Baroniet Rosendal: Ingen dans på roser

Langt inne i Hardangerfjorden i bygda Rosendal i Kvinnherad ligg Universitetet i Oslos mest bortgøymde eigedom, Baroniet Rosendal. I dag er det både Rosendals største turistattraksjon og eit mønsterbruk. Men det har ikkje vore nokon dans på roser å driva eit baroni frå 1665 i 2003, forstår me på baronistyrar Anne Grete Honerød.

ROSESLOTTET: Noregs største samling av roser veks i renessansehagen utanfor hovudbygningen til Baroniet Rosendal.
Foto: Ola Sæther

Det var Edvard Londemann Rosencrone som i 1745 forfatta ereksjonspatentet som gjorde Rosendal til stamhus. Det gjekk ut på at Stamhuset Rosendal skulle fylgja slekta hans så lenge det var ein drope av blodet hans i årene til etterkomarane hans, først menn og så kvinner. Dersom slekta døydde totalt ut i alle ledd og linjer, skulle Rosendal stamhus overtakast av Det kongelige Universitetet i København.

I 1927 skjedde det som ikkje skulle kunna skje. Då overtok Clara Godæken Baroniet Rosendal etter dei tre barnlause syskena sine, Anna, Maja og Edward Weis. Fru Gædeken var den siste stamhuseigaren, og ved eiga lov av 4. juli 1927 blei stamhuset gjort til hennar frie eigedom. Fem dagar seinare oppretta ho eit eige gåvebrev der ho gav heile eigedomen til Det kongelige Frederiks Universitet. Universitetet tok imot gåva og stifta Den Weis Rosenkroneske stiftelse, som i dag har forvaltingsansvaret for Baroniet. Slik blei det som stod i ereksjonspatentet til Eduard Londemann Rosenkrone oppfylt 178 år seinare.

Økonomisk unntakstilstand

I dag er det Anne Grethe Honerød som er dagleg leiar for Baroniet Rosendal. Ho styrer over eit baronimuseum med 10 millionar kroner i driftsbudsjett, med
20 årsverk og med 200 vinterfôra sauer. 10 personar er tilsette på heiltid medan 40 studentar utgjer 10 årsverk i turistsesongen. 7,8 millionar kroner må baroniet syta for sjølv, resten er tilskott frå Staten, Hordaland fylkeskommune og Kvinnherad kommune. I tillegg overfører UiO 500 000 kroner til Den Weis Rosenkroneske stiftelse kvart år. Baroniet har også investert 20 millionar kroner i ulike restaurerings- og museumsutviklingsprosjekt. No kan ho endeleg pusta ut etter at kulturprogrammet for sommaren er over.

- Det ser heldigvis ut som om me kjem i mål i år også. Det har nok dei mange tusen besøkjande vore sterkt medverkande til. Eg håpar verkeleg at prosessen med museumsreforma kan betra situasjonen for oss slik at me får større løyvingar frå Staten. Heilt sidan 1990-talet har institusjonen vore driven i ein slags økonomisk unntakstilstand. Difor er det kvar haust like spennande å sjå om me endar opp med eit budsjett i balanse, fortel Honerød. I Avlsgarden 500 meter nedanfor hovudbygningen har Baroniet Rosendal etablert sin eigen konferanse- og overnattingsstad.

- På den måten kombinerer me behovet for å skaffa oss eigne inntekter
samstundes som tradisjonen med å driva med kunnskapsformidling blir ført vidare, poengterer Honerød.

Fylt med roser

Baroniet Rosendal er eit arkitektonisk meisterverk. Hovudbygningen er eit lite slott, men alle dei arkitektoniske detaljane står så fint til kvarandre
at den har fått status som praktbygning. Byggherren og den første baronen, Ludvig Rosenkrantz, oppførte bygningen i 1665 mellom fjord, fonn og fossefall. Kunsthistorikarar har også hevda at slottet skulle danna ein arkitektonisk heilskap med Malmangernuten, fjelltoppen som reiser seg over bygda Rosendal. Før du kjem opp til hovudbygningen går du gjennom ein 700 meter lang allé som passerer Avlsgarden og blir avløyst av ein romantisk landskapspark før du kjem til parterrehagen, ein 300 år gamal renessansehage fylt med roser. Men hagen skal snart bli like flott som den var før.

- Baroniet Rosendal er godt i gang med arbeidet med å restaurera den gamle urte- og kjøkenhagen som låg her tidlegare. Eit gamalt kart frå 1893, detaljerte plantelister, rekneskapsbøker og brev frå 1850-1920 dannar grunnlaget for rekonstruksjonen. Ut frå plantelister frå Ludvig Rosenkrantz til Edvard Londemann de Rosencrone har museet sin hage- og kulturlandskapskonservator Margunn Eik klart å etablera eit eige 1700-talsfelt, fortel Anne Grete Honerød.

Milliongåve

- Det har me fått til takka vera ei pengegåve på heile 3 millionar kroner frå eigedomsselskapet Bara og direktør Johan L. Galtung Døsvig, legg ho til. - Og det er nettopp inngått ein utvida avtale om ytterlegare 1,5 millionar kroner, opplyser Honerød.

Dersom du blir invitert på Slottsaftan i Den blå salen i dette vesle slottet, kan kjøkensjef Beate Hannisdal tilby deg mange eigenproduserte varer.

- Då kan du få både hjortekjøt, lammesteik, bær, frukt, urter og grønsaker frå UiOs eige gods i Rosendal. Og alt skal vera økologisk dyrka heilt etter i pakt med dyrkingsmåtane frå mønsterbruket til stamhuseigar, Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone. Ynsket er at me skal få klara å få etablert ein eigen lunsjstad slik at kjøkendrifta kan vera med å skaffa inntekter til Baroniet Rosendal, fortel Anne Grete Honerød.

Universitetsstyret hadde det siste møtet sitt på Baroniet Rosendal Avlsgard og Fruehus i september.

- Eg vil oppfordra andre universitetstilsette til å koma hit og ha seminar i vakker natur med innlagde vandringar i det romantiske parkanlegget vårt og med omvising i slottet. Alle universitetstilsette får avslag i prisen om dei overnattar hos oss, lovar ho.

Noregs største private kunstsamling

Dei som tar turen inn i Slottet kan få sjå Noregs største private kunstsamling med verk av I.C.Dahl, Morten Müller, A. Askvold, Edvard Munch og Hans Gude. Eit nydeleg bibliotek, Den raude salen, Den gule salen og Det pompeianske rommet med kunstverk av den dansk-islandske bilethoggaren Bertel Thorvaldsen, står også på programmet under ei omvising i hovudbygningen.

Andsnes og Kråkevik

Om du besøkjer Baroniet Rosendal om sommaren, kan du få sjansen til å høyra pianisten Leif Ove Andsnes spela på Pleyelflygelet frå 1700-talet. Eller kva med ein konsert med Herborg Kråkevik, som sjølv arbeidde som omvisar på Baroniet på 1990-talet. Også dagens samtidskunstnarar er fascinerte av dette godset.

- Franz Widerberg gav oss to av måleria sine som me auksjonerte bort. Dermed blei klokketårnet på Avlsgarden restaurert med nytt tårnur frå Sveits, etter modell av det gamle frå 1800-talet, smiler Honerød.

Men også tidlegare rektorar ved Universitetet i Oslo er glade i Baroniet Rosendal. Når styret for Den Weis Rosenkroneske stiftelse er samla, blir det reine anegalleriet. Der vil du finna både Inge Lønning, Lucy Smith og Kaare R. Norum. Og styreleiarjobben har fungerande universitetsdirektør Inger Stray Lien overtatt etter tidlegare universitetsdirektør Tor Saglie.

- Dette er eit fantastisk styre som me er godt nøgde med, konstaterer Honerød.

(Kjelder: Carsten Hopstock og Stephan Tschudi Madsen: Rosendal. Baroni og bygning, Universitetsforlaget, 1997 og Anne Grete Honerød)

Emneord: Sentrene, Baroniet Rosendal Av Martin Toft
Publisert 19. sep. 2003 14:49 - Sist endra 10. des. 2008 14:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere