Eit brot med masseuniversitetet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 1999


Arild Tjeldvoll:

- Dette er ei dristig og spennande programerklæring som ber bod om eit systemskifte. Den erklærar eit brot med masseuniversitetsutviklinga. Det er konklusjonen til professor i pedagogikk, Arild Tjeldvoll, etter at han har gått gjennom treårsplanen til rektor Kaare R. Norum.

- For meg som forskar på universitetsutvikling blir dei neste tre åra ein gyllen sjanse til å observera eit eineståande eksperiment frå orkesterplass, konstaterer Tjeldvoll. Men han spår ein hard kamp når det blir gjort eit val om kva fag som Universitetet i Oslo ikkje skal tilby undervisning i i framtida.

- Eitt viktig kriterium for kva fag som bør takast vare på, må vera deira internasjonale status innan grunnforsking, sidan Norum ser denne som sjela til universitetet. Eit anna kriterium kunne vera: For kva fag kan høgskulane sannsynlegvis gjennomføra utdanninga like bra som universitetet? Viss UiO skal slankast ved å avskalla fag, kan me jo spørja: Treng UiO eigentlig UV-fakultetet? Då ei rekkje amerikanske kvalitetsuniversitet for 10-15 år sidan måtte rasjonalisera, var "graduate schools of education" blant dei første faga som blei flytta til collegenivået, minnest Tjeldvoll.

Talentfulle, ambisiøse og arbeidssame studentar

- Kva universitet ville me få då?

- Då trur eg me får auka søking av dei talentfulle, ambisiøse og arbeidssame studentane. Grunnen er at den komande akademiske arbeidsmarknadsutviklinga vil føra til at dei er meir tende med utdanning frå ein kvalitetsinstitusjon, enn frå ein statleg høgskule der det faglege personalet ikkje sjeldan er usynleg i internasjonale fagtidsskrift. Dersom Norum klarar å styrkja arbeidsforholda for dei beste forskarane, så vil det avgjort føra til at kvaliteten blir heva, seier Tjeldvoll.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 1999

Publisert 10. feb. 1999 17:02 - Sist endra 1. sep. 2014 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere