Stansar anleggsarbeid nær Baroniet Rosendal

Fylkesmannen i Hordaland har gitt ordre om full stans i anleggsarbeidet i Muradalen ved Baroniet Rosendal i Kvinnherad, melder NRK. Årsaka er at det ikkje er laga ein reguleringsplan for arbeidet med å oppgradera og utvida Muradalen kraftverk, som ligg i landskapsvernområdet Hattebergvassdraget. Baroniet Rosendal tilhøyrer Universitetet i Oslo.

FULL STANS: Fylkesmannen i Hordaland har gitt ordre om full stans i anleggsarbeidet i Muradalen like ved Baroniet Rosendal.
Foto: Ola Sæther

Leiinga ved Universitetet i Oslo gjekk i 1999 kraftig ut mot planane om ei kraftutbygging i dette området.
Spesialrådgjevar Inger Stray Lien ved UiO er styreleiar for Baroniet Rosendal. Ho er forundra over Kvinnherad Energis framgangsmåte i denne saka.

- Me er overraska over at det går an å gå fram på denne måten. Det har jo heile tida vore intensjonen at det skal lagast ein reguleringsplan, før den endelege avgjerda om utbygging kan takast. Me reknar difor med at Kvinnherad Energi rettar seg etter dagens avgjerd frå Fylkesmannen i Hordaland om å stansa anleggsarbeidet, seier Stray Lien. Difor er ho godt nøgd med miljøvernminister Helen Bjørnøys kommentar til NRK-Dagsrevyen måndag denne veka.

- Ho la også til grunn at føresetnadane for å tillata ei utbygging må vera oppfylte, før anleggsarbeidet kan ta til, peikar Stray Lien på.

Gir ikkje opp

Kvinnherad Energi har likevel ikkje gitt opp håpet om å få halda fram med anleggsarbeidet.

- Me kjem til å formulera eit svar til Fylkesmannen i løpet av dagen, seier administrerande direktør Terje Enes i Kvinnherad Energi til NRK-Hordaland. Han vil ikkje stansa arbeidet med å rydda skog i fjellet bak kraftstasjonen i Muradalen, fordi energiverket har fått løyve til den utbygginga dei no er i gang med av både Miljøverndepartementet og NVE. Kvinnherad Energi er heileigd av Kvinnherad kommune. Kvinnherad Energi har ein frist på tre veker til å anka vedtaket inn for Miljøverndepartementet.

(Oppdatert kl. 18.46)

Emneord: Baroniet Rosendal, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 30. jan. 2007 16:48 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere