UiO må styrkja forskingsformidlinga

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999


Forskingsformidling må formaliserast slik at det utgjer ti prosent av den årlege arbeidstida til forskarane. Det foreslår eit utval som har greidd ut korleis Universitetet i Oslo kan satsa enda meir på forskingsformidling.

Av Martin Toft

Utvalet, som har vore leia av sosiologen Ragnvald Kalleberg, meiner at ikkje berre forsking, men også forskingsformidling skal ha høg prioritet ved tildeling og omdisponering av ressursar dei næraste åra. Difor foreslår utvalet at forskingsformidling skal utgjera ti prosent av arbeidstida til forskarane, slik at fordelinga blir 40 % forsking, 40 % undervisning, 10 % administrasjon og 10 % formidling. Kollegiet må dessutan fastsetja nærare retningslinjer for vurdering av formidlingsverksemd ved tilsetjingar og opprykk, meiner utvalet. Det peikar også på at dokumentasjonen av den faktiske formidlingsinnsatsen til forskarane og fagmiljøa bør forbetrast radikalt. I tillegg vil utvalet at dei faglege leiarane ved universitetet bør stimulerast til å ta eit leiaransvar for forskingsformidlinga. Utvalet meiner at kvaliteten, oversikten og tilgangen til forskingsformidlinga på web-sidene til UiO bør forbetrast kraftig. Eit anna framlegg som kan få fart på forskingsformidlinga, er å heva summen for UiOs formidlingspris frå 50 000 til 100 000 kroner slik som ved Universitetet i Bergen. Framlegget til utvalet blir no sendt ut til høyring på universitetet, før Kollegiet skal gjera endeleg vedtak i saka.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999

Publisert 20. mai 1999 14:23 - Sist endra 1. sep. 2014 13:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere