17. Forelesningen finner sted i Sophus Lies auditorium, og temaet er "The Unforgivable. Introduction to a Short History of Mercy".

Informasjonsdirektør ved NTNU sluttar

Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) er ikkje blant søkjarane til sin eigen stilling ved institusjonen. Kongsnes skal i løpet av våren begynna i ny stilling ved NTNU, melder Universitetsavisa. Informasjonsdirektørstillinga har blitt utlyst på nytt som ein del av omorganiseringsprosessen ved dette universitetet.

Missa Technologica

Hundreåringen Noregs Kristelege Studentforbund feira jubileet med ei teknomesse med det latinske namnet Missa Technologica på uteplassen Mars 18. februar. Det blei også skipa til ei meir tradisjonell jubileumsgudsteneste i Oslo domkyrkje sist sundag. Jubileumsveka inneheldt dessutan både teaterframsyningar og seminar om alt frå økumenikk til globalisering.

Sophus Lie-markering

18. februar var det hundre år sidan fysikaren Sophus Lie døydde. Dagen blei markert med ein liten seremoni ved grava hans, og deretter inviterte Det Norske Vitskapsakademiet til ein enkel lunsj og eit fagleg program. Der deltok forfattaren Arild Stubhaug, professor Hallstein Høgåsen og professor Tom Lindstrøm med foredrag om forskjellige delar av livsløpet og fagområdet til Sophus Lie.

Humanioradagane -99

Bokstaveleg talt. Tale og skrift i fem tusen år er mottoet for årets Humanioradagar. Tilskipinga byrjar torsdag 18. mars og varer fram til sundag 21. mars. Også i år vil opninga skje frå Nationaltheatrets balkong, deretter skal orkesteret Biørneblæs sleppa til før skodespelarar frå Nationaltheatret framfører ei scene frå Goethes Faust. I løpet av Humanioradagane kan du også få med deg foredrag om alt frå hieroglyfar i Egypt og kinesiske teikn til tale og skrift etter år 2000.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 1999

Publisert 25. feb. 1999 12:03 - Sist endra 1. sep. 2014 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere