- Gi meir pengar til den frie grunnforskinga!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 1 1999


Rektor Kaare R. Norums bøn til Forskingsrådet:

FORSKINGSRÅDET MÅ ENDRAST: Forskingsrådet må løyva meir pengar til den frie grunnforskinga, meiner rektor Kaare R. Norum.

- Me må saman reisa kampen for den frie grunnforskinga og overtala Forskingsrådet til å setja av meir pengar til dette. Når den eine forskaren etter den andre uttrykkjer frustrasjon over Forskingsrådet, må leiinga forstå at det er ein kritikk dei må lytta til.

Av Martin Toft (tekst og foto)

Det sa rektor Kaare Norum då han på eit leiarmøte tidlegare denne månaden presenterte kva saker han og prorektor Rolv Mikkel Blakar ville prioritera. Norum vil at Forskingsrådet skal satsa like mykje på den frie grunnforskinga som det som blei gjort før Noregs forskingsråd blei oppretta i 1993.

Må påverka Stortinget

- Dette viser at det er behov for ei endring av Forskingsrådet. Det kan me få til ved å bruka stille og forsiktig påverknad overfor Stortinget og ved å halda fram universitetsdebatten i avisene, sa Norum, som også oppmoda forskarar frå det naturvitskaplege miljøet ved universitetet til å søkja den ledige direktørstillinga i programområdet for naturvitskap og teknologi i Forskingsrådet.

Åndeleg Romeriksport

Han tok til orde for å satsa enda sterkare på forskings- og undervisningsmiljøet i Gaustadbekkdalen. Men han var sjokkert over Oslo kommunes reguleringsplan for området, som vil gjera det til eit trafikkryss.

- Planen er at Blinderntunnelen skal gå frå Det teologiske fakultetet i Blindernveien og koma ut under Meteorologibygningen. Alle bilane må då kryssa trikkelinja til det nye Rikshospitalet på Gaustad. Det vil seia at kvart sjuande minutt, må bilane stå i kø for å sleppa trikken forbi. Dette vil bli ein åndeleg og kulturell Romeriksport, utbasunerte han, før han kom med framlegg til korleis dette kunne løysast.

- Me må endra planen slik at Blinderntunnelen kan gå inn ved Sognsveien ved Vestre Aker kirke og koma ut igjen ein stad nærare Ring 3. Viss ikkje det skjer, vil forskings- og undervisningsmiljøet i Gaustadbekkdalen bli øydelagt av trafikk- og miljøproblem, spådde han, og lovde å ta kontakt med Oslo kommune og staten for å finna ut kva som kan gjerast for å få dette til.

Mot detaljerte strategiske planar

Norum stod fast på at han og prorektor Rolv Mikkel Blakar framleis var imot å laga detaljerte strategiske planar.

- Men me vil likevel laga planar, og den første planen for kva me har tenkt å gjennomføra i rektorperioden vår, vil vera klar i god tid før sommarferien, fortalde UiOs nye rektor, som også ville slå eit slag for læringsmiljøet til studentane.

Frederikke må byggjast om

- Kravet frå studentane om eit betre læringsmiljø må bli tatt på alvor. Her må me sjå nærare på studiestrukturen og greia ut om opplegget for doktorgradsstudiet også kan vera ein modell for dei lågare gradane ved universitetet. Samstundes må universitetet krevja at studentane må visa at dei kan avslutta eit studium og vita kva jobbar dei kan få når dei er ferdige med studietida si. Me må dessutan støtta krava til studentane om betre stipend og fleire plassar i studentbarnehagane, oppmoda Norum, før han fortalde universitetsleiarane og studentane kva planar han hadde for studentkantina Frederikke.

- Eg vil flytta Frederikke opp til tredjeplass på prioriteringslista over nybygg og ombyggingar ved universitetet. Det er først og fremst kjøkkenet til Frederikke som har for dårleg kapasitet og i høgste grad treng ombygging, presiserte han.

Mot forgubbing

Både han og Blakar såg med stor uro på at forskarane ved UiO blir eldre og eldre.

- Me to er gubbar mot forgubbing og vil prøva å få til ei ordning med seniorstipend for dei forskarane som ynskjer å slutta før dei eigentleg går av for aldersgrensa. På den måten kan dei ledige stillingane etter dei omgjerast til post.doc.-stipend slik at unge og talentfulle forskarar også kan få sleppa til, understreka Norum. Pressearbeidet skal det satsast enda meir på.

Ingen pressetalsperson

- Det er svært viktig å synleggjera Universitetet i Oslo i mediene. Difor er me saman med informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal godt i gang med å laga eit nytt opplegg for pressehandtering. Det er også grunnen til at eg har gått vekk frå vallovnaden om å tilsetja ein eigen pressetalsperson. Men eg oppmodar alle de som skriv kronikkar og andre innlegg i avisene, om alltid å ta med at de arbeider ved Universitetet i Oslo, sa Norum.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 1 1999

Publisert 23. feb. 1999 14:42 - Sist endra 1. sep. 2014 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere