- Norum må krevja meir pengar, ikkje færre studentar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 1999


Studentrepresentantane i Kollegiet:

- Universitetet i Oslo må få like mange kroner for kvar student som Universitetet i Bergen. Difor må Norum krevja meir pengar og ikkje færre studentar. Det meiner dei to studentrepresentantane i Kollegiet, Tine Lillemoen Asklund og Christoffer Wiig.

Dei viser til at Universitetet i Oslo i dag får 44 000 kroner for kvar student medan Universitetet i Bergen får 58 000 for kvar student.

- Me vil sjølvsagt ikkje at UiB skal få mindre pengar enn det får i dag, difor vil me at Regjeringa skal løyva meir pengar til UiO slik at det kjem opp på nivået til UiB, seier Asklund og Wiig. Dei er samde med Norum i at studenttalet ved UiO er høgt, men dei vil ikkje bruka same framgangsmåten for å få ned studenttalet.

- Det kan ikkje gjerast før talet på studieplassar på populære fag som helsefag, sjukepleie og lærarutdanning ved høgskulane blir auka. Før det skjer, meiner me at alle som vil studera ved UiO skal få lov til det, ikkje minst sidan det viser seg at 80 prosent av studentane kjem frå Austlandet, understrekar Asklund og Wiig.

 {short description of image}
MEIR PENGAR: Universitetet i Oslo må få like mykje pengar for kvar student som Universitetet i Bergen, meiner studentrepresentantane i Kollegiet, Christoffer Wiig og Tine Lillemoen Askulund. (Foto: Ståle Skogstad)

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 1999

Publisert 10. feb. 1999 17:02 - Sist endra 1. sep. 2014 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere