Miljø på nettet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 1 1999


Dagleg leiar for Miljøforum, Thor A. Thorsen. (Foto: Ståle Skogstad)

Lurer du på om forureininga har gått opp eller ned i Oslofjorden dei siste tjue åra eller om det har blitt meir eller mindre luftforureining i Oslo det siste året? Begge desse spørsmåla kan du no få svar på hos Miljøforum på Internett.

Av Martin Toft

Miljøforum er eit samarbeidstiltak mellom Universitetet i Oslo og forsikringsselskapet Gjensidige, som stiller ein eigen miljøbutikk til disposisjon for Miljøforum og den daglege leiaren, dr.scient. Thor A. Thorsen. Målet er at Miljøforum skal takast i bruk av politikarar, styresmakter i stat og kommune, næringslivet, pressa, skular og vanlege folk. Denne nettenesta blei offisielt opna av byråd for miljø og samferdsel i Oslo kommune, Merete Agerbak-Jensen, for to veker sidan. Ho framheva dette tiltaket som eit døme på godt samarbeid mellom universitet og næringsliv.

Storforbrukar

- Universitetet i Oslo har Noregs største samling av forskarar. Som politikar opplever eg mange mytar. No kan eg gå til Miljøforum for å skaffa meg forskingsbasert god kunnskap om dei miljøproblema eg vil må ta stilling til som politikar. Eg kan lova dykk at eg kjem til å bli ein storforbrukar av denne nettstaden, spådde ho.

Framtidsretta tiltak

I helsinga frå UiO trekte prorektor Rolv Mikkel Blakar fram dei positive fylgjene dette kan få for å formidla ny miljøkunnskap til folk.

- Dette representerer eit framtidsretta tiltak som ved hjelp av informasjonsteknologi vil gjera masse miljøkunnskap tilgjengeleg via Internett. Det er flott at Gjensidige set pris på kunnskapen vår om dette emnet og ser nytten av den både for kundane sine og seg sjølv, sa Blakar. Miljøforum har denne internettadressa: www.uio.no/miljoforum/


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 1 1999

Publisert 23. feb. 1999 14:42 - Sist endra 1. sep. 2014 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere