Kan endra verdsbiletet vårt

Må standardmodellen for korleis galaksane blei til, reviderast? Førsteamanuensis i astrofysikk, Hans Kristian Eriksen har fått tildelt 1,5 millionar euro frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) for å finna det ut. Han er ein av to UiO-forskarar som har fått Starting Grant frå ERC.  

KRYSSA GRENSER: – Oppgåva vår er å kryssa grenser i vitskapen. Det kan sjølvsagt vera at me konkluderer med at universet ser likt ut i alle retningar og at små variasjonar i bakgrunnsstrålinga ikkje endrar det biletet, seier førsteamanuensis Hans Kristian Eriksen ved Institutt for teoretisk astrofysikk. Han har nettopp fått tildelt 1,5 millionar euro frå Det europeiske forskingsrådet.

Foto: Ola Sæther

For eitt år sidan sende førsteamanuensis Hans Kristian Eriksen ved Institutt for teoretisk astrofysikk inn ein søknad om å få tildelt Starting Grant frå Det europeiske forskingsrådet. Målsetjinga med Starting Grant (StG) er å fanga opp dei fremste talenta i perioden frå avlagd doktorgrad under rettleiing og til fast sjølvstendig forskarstilling. Fredag 15. oktober fekk Eriksen beskjeden om at han hadde fått 1,5 millionar euro (12 mill. kroner) i støtte.

– Gratulerer!

–Tusen takk, seier ein beskjeden, men godt nøgd Hans Kristin Eriksen.

Han fortel at utgangspunktet for forskingsprosjektet i kosmologi som han har søkt om støtte til, var ei oppdaging som blei gjort i 2004.

– Kosmologi handlar om korleis galaksane og dei store strukturane i universet blei til. I dagens standardmodell trur ein at dei gjennomsnittlege eigenskapane til galaksane er like overalt i universet og er bygde opp på den same måten. Det kopernikanske prinsippet seier at jorda heller ikkje er i ein spesiell posisjon.

– I 2004 kom det heilt nye data frå verdsrommet frå Den amerikanske romfartsorganisasjonen (NASA). Då begynte me å studera den kosmiske bakgrunnsstrålinga og fann brått ut at det såg ut som om det var sterkare variasjonar på den eine halvkula enn på den andre. Det vil seia at det var sterkare fluktuasjonar eller strålingsbylgjer i den sørlege himmelretninga enn i den nordlege. Viss det er slik, så er ikkje universet likt overalt, og då må standardmodellen gåast gjennom på nytt.

– Vil kryssa grenser i vitskapen

– Og no skal de forska på om det verkeleg er slik?

– Ja, me vil undersøkja om fundamentet i standardmodellen fungerer, viss det er slik me trur at det kan vera. Forskingsdata vil me få frå observasjonane til Planck-satellitten som Noreg er deltakar i. Me vil analysera alle kjende modellar gjennom nytt datasett for å vurdera alt dette som ikkje har med bakgrunnsstråling å gjera. Prosjektet vårt kan kort skildrast som; High risk, high gain! Og det er det som også er grunnen til at Det europeiske forskingsrådet (ERC) gir pengar til banebrytande forsking til yngre forskarar.

– Oppgåva vår er å kryssa grenser i vitskapen. Det kan sjølvsagt vera at me konkluderer med at universet ser likt ut i alle retningar og at små variasjonar i bakgrunnsstrålinga ikkje endrar det biletet. Eller me kan gjera banebrytande funn som må endra synet vårt på universet. Uansett kva me finn ut, vil det datamaterialet me analyserer frå Planck-satellitten vera nyttige, trur Eriksen.

– Ulike modellar kan skiljast ut

Dersom dei kjem fram til at galaksane er bygd opp på ulikt vis, vil det endra mykje i vitskapen.

– Då kan ein heil klasse med ulike modellar skiljast ut. Og så må modellane gå ned i eit mykje djupare nivå.

Eriksen reknar med å skriva under kontrakten med Det europeiske forskingsrådet den 23. november. Då kan han i første omgang lysa ut to doktorstipend og eit postdoktorstipend. I andre omgang blir det lyst ut to postdoktorstipend til. Tildelinga vil også betala ein del av lønna til Hans Kristian Eriksen som leier forskingsprosjektet. Prosjektet vil koma i gang rett etter nyttår og vil vara i fem år.

– Håpet mitt er å få tak i eit rom der med alle kan sitja saman og jobba rundt eit bort med kvar vår berbare PC. Mi røynsle er at det er den mest effektive arbeidsmåten, seier Eriksen.

Maratontur til intervju

Han søkte om tildelinga for rundt eitt år sidan. Men det var ein del komplikasjonar på vegen.

– I april fekk eg melding om at eg måtte koma meg ned til Brussel for å bli intervjua av ein innstillingskomité. Dit måtte eg koma meg, koste kva det koste ville. Då var flyplassane i Noreg allereie stengde på grunn av vulkanoska frå Island. Flyplassen i Brussel er open, sa dei til meg. Den blei også ganske raskt stengt. Difor sette me oss bilen på laurdag og kjørte til Brussel dit me kom måndag kveld, dagen før eg skulle til intervju. Same kvelden fekk eg beskjed om at intervjuet var avlyst fordi innstillingskomiteen ikkje hadde kome seg fram på grunn av flyforbodet. Så då måtte me kjøra heim att.

– Seinare fekk eg innkalling til nytt intervju i juli, midt i sommarferien. Då flaug eg ned og då blei det ikkje avlyst. Etter ein slik innsats, føler eg at eg fortener å få desse pengane, seier han og smiler.

Kriminologi og farmasi også tildelt EU-pengar

Også professor Katja Franko Aas har fått vita at ho truleg får tildelt Starting Grant-pengar  frå Det europeiske forskingsrådet. Ho kan få 1,3 millionar euro for å forska på asylmottak i tre ulike land. Samtidig har farmasiprofessor Berit Smestad Paulsen fått melding om at ho skal leia eit stort samarbeidsprosjekt med afrikanske forskarar. Heile prosjektet har eit totalramme på 2 millionar euro, medan UiO får 400 000 euro av desse pengane.

Til saman delte Det europeiske forskingsrådet ut 580 millionar euro oppstartspengar til 427 yngre forskarar. Mellom desse var det to forskarar frå UiO.

Stolt UiO-rektor

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er svært nøgd med at desse UiO-forskarane har klart å hanka inn så stor forskingsstøtte frå EU-systemet.

– Det er knytt stor prestisje til desse tildelingane. Noreg har ikkje gjort det særleg sterkt tidlegare, når det gjeld slike tildelingar (Starting Grants). Innsatsen vår for å betre posisjonen vår, gir no resultat, er han viss på. 

– UiO satsar på internasjonalisering, og på denne måten er me med på å henta tilbake EU-kontingenten til Noreg. Dette er også i samsvar med den strategiske planen der me skal styrkja forskinga med EU-finansiering og anna ekstern finansiering.

– Kva vil du seia til desse forskarane?

– Eg vil gratulera både Hans Kristian Eriksen, Katja Franko Aas og Berit Smestad Paulsen med dei tildelingane dei har fått. Og eg vil sjølvsagt også gratulera biologiprofessor Nils Christian Stenseth med det nordiske senteret for framifrå forsking som han fekk tildelt i går. For universitetet vårt er det viktig med ei slik anerkjenning. EU-kontoret til UiO skal også ha masse ære for å det gode arbeidet det har gjort, seier rektor Ole Petter Ottersen på veg til eit møte med European University Association i Palermo i Italia.
 

Emneord: EU, Forskning, Universitetspolitikk, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 21. okt. 2010 20:23 - Sist endra 22. okt. 2010 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere