UiO ber om 2,5 milliardar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 1999


Budsjettforslag for år 2000:

Kollegiet ber KUF løyva 2,5 milliardar kroner til Universitetet i Oslo for neste år. Av dette utgjer 1,914 milliardar løns- og driftsutgifter. Det er ein auke på rundt fem millionar kroner i høve til det som blei løyvd for 1999.

Av Martin Toft

Budsjettframlegget til UiO på 2,5 milliardar kroner er 103,5 millionar kroner mindre enn løyvinga på 2,6 milliardar kroner for 1999. Hovudårsaka til dette er at 68 millionar kroner av posten for større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, var øyremerkte inventar og utstyr i nybygg i 1999. Ein femdel av universitetsbudsjettet for år 2000, 573 millionar kroner, må Universitetet i Oslo sjølv finansiera med eigne inntekter. Her utgjer oppdragsforsking den største delen med til saman 462 millionar kroner.

Oppdragsgjevarar må betala meir

I budsjettforklaringa kjem også universitetsdirektøren med klare signal om at dei som ber UiO utføra forskingsoppdrag for dei, også må rekna med å betala meir for finansieringa av den felles infrastrukturen ved universitetet. "Dagens overheadpraksis bidrar ikke til dette i tilstrekkelig grad," står det i budsjettforklaringa.

Scenario 1: Realnedgang

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) har også bede UiO om å skildra situasjonen for verksemda om budsjettet får ein realnedgang på 2-4 prosent av driftsramma eller om det får ein realvekst på 2-3 prosent. Dersom det skulle bli ein realnedgang på 2-4 prosent, vil det tilsvara mellom 40 og 70 millionar kroner. I ein slik situasjon ser universitetsdirektøren føre seg nedskjeringar på dei såkalla "frie" driftspengane som blir brukte til forsking, forskarrekrutteringsstillingar og undervisning med hjelpelærarar. Universitetsdirektøren konstaterer at ein realnedgang i løyvinga til UiO på kort sikt vil ha store negative fylgjer for kjerneverksemda til universitetet. Dersom det skulle bli nedskjeringar på universitetsbudsjettet, må universitetet på lengre sikt arbeida for å gjenoppretta kvaliteten på forskinga og undervisninga. Då ser ikkje universitetsdirektøren nokon annan utveg enn å knyta budsjettreduksjonen til planmessige omstillingstiltak over lenger tid enn ein enkelt budsjettperiode.

Scenario 2: Realvekst

I motsett fall, altså om UiO skulle få ein realauke på 2-3 prosent av driftsramma, noko som tilsvarar rundt 50 millionar kroner, ser universitetsdirektøren føre seg at det kan gi UiO høve til betring både av forskingsvilkåra og studiekvaliteten. Ein realauke vil i liten grad bli brukt til å auka talet på årsverk, men i staden bli brukt til å betra driftsbudsjetta i fagmiljøa, står det i kommentaren til budsjettframlegget.. Det vil no bli sendt vidare til KUF, som skal sjå nærare på budsjett-tala frå UiO, før Regjeringa presenterer sitt framlegg til statsbudsjett til hausten.



Og 225 millionar kroner til omstilling

Universitetet i Oslo ber KUF om ei løyving på 225 millionar kroner til omstillingstiltak fordelt på fem år. Samla ber dei fire universiteta i Noreg om 600 millionar kroner.

I budsjettframlegget for neste år ber UiO Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om ei løyving på 225 millionar kroner til omstillingstiltak over dei neste fem åra. Dette er ein del av framlegga utanfor den faste budsjettramma til universitetet. UiO ynskjer ei løyving på 37,5 millionar kroner til desse tiltaka neste år, etterfylgd med 75 millionar for 2001, 56,2 mill. for 2002, 37,5 mill. for 2003 og 18,7 millionar kroner for 2004.

Hardare konkurranse

Grunngjevinga for å be om denne ekstraløyvinga er den hardare konkurransen om både studentar og forskingsoppdrag. Denne konkurransen gjer at universiteta må endra undervisningsmetodane sine og leggja større vekt på utvikling av studietilbod som er bygde på ny teknologi. Omstillinga ved universiteta kan skje ved at eit universitet legg ned fag eller delar av eit fag, medan eit anna byggjer opp innan det same området. Meininga er at samordninga skal ta vare på behovet for ein fagleg breidde ved kvart universitet, og det vil også krevja medverknad frå fagmiljøa i prioritering og styring av omstillingsprosessen, heiter det i budsjettkommentaren til universitetsdirektøren.

Auka bruk av fagutveksling

Han ser difor føre seg ein auka bruk av fagutveksling mellom universiteta med makeskifte av heile fag eller visse spesialiseringar innan fag. Omstillingstiltaka skal difor nyttast til å finansiera den auka innsatsen av folk og pengar dette vil føra med seg, står det i budsjettkommentaren. Universitetsdirektøren ser heller ikkje føre seg at dei mange vitskapleg tilsette som vil gå av for aldersgrensa er mange nok til å unngå bruk av andre verkemiddel. Difor understrekar han at det vil vera naudsynt å sjå dei ulike fagmiljøa samla og ta i bruk tiltak som set dei "i stand til å utnytte utskiftingen av personalet aktivt til å endre institusjonens faglige kompetanse og profil". Omstillingspakka er ein del av ei samla omstillingspakke på 600 millionar kroner som dei fire norske universiteta fremjar saman. Dei to sentrale elementa i pakken er bruk av seniorstipend og postdoktorstillingar og pengar til utvikling av nye undervisningsformer.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 1999

Publisert 25. feb. 1999 12:03 - Sist endra 1. sep. 2014 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere