NORAD gir 10,5 millionar til Etiopia-avtale

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 1 1999


Samarbeidsavtalen mellom Institutt for menneskerettar og Institutt for statsvitskap (PSIR) ved Addis Abeba University har fått 10,5 millionar kroner frå NORAD. Pengane skal brukast til å gjennomføre eit fem år langt forskings- og undervisningsprogram.

ETIOPIA-PENGER: Forskar Kjetil Tronvoll er glad for pengene fra NORAD. (Foto: Ståle Skogstad)

Av Martin Toft

- Avtalen går ut på å finansiera forsking på fleire sider ved det etiopiske samfunnet. Me skal sjå på landets politiske utvikling, forholda til dei etniske og politiske minoritetane, føderalisme og konstitusjonalisme, forholdet mellom staten og det sivile samfunnet, kjønnsskilnader og konfliktstudiar. Det seier forskar Kjetil Tronvoll ved Institutt for menneskerettar. Han har vore ei av dei viktigaste drivkreftene for at avtalen til slutt kom i stand. Tronvoll blei kontakta av Utanriksdepartementet etter at han hadde leia ei gruppe med observatørar under parlaments- og provinsvalet i 1995 og skrive ein kritisk rapport om gjennomføringa av valet.

Premissleverandørar om menneskerettar

- Då spurte dei meg om eg kunne tenkja meg å greia ut eit prosjekt som skulle sjå nærare på demokratisering og menneskerettar i Etiopia. Eg kom då med framlegg om at eit slikt prosjekt måtte knytast fagleg opp til Institutt for menneskerettar som i samarbeid med eit etiopisk universitet kunne engasjera nasjonale forskarar og studentar i prosjektet slik at dei seinare kunne bli premissleverandørar om menneskerettar til politikarane. Dette framlegget fekk eg gjennomslag for, fortel Tronvoll, som seinare brukte halvtanna år på å oppretta kontaktar i Etiopia. Til slutt fall valet på Institutt for statsvitskap ved Addis Abeba University.

 

Manglar faks og kopimaskin

- Dette er eit institutt som har opplevd svært vanskelege tider. Fire professorar fekk sparken etter å ha kritisert styresmaktene i 1994. I dag deler dei 15 fagleg tilsette ei datamaskin, og dei manglar både faks og kopimaskin. Til saman har instituttet 300 studentar. Avtalen med Universitetet i Oslo inneber at dei no også kan kjøpa inn datamaskiner, telefaks og kopimaskin, fortel Tronvoll, som skal fungera som koordinator for den norske aktiviteten under prosjektet. Pengane skal dessutan finansiera deler av to doktorgradsstipend ved Addis Abeba University. I tillegg skal det betala for Master of Art- studiet for fleire studentar ved dette universitetet. Pengeløyvinga frå NORAD skal dekkja opphaldsutgiftene for forskarar ved dette universitetet som vil fylgja det internasjonale Master of Art-programmet ved Institutt for menneskerettar. Ei heil forskarstilling ved Institutt for menneskerettar blir også oppretta med pengar frå Etiopia-avtalen.

Norske studentar til Etiopia

- Avtalen gjer det også mogleg å senda norske forskarar på feltstudiar i Etiopia. Sosialantropologi-, statsvitskap og jusstudentar som kan tenkja seg å skriva hovudfagsoppgåve eller doktorgradsavhandling om eit tema frå Etiopia, bør difor ta kontakt med Institutt for menneskerettar, oppmodar Tronvoll.


Ein landsby utan menn

Kva skjer med ein etiopisk landsby, når kanskje dei fleste menn mellom 18 og 45 år er mobiliserte for å delta i konflikten mot Eritrea? Vil kvinnene overta det tradisjonelle mannsarbeidet? Det er to av spørsmåla sosialantropolog Kjetil Tronvoll ved Institutt for menneskerettar ynskjer å finna svar på gjennom forskingsprosjektet han nettopp har sett i gang i ein landsby i Tigray, like ved grensa mellom Etiopia og Eritrea.

Prosjektet er ein del av eit større prosjekt som det Nordiska Afrikainstitutet i Uppsala og London School of Economics har sett i gang for å laga ein teoretisk modell over kva fylgjer politiske vedtak får for grasrota i tre forskjellige afrikanske land.

Omorganisering av landsbyen

- Hypotesen min er at hushaldet må omorganiserast, og det vil også få fylgjer for heile landsbylivet. Sidan kvinnene ikkje har høve til å gjera alt det arbeidet mennene tidlegare gjorde, blir rolla deira omdefinert. Pløyinga skjer med oksar, og det er tradisjonelt berre mennene som får lov til å bruka dyra. Difor trur eg at kvinnene anten kjem til å samarbeida med nabofamiliar, slekt og venner, eller set unggutar under 18 år til å gjera dette arbeidet, fortel Tronvoll. Han trur konflikten med Eritrea også vil påverka landsbylivet på andre måtar.

- Ja, hæren vil koma til å krevja ein stor del av matproduksjonen og dessutan vil folk måtta betala ein ekstraskatt for at dei etiopiske styresmaktene skal kunna finansiera konflikten som dagleg kostar mellom 3,5 og 7 millionar kroner. Mennene som tidlegare ofte hadde lønsarbeid i Eritrea, kan sjølvsagt heller ikkje halda fram med det når dei er mobiliserte i hæren. Alt dette vil påverka organiseringa av hushaldet i landsbyen, og vil truleg føra til ein ny produksjonsmodell. Sannsynlegvis vil kvinnene organisera eit mellombels kollektiv, så lenge mennene er engasjerte i konflikten, trur han.

Slektskapsforeining

Folkegruppa som bur i Tigrayprovinsen tilhøyrer Den koptiske kyrkja som blei grunnlagd rundt år 370 etter Kristus. Denne kyrkja har ei spesiell slektskapsforeining for medlemane sine.

- Denne foreininga blir kalla for Mahber. Den er i utgangspunktet ei sosial foreining, men under krise eller konflikt blir den også tatt i bruk for å driva økonomisk og sosial støtte for medlemane. Difor vil menn frå andre hushald og landsbyar truleg bli bedne av denne foreininga om å hjelpa kvinnene med pløyinga i dei hushalda og landsbyane mennene har drege i krigen, fortel Tronvoll.

Vil hindra storkrig

Både i Etiopia og Eritrea står det 200 000 soldatar ved frontlinja. Striden står om nokre landsbyar i grenseområdet. Begge landa har kjøpt nye våpen for 300 millionar dollar. No arbeider både OAU (Organisasjonen for afrikansk einskap) og USA for å hindra at konflikten utviklar seg til ein ny storkrig på Afrikas horn.

- Begge partar har godtatt at FNs kartografiske komité går gjennom grenselinjene som blei trekte i kolonitida for å finna ut kven som har rett til det omstridde området. Dei har også gått inn for å lata spørsmålet bli avgjort av ein internasjonal domstol. Men spørsmål om militær tilbaketrekking og oppattbygging av sivil administrasjon i dei områda som striden står om, er enno ikkje avklart, understrekar Tronvoll.


Fakta om Etiopia:

Innbyggjarar: 60 millionar

Hovudstad: Addis Ababa

Statsminister (regjeringssjef): Meles Zenawi

Religion: Kristendom (koptisk), islam, og animistiske religionar

Språk: Amharisk er hovudspråk (det finst om lag 75 språk i landet)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 1 1999

Publisert 23. feb. 1999 14:42 - Sist endra 1. sep. 2014 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere