Baroniet Rosendal får fem millionar til besøkssenter

Hordaland fylkeskommune har løyvd fem millionar kroner til besøkssenteret ved Baroniet Rosendal i Kvinnherad.  – Me er kjempeglade , seier styreleiar og assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen ved UiO til Uniforum.

MILLIONAR TIL BARONIET: Baroniet Rosendal får fem millionar kroner frå Hordaland fylkeskommune og får dermed fullfinansiert besøkssenteret til 25 millionar kroner.

Foto: Ola Sæther

Med løyvinga på fem millionar kroner frå Hordaland fylkeskommune er heile finansieringa av besøkssenteret på plass. Etter planen skal det kosta 25 millionar kroner og stå ferdig til 350-årsjubileet i mai neste år. Tidlegare har både Sparebankstiftelsen, Norsk kulturfond , Kvinnherad kommunes kompensasjonsfond og Universitetet i Oslo løyvd pengar til besøkssenteret. I dag er eigedomsselskapet Bara i Bergen hovudsponsor for Baroniet Rosendal.

 – Skapar stor entusiasme

– Når dei siste millionane no er på plass, skapar det stor entusiasme og glede rundt Baroniet Rosendal og dei oppgåvene og moglege tiltak som desse pengane gir rom for, seier Tove Kristin Karlsen. Ho trekkjer fram arbeidet som styrarparet Anne-Grete Honerød og Reidar Nedrebø har gjort med Baroniet Rosendal.

Kort om Baroniet:

Baroniet Rosendal ligg i Kvinnherad i Hordaland og praktbygningen og slottet Rosendal kan daterast tilbake til 1665. Rosendal blei i 1927 gitt som gåve til Universitetet i Oslo (UiO) og blei inkludert i det nasjonale museumsnettverket i 2004. Baroniet Rosendal har i fleire år markert seg som ein kulturinstitusjon med internasjonal rekkjevidd. I 2009 arrangerte museet 19 konsertar, to teaterframsyningar, ti foredrag, to utstillingar, i tillegg til omvisingar og historisk seminar. (Kjelde: Baroniet Rosendals nettsider)

– Den jobben dei har gjort er heilt uvurderleg. Med eit besøkssenter vil dei og dei andre tilsette ha fleire bein å stå på, understrekar ho.

Styreleiaren vil også gi honnør til styremedlem Egil Myklebust og kultursjef Kristian Bringedal i Kvinnherad kommune.

– Innsatsen deira var avgjerande for at me fekk dei siste millionane frå Hordaland fylkeskommune, er ho overtydd om.

 – Fin inngang til Baroniet Rosendal

– Kvifor er det så viktig med eit besøkssenter ved Baroniet Rosendal?

– Det vil avlasta det gamle og verneverdige slottet. Ein del av sommarkonsertane kan også flyttast dit. I tillegg kan det bli ein fin inngang og introduksjon til resten av Baroniet Rosendal,  trur ho.

Les også tidlegare saker om Baroniet Rosendal:

Baroniet Rosendal får fire millionar kroner i gåve

Ber om mer penger til Baroniet

Stansar anleggsarbeid

Ingen dans på roser

Emneord: Museene, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2014 14:53 - Sist endra 25. feb. 2014 15:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere