I Kviterussland har folk strøymd ut på gatene i hovudstaden Minsk for å demonstrera mot valresultatet som viste at 80 prosent av stemmene hadde gått til sitjande president Aleksander Lukasjenko og rundt 10 prosent til motkandidaten Svetlana Tikhanovskaja, Dei krev at Europas siste diktator, president Aleksander Lukasjenko går av etter å ha sete med makta sidan 1994.
No er det viktig at både akademikarar og studentar frå Universitetet i Oslo og andre norske universitet og høgskular støttar det kviterussiske folket sin kamp mot diktatoren. Dei kjempar alle for rettar og verdiar me ser på som sjølvsagte i landet vårt: Akademisk fridom, pressefridom, ytringsfridom og respekt for menneskerettane. Dessutan krev dei gjennomsiktige og rettferdige val.
Norske akademikarar kan bruka nettverka sine for å byggja opp eit internasjonalt press i akademia til støtte for dei som kjempar imot det kviterussiske diktaturet. Saman kan dei få det internasjonale forskarsamfunnet til å støtta folket i Kviterussland. Samtidig kan universiteta og høgskulane opna for gjesteforskaropphald for forfylgde kviterussiske forskarar i samarbeid med Scholars at Risk.
Kviterusslands president er ein stor skamplett for Europa og bør derfor gi frå seg makta til ein verkeleg demokratisk vald president så fort som mogleg.
Dermed blei det verdas største eksiluniversitetet
Også tidlegare har Aleksander Lukasjenko slått ned på opposisjonelle stemmer både i og utanfor akademia. I 2004 måtte det då tolv år gamle European Humanities Universty flytta frå hovudstaden Minsk til Litauens hovudstad Vilnius. Då hadde det blitt stengt av styresmaktene i Kviterussland. Dermed blei det verdas største eksiluniversitetet. Det har enno ikkje vendt tilbake til Kviterussland, men driv ein svært aktiv politikk for å få vist fram situasjonen i heimlandet både for akademikarar og studentar.
I 2014 var Uniforum på besøk, og då fortalde den administrative leiaren Jurga Mecinskiene, som er litauar, om korleis studentar frå universitetet i 2012 blei tatt med til avhøyr hos politiet i Kviterussland etter at dei hadde deltatt som valobservatørar i samarbeid med EU, Belarus Watch og Det kviterussiske menneskerettshuset. European Humanities University er det einaste kviterussiske universitetet som har slutta seg til prinsippa Bologna-erklæringa og som kan tilby både bachelor- og mastergrad etter europeisk modell.
Både Nordisk Råd og Kunnskapsdepartementet har støtta det private universitetet økonomisk, Det juridiske fakultetet ved UiO har tidlegare stilt seks studieplassar til disposisjon for jusstudentar frå European Humanities University. Noregs riksrevisor Per Kristian Foss har dessutan vore medlem i styret for universitetet. I 2014 sa han til Uniforum at Lukasjenkos regime er steinhardt og at dei trass økonomiske og politiske sanksjoner frå omverda, ikkje såg noko teikn til oppmjuking.
Dette er ikkje eit vaklande regime, konstaterte han då og så la han til.
«– Påvirkning må derfor finne sted på lang sikt. Slik jeg ser det er utdanning av den kommende generasjonen det viktigste man kan gjøre for å fremme en demokratisk utvikling i Hviterussland»
Det er derfor viktig at det kviterussiske folket får internasjonal støtte
Seks år seinare ser det ut om Aleksander Lukasjenkos dagar som president og diktator i Kviterussland kan vera på hell. Og det er nettopp både den yngre generasjonen og dei eldre generasjonane som saman leier protestane mot diktatoren. Det er derfor viktig at det kviterussiske folket får internasjonal støtte.
Om Lukasjenko no overlet landet til sanne demokratiske krefter, kan truleg også eksiluniversitet European Humanities University venda tilbake til eit fritt og demokratisk Kviterussland.
Logg inn for å kommentere