IBM og universiteta reforhandlar kontrakten

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 1999


LØP-saka:

IBM og universiteta blei denne veka einige om å starta nye kontraktforhandlingar om levering av nytt løns- og personalsystem. Universiteta har tidlegare varsla at dei kunne koma til å seia opp kontrakten.

Av Martin Toft

Tegning av Astrid Aakra

Ei gruppe frå IBM og ei gruppe frå universiteta vil no setja seg ned for å laga eit nytt utkast til kontrakt om levering av nytt løns- og personalsystem (LØP-LP) til Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Det stadfestar økonomidirektør Nils Dugstad som også leiar den lokale styringsgruppa ved UiO. Den opprinnelege datakontrakten hadde ein verdi på 11 millionar kroner, men til no har forsøka på å innføra dette løns- og personalsystemet vore mislukka. Planen var at det skulle ha starta opp ved UiO frå 1. januar i år som siste del av innføringa av eit totalt nytt økonomi-, løns- og personalsystem (LØP) ved dei tre universiteta. Første del av systemet, rekneskapssystemet, blei sett i gang ved UiO rundt 20. januar i fjor. Etter fleire innkjøringsproblem er no dette systemet oppe og går ved Universitetet i Oslo.

Frist til 12. mai

Forhandlingane om å laga ein ny kontrakt om levering av det nye løns- og personalsystemet må vera sluttført innan 12. mai. Då skal ein eventuell avtale leggjast framfor dei tre universitetsdirektørane før leiaren for den nasjonale styringsgruppa for prosjektet, Sverre Spildo, kan setja namnet sitt under kontrakten.

- Dette er absolutt eit steg i riktig retning, seier økonomidirektør Dugstad . I førre nummer av Uniforum forklarte Dugstad misnøyen med løns- og personalsystemet til IBM med at det ikkje har nokon feiltoleranse. Difor vil det ikkje oppdaga at du har mata systemet med feil data før du kjører løn. Då vil det stoppa heilt opp fordi du må retta det opp manuelt. Han trekte også fram at systemet mangla ein tidsakse slik at det ikkje ser skilnad på fortid og framtid. Dugstad viste også til at det hadde vore vrient å knyta lønssystemet saman med personalsystemet. Dersom IBM og universiteta ikkje klarar å bli einige om ein ny kontrakt innan 12. mai, må dei tre universiteta oppgradera sine eksisterande løns- og personalsystem slik at dei kan takla år 2000-problemet.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 1999

Publisert 15. apr. 1999 17:24 - Sist endra 1. sep. 2014 13:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere