Noregsnettrådet – råd eller direktorat?

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 1999


{short description of image}
Direktør Oddvar Haugland ved sekretariatet til Noregsnettrådet (Foto: Martin Toft)

Noregsnettrådet har blitt møtt med skepsis frå leiinga ved dei norske universiteta som fryktar at det skal koma til å overstyra universiteta. Uniforum har sett nærare på kva rolle rådet skal spela i norsk utdanningspolitikk.

Av Martin Toft

I ein nyoppussa bygard i Kronprinsens gate 9 i Oslo held sekretariatet til Noregsnettrådet til. Dei 40 tilsette har berre halde til der i rundt tre veker, og det er berre eit ark påtrykt ”Norgesnettrådet” som fortel at me har kome til rett adresse. Me blir tatt imot av direktør Oddvar Haugland som gjerne forklarar oss kva oppgåver Noregsnettrådet skal ta seg av.

Kontroversielle saker

Leiar for Noregsnettrådet, professor Magnus Rindal (Foto: Ståle Skogstad)

- Me gir råd til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om norsk utdanningspolitikk, og departementet kan også instruera oss til å utføra bestemte arbeidsoppgåver. Men Noregsnettrådet kjem på ingen måte mellom KUF og Det norske universitetsrådet og Det norske høgskulerådet. Sidan både Universitetsrådet og Høgskulerådet er konsensusorgan, kan Noregsnettrådet lettare ta opp kontroversielle saker fordi det står friare til å sjå heilskapen i den høgare utdanninga i Noreg, meiner Haugland.

Kvalitetssikring og rådgjeving

Noregsnettrådet blei vedtatt oppretta av Stortinget gjennom St.prp. nr. 32 (1996-97). Der heiter det at Noregsnettrådet skal vera eit rådgjevande organ for KUF når det gjeld langsiktig utvikling av høgare utdanning i Noreg, særleg når det gjeld sektorovergripande og nasjonale forhold. Rådet skal også trekkja opp retningslinjer for kvalitetssikringsarbeidet innan høgare utdanning og gi tilråding om problemstillingar knytte til Noregsnettet. Dessutan skal rådet syta for fagleg vurdering av søknadar om eksamensrett etter privathøgskulelova. Rådet kan forvalta fellesfunksjonar som til dømes opptak, og leggja til rette for godkjenning av utanlandsk utdanning. 13 av dei tilsette ved sekretariatet til Noregsnettrådet er øyremerkte som sakshandsamarar for sjølve Noregsnettrådet. Det har 13 medlemar som alle blei oppnemnde i statsråd den 17. april i fjor for ein periode på tre år. I rådet sit representantar for Noregs forskingsråd, universiteta, dei statlege høgskulane, dei private høgskulane og universitets- og høgskulestudentane. Fire av medlemane er oppnemnde på fritt grunnlag. Rådsleiar er professor Magnus Rindal ved Universitetet i Oslo.

Fakta:

Noregsnettrådet: 13 medlemar. Leiar: professor Magnus Rindal, UiO

Sekretariatet: 40 tilsette (har stillingsramme på 51)

Er samansett av tidlegare tilsette ved Lærarutdanningsrådet, Ingeniørutdanningsrådet og Rådet for høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Statens lærarkurs og Informasjonssenter for internasjonal utdanning (NAIC) ligg også under Noregsnettrådets venger.

Inga overstyring

Når det gjeld planane om neddimensjonering av fag på universiteta og overføring av fag mellom universiteta og høgskulane, avviser Haugland at Noregsnettrådet vil kunna overstyra denne prosessen.

- Nei, me kan ikkje styra kva fag som skal leggjast til dei forskjellige utdanningsinstitusjonane, seier Haugland. Rådet har også sett ned dei faglege komiteane som skal vurdera søknadane om hovudfagsstudiar i bedriftsøkonomi ved Høgskulen i Bodø og i nordisk språk og litteratur ved Høgskulen i Agder og doktorgradsstudium ved sivilingeniørutdanninga ved Høgskulen i Stavanger. Rådet skal også setja i gang evalueringar av høgare utdanning i Noreg.

- I år skal me setja i gang ei institusjonsevaluering av Universitetet i Tromsø. Det skjer etter initiativ frå leiinga ved det universitetet. Noregsnettrådet skal dessutan evaluera knutepunktfunksjonane til dei statlege høgskulane, fortel Haugland. Også Magnus Rindal avdramatiserer makta til rådet.

- Me har ingen ambisjonar om å endra på Universitetsrådets og Høgskulerådets rolle i høve til KUF. Skilnaden er at me kan sjå alle utdanningsinstitusjonane under eitt, understrekar Rindal.



Rektoratet ved UiO:
Avventande til Noregsnettrådet

Prorektor Rolv Mikkel Blakar (Foto: Ståle Skogstad)

- Me ser på Noregsnettet som ein spennande idé som me ynskjer å utnytta til eit landsdekkande samarbeid, men me er avventande til Noregsnettrådet. Det seier prorektor Rolv Mikkel Blakar ved Universitetet i Oslo. Han viser til at UiO ynskjer at Noregsnettet skal bli eit godt samarbeidsorgan for å fordela fag, studiar, undervisningsressursar og studentar mellom institusjonane i Noreg.

- Ser me på Noregsnettrådet, er me redde for at det skal utvikla seg til eit direktorat mellom institusjonane og KUF. Det store omfanget av sekretariatet til Noregsnettrådet saman med typen av oppdrag det har fått frå KUF, kan diverre peika i den retninga. Me vil at kontakten skal gå direkte mellom kvar enkelt institusjon og KUF eller mellom Universitetsrådet og KUF, avsluttar Blakar.





Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 1999

Publisert 25. feb. 1999 12:03 - Sist endra 1. sep. 2014 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere