Hels på Australopethecus afarensis

FOSSIL PR-AGENT: Denne skapningen er mellom tre og fire millionar år gammal og skal vera med på å skapa blest om utstillinga Missing Links alive som opnar den 15. april. (Foto: Ståle Skogstad)
Tar du turen til Lågblokka på Blindern, kan du no helsa på ein representant for mennesket sitt tidlegaste utviklingstrinn. Denne skapningen viser Australopethecus afarensis, som det har blitt funne fossilar av i det austlege Afrika. Forskarane meiner denne skapningen gjekk her nede på jorda for mellom tre og fire millionar år sidan. Det mest kjente funnet blei gjort på byrjinga av 70-talet, då forskarane fann fossilane til skapningen som dei gav namnet Lucy.
Skapningen er plassert i Lågblokka på Blindern for å skapa blest om utstillinga Missing Links alive, menneskets utviklingshistorie, som blir sett opp i Dei naturhistoriske musea på Tøyen frå 15. april til 15. september i år.
Heiderspris til UiO-professorar
Professorane Kristen Nygaard og Ole Johan Dahl ved Institutt for informatikk ved UiO fekk heidersprisen, då Den Norske Dataforening (DND) delte ut Rosingprisane for 1998. Dei fekk prisen for pionerinnsatsen sin med utviklinga av den første utgåva av det objektorienterte programmeringsspråket Simula ved Norsk Reknesentral i 1964.
Latvisk pris til medisinprofessor
Professor Øyvind Larsen ved Institutt for allmennmedisin og samfunnsmedisin ved UiO har fått tildelt den latviske Paul Stradin-prisen. Han får prisen for arbeidet han har gjort med å byggja opp det internasjonale nettverket mellom Paul Stradin helsemuseum i Riga og helsehistorikarar i resten av verda. Prisen er eit bronserelieff.
Brua mellom naturvitskap og humaniora

UTSTILLINGSOPNING: Pensjonert fysikkprofessor Alv Egeland heldt eit kåseri om nordlyset under opninga av utstillinga Aurora Borealis på Fysisk institutt. (Foto: Martin Toft)
- Nordlyset har alltid danna ei bru mellom naturvitskap og humaniora. Det har inspirert både kunstnarar og pionerar innan norsk naturvitskapleg forsking. Det sa leiar i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, Grete Knudsen då ho opna nordlysutstillinga Aurora Borealis på Fysisk institutt 5. februar. Ho viste også til korleis norsk nordlysforsking hadde lagt grunnlaget for norsk romforsking og den aktiviteten som i dag går føre seg ved Norsk Romsenter på Andøya. Dessutan kom ho inn på korleis nordlyset hadde gitt næring til folketrua på Vestlandet.
- Der meinte folk at nordlyset var gamle tausekjerringar som dansa rundt med store kvite vottar, fortalde Grete Knudsen, før ho klipte over snora og erklærte utstillinga for opna framfor eit stort oppmøte av forskarar, studentar, kunstnarar og andre interesserte.
Hjarteprisen til Sejersted og Ilebekk
Hjarteprisen på 100 000 kroner blei 2. februar tildelt professorane Ole Mathias Sejersted og Arnfinn Berger Ilebekk ved Ullevål sjukehus. Prisen blei overrekt av prinsesse Märtha Louise. Sejersted fekk prisen for forskinga si på hjartesvikt, medan Ilebekk fekk prisen for forskinga si på årsaker til hjarteinfarkt, melder NTB. Nasjonalforeningen Det norske råd for Hjerte- og Karsykdommer står bak prisen, og tildelinga fann stad under opninga av årets hjarteaksjon Godt nytt for gamle hjerter i Universitetets Aula.
Barnehageopptak
Dei som ynskjer å ha barna sine i ein av barnehagane til Universitetet i Oslo, må senda inn ein søknad innan 15. mars. Alle tilsette i minst ¾ stilling ved UiO, har høve til å søkja om opptak for barna sine. Også personar i rekrutteringsstillingar på alle nivå, lønna av eksterne kjelder, har høve til å søkja dersom dei har minst ¾ av arbeidsplikta si ved UiO og betalar overhead til institusjonen. Arbeidsplikt vil seia forsking, forskarutdanning og pliktarbeid. Søknadsskjema kan fåast i Organisasjons- og personalavdelinga, Administrasjonsbygningen, 5. etasje. Det kan også sendast til alle som tar kontakt på tlf. 22 85 62 36 eller 22 85 62 25.
Fra Det Kongelige Frederiks historie
Den 3. mai 1815 besluttet kollegiet, at ogsaa gaarden nr. 6 paa Grønland skulde indredes til bolig for 10 studenter, og i oktober maaned samme aar optoges ogsaa dette antal studenter i den nyindredede gaard.
Livet i disse studenterhybler skal, efter hvad professor L. Daae paa grundlag av øienvidners meddelelser beretter, ha frembudt et traurig billede. "Studenternes ydre kaar," siger han, "var meget knappe, og det skal stundom have hændt, at 2 Kontubernaler til sammen kun besad en anstændig Klædning. Lys, Tobak, Sildedunker og Viktualier laa om hinanden mellem Badens Lexikon og forrevne Klædningsstykker. Konflikter mellom Studenterne og den allerede da stærkt grasserende Pøbel i vor Hovedstads Suburba var nok heller ikke ganske sjeldne."
Humanioradagene i 1997
Birgit Hertzberg Johnsen og Andreas Sveen har redigert boken med foredragene fra Humanioradagene i 1997, som handlet om kommunikasjon i videste forstand. Her får vi en spennende innføring i kafeen som møtested gjennom tidene, og vi finner artikler om film, kunst, språk og religion som viktige kommunikasjonsbærere. Torgrim Eggen og Trond Berg Eriksen gjør seg noen tanker om all den likegyldige informasjon vi får inn via fjernsynskanalene og hvordan et tenkende menneske kan forholde seg til denne informasjonen. Boken er utgitt på Sypress forlag i 1998.
Nøtter

1 Hvem er dette?
2 Hvem var Georg Sverdrup?
3 Når skal det nye lønns- og personalsystemet (LØP) sparkes
i gang?
4 Hvem blir museumsdirektør for Universitetets kulturhistoriske museer?
5 Hva står forkortelsen NNR for?
Svar
1 Gunnar Flåtten, administrativ leder ved Institutt for musikk og
teater
2 Stortingspresident, representant på Eidsvollforsamlingen i 1814 og
Norges første universitetsbibliotekar
3 1. september
4 Egil Mikkelsen
5 Norgesnettrådet
Logg inn for å kommentere