Etterlyst: Hundre mill. til brannsikring

Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999


KILER I DØRA: Det er strengt forbode å setja kiler under branndørene, seier brannvernrådgjevarane Heidi Vassbotn og Sigrid Karveit i Teknisk avdeling. (Foto: Martin Toft)

Blokkerte naudutgangar, for få og utette rømingsvegar og trapperom som endar opp i same utgang. Dette er brannfeller som Oslo Brann- og redningsetat og UiOs eigne brannvernrådgjevarar har avdekka på universitetet.

Av Martin Toft

100 millionar kroner vil det kosta å setja Universitetet i Oslo i forskriftsmessig stand brannteknisk. Det har brannvernrådgjevarane Heidi Vassbotn og Sigrid Kartveit i Teknisk avdeling rekna ut.

Sjokkerte over brannfeller

- I løpet av fem år må dei naudsynte investeringane i brannsikring av bygningane til UiO gjerast. All røynsle viser at viss det tar lenger tid, vil det ikkje vera mogleg å få tak i reservedelar for utrangert utstyr. Også brannalarmanlegget til universitetet må skiftast ut, understrekar Vassbotn og Kartveit. Dei er sjokkerte over brannfellene dei har oppdaga etter at dei har tatt inspeksjonsturar rundt på universitetet.

- I Vilhelm Bjerknes´ hus er det berre ein rømingsveg frå lesesalen. Dessutan er alle bygningane av arkitektoniske årsaker lagt i ein U med vindauge mot vindauge. I høgblokkene munnar trapperomma ut i same utgang. I Zoologisk museum fann me ut at ein person hadde kontorplassen sin rett framfor naudutgangen. Dette er klare brot på brannføreskriftene, fortel dei. I Universitetets Aula har dei oppdaga at veggene slår sprekker i naudutgangane. Under den same inspeksjonen oppdaga dei at Aula-loftet var fylt av masse skrot.

Slår kilar inn i branndørene

- Det verste er likevel at folk slår kilar inn i branndørene for at dei ikkje skal gå igjen. Under ein brann ville det ha ført til at all røyken kunne ha spreidd seg fritt gjennom trapperommet. Dessutan blir pumpene til dørene nedslitne.

Dei har også opplevd anna aktløyse ved universitetet.
- Ein gong me gjekk gjennom Frederikkebygningen, stakk me hovudet så vidt inn i kapellet. Då oppdaga me at det brann fire stearinlys der inne utan at nokon var til stades, seier dei og ristar på hovudet.

Be om løyve!

Dei ber no alle som har planar om å ha festar med levande lys om å ta kontakt med dei og be om løyve til det.

- Det er strengt ulovleg å kopla ut brannalarmen. Difor må me få vita om det, dersom nokon har tenkt å bruka brødristar eller vaffeljern i universitetsbygningane. Viss me ser tekokarar som studentar eller andre har plassert i rømingsvegane, vil me konfiskera dei umiddelbart, åtvarar Vassbotn og Kartveit. Dei kan kontaktast på e-postadressene: sigrid.karveit@admin.uio.no og heidi.vassbotn@admin.uio.no eller på telefon 22 85 67 25.

Begge håpar no at universitetsleiinga forstår kor dårleg det står til med brannsikringa.

· Det billegaste for UiO ville vera om det blei løyvd ein fast sum på sju til ti millionar kroner i året til brannalarmar og naudlys.

Ikkje god nok personsikring

DÅRLEG PERSONSIKRING: I Universitetets Aula er rømingsvegen fylt opp med gamle møblar, viser branninspektør Erik Lund i Oslo Brann- og redningsetat. (Foto: Ståle Skogstad)

Også branninspektør Erik Lund i Oslo Brann- og redningsetat er rysta over den dårlege brannsikringa ved UiO.

- Det verste er at personsikringa ikkje er god nok. Anten manglar bygningane rømingsvegar eller så har dei dårlege rømingsvegar, oppsummerer Lund.

Han vil no skriva ein brannsynsrapport til universitetsleiinga. I løpet av ein månad må universitetet gi ei god forklaring på kvifor situasjonen er slik, og kva universitetsleiinga har tenkt å gjera for å utbetra manglane.

- Viss ikkje forklaringa er god nok, kan me i verste fall gi UiO ei mulkt, dagbøter eller stengja bygningar. Men me håpar at det ikkje blir naudsynt.

Tidlegare denne månaden fortalde han universitetsleiinga om den mangelfulle brannsikringa ved universitetet.

Håpar KUF og UiO blir einige

- Det virka absolutt som om universitetsdirektør Tor Saglie forstod kor alvorleg det stod til. Men eg trur heller ikkje at han vil klara å bla 100 millionar kroner opp frå bukselomma. Eg håpar at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) og universitetet blir einige om korleis dei skal skaffa pengar til brannsikringa og korleis dei kan laga ein framdriftsplan for å få retta opp manglane, avsluttar Lund.


Innhold Neste Uniforum nr. 8 1999

Publisert 20. mai 1999 14:23 - Sist endra 1. sep. 2014 13:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere