Fem i farta

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999


No har Kaare R. Norum site som rektor ved Universitetet i Oslo i 120 dagar. Kva synest du om jobben han har gjort så langt?


Wibeche Kloster Holst, vikar i Rekneskapsseksjonen, Sentraladministrasjonen

- Personleg har eg ikkje merka noko til han bortsett frå då han sette i verk ryddedagen. Det var forresten eit veldig positivt tiltak.


Espen Widding, leiar for Studentparlamentet

- Han har hatt eit heilt greitt samarbeid med oss. Ikkje minst har me jobba godt saman om Blinderntunnelen. Elles så synest eg ikkje rekrutteringskampanjen hans har vore særleg studentvennleg. Men eg håpar me kan halda fram og samarbeida om ein del av dei viktige sakene.



Alf Traaen, hovudfagsstudent i idéhistorie

- Me har fått ny PC-stove på idéhistorie, og det lovde Norum oss at me skulle få under rektorvalkampen. Så den lovnaden har han halde. Bortsett frå det, har eg ikkje sett særleg store konsekvensar av valet av han som rektor.


Anne Inger Helmen Borge, førsteamanuensis ved Psykologisk institutt

- Eg er svært positiv til Norum. Frå mitt synspunkt er han interessert i Psykologisk institutts framtid. Derimot saknar eg kvinnestrategien for dei ti neste åra og ein strategi for å skaffe ordentlege husvære til gjesteforskarar og utvekslingsstudentar.
 
 



Vigdis Lauvrak, post doc.-stipendiat ved Biologisk institutt

- Utspelet hans om at universitetet kunne bli eit eliteuniversitet ved å redusera storleiken på det, har irritert meg litt. Eg trur ikkje me får eit betre universitet ved å tilsetja færre unge folk. Då må universitetet samtidig innføra tiltak for å kunna tilsetja fleire unge folk. Eg synest ikkje han har kome med gode nok tiltak til korleis det kan gjerast.




Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999

Publisert 20. mai 1999 14:23 - Sist endra 1. sep. 2014 13:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere