- Spar pengar på innkjøp!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 1999


KJØPEKONTRAKTAR: Innkjøpssjef Arild Skramstad oppmodar folk til å bruka Innkjøpsseksjonen når dei skal inngå kjøpekontraktar.

Universitetet i Oslo kan spara ti prosent på innkjøp om alle einingane brukar dei faste leverandørane. Det meiner innkjøpssjefen ved UiO.

Av Martin Toft (tekst og foto)

Årleg brukar UiO 800 millionar kroner på innkjøp av varer og tenester. Arild Skramstad trur det kan sparast mykje pengar på ei betre samordning av innkjøpa.
- Dei som er ansvarlege for innkjøp på universitetet, må bli flinkare til å ta kontakt med Innkjøpsavdelinga slik at me kan hjelpa dei med å setja opp kontraktar og lysa ut tilbodskonkurransar. Han minner om at alle innkjøp på over 150 000 kroner må gå gjennom Innkjøpsseksjonen.

- Dermed kan me spara andre for eit arbeid som me sannsynlegvis gjer langt betre enn dei fleste her på UiO. På denne måten fungerer Innkjøpsseksjonen som brubyggjar mellom universitetet og marknaden, understrekar han. Slike innkjøp skal heller ikkje gjerast før det har blitt gjennomført ein likeverdig konkurranse som tar rundt fire veker. Men heilt andre reglar gjeld for innkjøp på over 1,6 millionar kroner.

- Då gjeld EØS-avtalen som seier at slike innkjøp eller avtalar skal kunngjerast på førehand både nasjonalt og internasjonalt i heile EØS-området. Ei slik kunngjering og ein rimeleg tilbodsfrist går over om lag 60 dagar, fortel Skramstad, som også kjem med eit døme på kor store innkjøp universitetet gjer på eit bestemt område.

- Kvart år kjøper UiO trykkeritenester for mest 20 millionar kroner. Akkurat no held me på med å lysa ut ein eigen tilbodskonkurranse om desse tenestene, seier han, før han legg til at det truleg finst ein eigen serviceavtale for alle dei forskjellige maskinene ved universitetet.

- Tenk deg kor mykje pengar me kunne ha spart om me hadde hatt ein samordna serviceavtale for desse maskinene! utbryt han. Innkjøpsseksjonen held no på å gjera livet litt enklare for dei innkjøpsansvarlege på universitetet.

- Ja, no er me godt i gang med arbeidet med å laga standardiserte kjøpekontraktar. I ein slik kontrakt kan det til dømes stå at me vil ha to års garanti framfor eitt år, at me ynskjer opplæring i samband med at me tar leveransen i bruk og at me krev reservedelar på lager hos leverandør i ti år og kostnadsfri oppgradering av programvare, fortel Skramstad, som oppmodar alle som steller med innkjøp på universitetet om å ta kontakt og i tillegg bruka Leverandør- og avtaleguiden på UiOs heimesider.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 1999

Publisert 11. mars 1999 15:30 - Sist endra 1. sep. 2014 13:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere