- Alle må med, også samfunnsaktørar utanfor næringslivet

– For tankesmiene har blitt meir ekspertpanel enn grupper der det kan skje ei fruktbar meiningsutveksling mellom folk som kjenner UiO frå heilt ulike sider og som saman kan arbeida i fellesskap for å koma med så gode innspel som råd, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

FAGFOREININGANE MÅ INN:  Uniforum-redaktør Martin Toft meiner at fagforeiningane også må inn i dei fire tankesmiene som skal koma med kortrapportar til universitetsstyret om Strategi 2030.

Foto: Ola Sæther

Arbeidet med å laga ein Strategi 2030 for Universitetet i Oslo er sparka i gang. Leiaren for strategiarbeidet, prorektor Gro Bjørnerud Mo seier til Uniforum at dei vil inkludera alle i dette arbeidet, også personar utanfor universitetssamfunnet.

• Les i Uniforum: Oppfordrar alle til å vera med på å forma framtidas UiO

Den oppfordringa helsar me velkomen, men det ser ut til at i entusiasmen for å få med aktørar utanfor UiO, så har dei gløymt å få med representantar for dei som talar saka til dei tilsette ved UiO. Og aktørane som kjem frå miljø utanfor UiO har nesten alle bakgrunn frå næringslivet eller frå ein tenkjetank som står dagens regjering nær.

Her må det ha skjedd ein glipp hos UiO-leiinga, eller så har dei fått dårlege råd. Det eine dårlege rådet må ha vore at leiarane for tankesmiene, tre dekanar og ein museumsdirektør,  sjølve fekk delegert ansvaret for å plukka ut dei andre medlemane i gruppene.

For hos dei fire tankesmiene som skal laga fire korte rapportar om digitalisering, tunge trendar, koplinga mellom forsking og utdanning og UiO sett utanfrå, er det ingen representant frå dei fire fagforeiningane ved UiO; Akademikarane, NTL, Forskarforbundet og Parat. Derimot er Næringslivets hovudorganisasjon representert med Abelia-direktør Håkon Haugli i tankesmia Tunge trendar. Der sit også Civita-direktør Kristin Clemet og direktør for Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg. Alle er flotte personar å ha med på laget, men det skulle også ha vore plass til personar som representerer dei tilsette i alle desse fire tankesmiene. Dessutan ville det ha gitt meir balanse i gruppa å ha med personar frå Agenda og Manifest også, så lenge Civita er med i denne tankesmia.

Me støttar kritikken frå dei to

Me synest derfor det er heilt på sin plass når NTL-leiar på UiO, Natalia Zubillaga, i eit oppslag i Khrono kritiserer samansetjinga desse tankesmiene har fått. Det same gjer leiaren for tankesmia Manifest, Magnus Marsdal , som i eit innlegg i Uniforum, spør kva eit elitistisk opplegg arbeidet med Strategi 2030 er. I det siste møtet i universitetsstyret var mange av represantantane også kritiske til samansetjinga av tankesmia som blir leidd av SV-dekan Nils Henrik von der Fehr. Me støttar kritikken som har kome fram. UiO-leiinga bør ta den ad notam og tenkja gjennom kva fylgjene blir, om ikkje folk føler at strategiprosessen blir reell og legitim. Kritikken må derfor bli tatt på alvor og UiO-leiinga må kunna gi gode og oppklarande svar til kritikarane sine. Så langt har svara vore lite konkrete og lite sjølvkritiske.

For tankesmiene har no blitt meir ekspertpanel enn grupper der det kan skje ei fruktbar meiningsutveksling mellom folk som kjenner UiO frå heilt ulike sider og som saman kan arbeida i fellesskap for å koma med så gode innspel som råd. Råd om korleis UiO kan vera best mogleg rusta til å gå inn i det neste tiåret. Det felles målet må uansett vera at UiO skal halda fast på posisjonen som Noregs beste og eitt av Europa leiande universitet.

Ei av dei fire tankesmiene skal drøfta temaet UiO sett utanfrå. Den gruppa har paradoksalt nok berre medlemar frå Universitetet i Oslo. Nettopp i den gruppa burde det absolutt ha vore med folk frå andre institusjonar eller organisasjonar, gjerne utanfor Oslo-gryta. Det finst dyktige folk frå institusjonar og museum både i Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger og Kristiansand, som sikkert også kunne ha kome med gode innspel til korleis UiO kan bli endå meir synleg utanfrå.

Kanskje nokre av dei som sit i tankesmia Tunge trendar kan flyttast over til tankesmia UiO sett utanfrå

Ja, om ikkje tankesmieleiar Håkon Glørstad har lyst til å gå utanfor Oslo, kan han ta med Munchmuseets direktør, Stein Olav Henrichsen. Han har klart å lyfta museet ut av skuggen på Tøyen og utvikla spennande og interessante samarbeid mellom Munchmuseet og andre aktørar for å få vist fram korleis kunstmålar Edvard Munch har inspirert andre kunstmålarar både i dag og i tidlegare tider. Også direktør Tone Hansen ved Henie Onstad kunstsenter kan vera eit aktuelt namn. Ja, om ikkje det går, kan kanskje nokre av dei som sit i tankesmia Tunge trendar, flyttast over til tankesmia UiO sett utanfrå. Både Kristin Clemet , Camilla Stoltenberg og Håkon Haugli kunne sikkert ha mykje å bidra med også i den arbeidsgruppa.  

Me oppfordrar alle gruppene til å setja i gang med fellesmøte og andre arrangement om arbeidet med innspela til Strategi 2030 så fort som mogleg. På det viset har tankesmiene Kopling av forsking og utdanning og Tunge trendar allereie rydda veg. Det første debattmøtet er annonsert måndag 11. februar klokka 08.00 i  Realfagsbiblioteket, og det handlar nettopp omkoplinga mellom  forsking og utdanning, medan Tunge trendar ber alle inn til sitt første debattmøte onsdag 27. februar klokka 15.00. Me håpar dei to andre tankesmiene også kjem på bana med debattmøte om Strategi 2030.  

På debattmøta  kan det koma fram ting som tankesmiene eller UiO-leiinga ikkje har tenkt på. Sidan tankesmiene skal levera inn kvar sin rapport allereie den 22. mars, vert det truleg for dårleg tid til å setja inn nye folk. Men hurtigarbeidande komitéar er sette ned før, så det vil truleg heller ikkje vera umogleg å få det til på UiO.

Men då er det viktig at folk mobiliserer og deltar i debatten

Uansett er det svært viktig at alle tilsette og studentar som er interesserte i delta i arbeidet med å bestemma korleis UiO skal sjå ut i framtida, deltar på møta og sørgjer for at dei blir høyrde. På den måten kan det demokratiske underskotet og det som kan kallast for ei uheldig samansetjing av tankesmiene til ein viss grad rettast opp. Men då er det viktig at folk mobiliserer og deltar i debatten.

Me oppfordrar alle til å senda inn debatttinnlegg til Uniforum om prosessen rundt Strategi 2030. Alle har me felles interesse i at Universitetet i Oslo skal bli endå betre og stå godt rusta til å møta utviklinga i forsking og utdanning det neste tiåret. Samtidig skal UiO halda fram som ein god stad å vera både for tilsette og studentar. For å få det til, må alle delta i diskusjonen om korleis UiO skal møta framtida på ein best mogleg måte.

Les meir om Strategi 2030 i Uniforum:

• Les også i Uniforum: Strategi 2030: Hvilket elitistisk opplegg er dette?

• Les også i Uniforum: Hvordan ruster vi UiO for fremtiden?

• Les også i Uniforum: Kom med innspil til et breddeuniversitet i eliteklassen!

 

 

 

 

Emneord: Strategi 2030, Strategisk plan, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 8. feb. 2019 17:45 - Sist endra 8. feb. 2019 17:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere