- Du må prioritera mellom prioriteringane, Norum!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 1999


Tidlegare rektor ved UiTø, Narve Bjørgo:

- Skal Kaare R. Norum klara å gjennomføra alt dette, vil han trengja tre gonger tre år i rektorstolen. Det slår tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, Narve Bjørgo, fast etter at han har lese gjennom treårsplanen til rektor Kaare R. Norum.

Av Martin Toft

- Eg vil aller først gi Norum honnør for ein frisk og god tale og viljen til å innta ei optimistisk haldning i staden for å klaga og syta, som så mange universitetsrektorar har gjort tidlegare. Dersom nokon har føresetnader for å gjennomføra dei tiltaka som blir nemnde i planen, er det nettopp Norum som med sin joviale stil kan klara det, understrekar Narve Bjørgo, som i dag er professor ved Historisk institutt ved Universitetet i Bergen. Frå 1985 til 1989 var han rektor ved Universitetet i Tromsø, og deretter frå 1991 til 1993 var han administrerande direktør for det tidlegare Noregs allmennvitskaplege forskingsråd (NAVF).

Meir beskjeden

Han synest planen til Norum saknar ei ordentleg prioritering blant dei tiltaka han ynskjer å setja i verk.

- Han burde nok ha vore meir beskjeden i høve til alle dei oppgåvene som står og ventar på han. Difor bør han no begynna å prioritera innanfor prioriteringane sine, slik at han kan bruka arbeidskrafta og handlekrafta på eit par hovudoppgåver i staden for å famna altfor vidt slik som denne treårsplanen gjer, meiner Bjørgo, som også ser klart at Norum har sett seg ein del viktige mål.

MEIR BESKJEDEN: Kaare R. Norum burde nok vera meir beskjeden i høve til alle oppgåvene som ventar på han, meiner tidlegare Tromsø-rektor, Narve Bjørgo.
(Foto: Magnus Vabø, Universitetet i Bergen)
 

- Det er tydeleg at han er overtydd om at Universitetet i Oslo har for mange studentar. Norum vil ha mobilitet der UiO stabiliserer seg på eit lågare studenttal. Men samtidig legg han vekt på kor viktig universitetsverdiane er for samfunnet. Difor trur eg ikkje han vil at det samla talet på universitetsstudentar skal gå ned. Men kvar skal dei studera når både NTNU i Trondheim, Universitetet i Tromsø og Universitetet i Bergen alle saman er sprengde av for høge studenttal? spør Bjørgo.

Han resonnerer seg sjølv fram til svaret.

Nye universitet i Noreg

- Konsekvensen av dette er at Norum som rektor ved Universitetet i Oslo må gå inn i diskusjonen om det skal opprettast fleire universitet i Noreg eller om me framleis skal oppretthalda den rigide arbeidsdelinga mellom universitet og høgskular som me har i dag. Til skilnad frå den gongen Universitetet i Tromsø blei grunnlagd, treng me ikkje lenger byggja eit universitet opp frå grunnen. Det som trengst er å oppgradera ein del av dei eksisterande høgskulane. Dette er ein debatt som vil koma i løpet av kort tid. Min spådom er at innan ti år vil Noreg ha eit par nye universitet, seier den tidlegare universitetsrektoren. Han er heller ikkje overtydd om klokskapen i å lata UiO gi frå seg enkelte fagområde til andre universitet og høgskular.

- Det er svært radikalt å opna for ei slik frådeling i universitetssektoren. Men fenomenet arbeidsdeling har faktisk stått på programmet i 50 år, og ei rekkje innstillingar er skrivne utan at noko skjedde før Noregsnettrådet blei oppretta for to år sidan. Difor synest eg det er merkeleg at Norum godtar Noregsnetttanken, men ikkje Noregsnettrådet, seier Bjørgo, som trur det blir vanskeleg å forsvara punktet om at færre lærarar automatisk ville gi både betre lærarar og eit betre universitet.

Betre løn og innføring av åremålsstillingar

- I dag er det jo for få lærarar i høve til studentmengda. Difor vil det ikkje vera mogleg å redusera talet på lærarar utan å redusera kvaliteten på undervisninga. Her burde UiO-rektoren gått inn i problemstillinga og funne ut korleis til dømes betre løn og innføring av åremålsstillingar kanskje kunne gitt betre universitetslærarar, seier Bjørgo før han til slutt understrekar kva posisjon Universitetet i Oslo har i det norske universitetssamfunnet.

- Det er lenge sidan Universitetet i Oslo har stått så sentralt i den universitetspolitiske debatten som no. Det viktige forholdet mellom universitetet som institusjon og samfunnet rundt er Norum svært oppteken av. Difor skal det bli spennande å fylgja med i rektorperioden hans, meiner Bjørgo.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 1999

Publisert 10. feb. 1999 17:02 - Sist endra 1. sep. 2014 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere