Baroniet Rosendal får fire millionar i gåve

Baroniet Rosendal har fått fire millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DnB NOR. – Dette er me kjempeglade for. Det gir oss den startløyvinga me treng for å byggja om driftsbygningen til eit konsert- og teaterlokale, seier styreleiar Tove Kristin Karlsen til Uniforum.

MILLIONGÅVE: Baroniet Rosendal får ei gåve på fire millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DnB NOR.

Foto: Ola Sæther

Baroniet Rosendal i Kvinnherad er eigd av ei stifting knytt til Universitetet i Oslo. Assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen er styreleiar og svært nøgd med pengegåva frå Sparebankstiftelsen DnB NOR.

Me søkte Sparebankstiftelsen om fire millionar kroner og fekk det me bad om. Dette er eit viktig bidrag som vil setja Baroniet i stand til å videreutvikla seg, slik at fleire kan få glede av det fantastiske tilbodet me står for, seier Karlsen. 

Planlegg kultursenter i driftsbygning

Kort om Baroniet

Baroniet Rosendal ligg i Kvinnherad i Hordaland og praktbygningen og slottet Rosendal kan daterast tilbake til 1665. Rosendal blei i 1927 gitt som gåve til Universitetet i Oslo (UiO) og blei inkludert i det nasjonale museumsnettverket i 2004. Baroniet Rosendal har i fleire år markert seg som ein kulturinstitusjon med internasjonal rekkjevidd. I 2009 arrangerte museet 19 konsertar, to teaterframsyningar, ti foredrag, to utstillingar, i tillegg til omvisingar og historisk seminar.

Meininga er at pengane skal brukast som ei startløyving for å få bygd om driftsbygningen på Rosendal Avlsgård til ein fleirbrukssal for konsertar, utstillingar og teaterframsyningar. Etter planen skal den få plass til 350 personar.

Første steg i prosjektet kan gjennomførast ved investeringar i på rundt 10 millionar kroner, seier styreleiar Karlsen. Bidraget frå Sparebankstiftelsen er ei heilt avgjerande grunnfinansiering for opprustinga av Baroniet Rosendal og det unike kulturprogram som det står bak, meiner ho.

Styret vil no arbeida vidare med å sikra resten av finansieringsbehova, og dette arbeidet er allereie i gang.

Vil nå fleire

I ei pressemelding går det fram at målet er å nå fleire, og på den måten vil Baroniet få auka inntektene i betre lokale med større kapasitet, både for publikum og kunstnarar.

Kunstnarane og artistane Leif Ove Andsnes, Solveig Kringlebotn, Sissel Kyrkjebø, Haavard Gimse, Kari Bremnes, Randi Stene, Kjetil Bjørnstad, Herborg Kråkevik, Elizabeth Norberg-Schulz, Anne Grete Preus og Henning Kraggerud er berre nokre få av dei mange som gjennom åra har stått på kulturprogrammet til Baroniet Rosendal.

Kort om Sparebankstiftelsen DnB NOR

Sparebankstiftelsen DnB NOR er landets største stifting. Stiftinga  blei etablert i 2002 som ein fylgje av at Gjensidige NOR Sparebank blei omdanna  til aksjeselskap. Stiftinga deler kvart år ut store midlar, i hovudsak til kulturformål og aktivitetstiltak for barn og unge.

 

 

 

Emneord: Baroniet Rosendal, Kultur Av Martin Toft
Publisert 25. mars 2010 08:14 - Sist endra 25. mars 2010 12:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere