Vil gi eit anna bilete av romfolket

I morgon, torsdag 8. april blir den internasjonale dagen til romfolket for første gong markert i Noreg. Då opnar Kulturhistorisk museum ved UiO Anne-Stine Johnsbråtens fotoutstilling ”Romfolket i Norge.” – Bileta viser romfolket slik dei ser seg sjølve i daglegliv og fest, seier Johnsbråten til Uniforum.  

ROMFOLKETS DAG: Fotograf Anne-Stine Johnsbråten er glad for at hennar fotoutstilling ”Romfolket i Norge” blir ein viktig del av markeringa av romfolkets dag i Kulturhistorisk museum torsdag 8. april.

Foto: Ola Sæther

Det var i 1971 det amerikanske romfolket vedtok at 8. april skulle vera romfolkets internasjonale dag. I morgon, torsdag 8. april blir dagen altså for første gong markert i Noreg. Det skjer i Kulturhistorisk museum klokka 16.00, og det er organisasjonane Romani Kultura og Den norske rom-foreningen som står bak.

Då blir også fotoutstillinga ”Romfolket i Norge” offisielt opna. Fotografen Anne-Stine Johnsbråten er svært glad for at ho får vist fram bileta sine av romfolkets liv i Noreg i Kulturhistorisk museum.

Møtte romfolk på bensinstasjon

– Det begynte eigentleg som ein del av avhandlinga mi i fotojournalistikk ved Høgskolen i Oslo. Lenge jobba eg også på ein bensinstasjon på Nedre Bækkelaget der personar som tilhøyrde romfolket, stakk innom stadig vekk. Det auka interessa mi for dette folket, og eg hadde heile tida i bakhovudet at eg skulle gjera noko fagleg på dei.

– Det opna seg, då eg var ein av 38 fotografar som våren 2007 fekk stipend frå Fritt Ord til å dokumentera ulike sider av det norske samfunnet. Dermed kunne eg fylgja familien til leiaren for Romani Kultura, Jan Jansen rundt om kring i Noreg, mellom anna på ei reise til Porsgrunn, på pinsemøte og på sjukebesøk på Rikshospitalet, fortel Johnsbråten til Uniforum.

– Viste bilete frå campingtur

For henne var det ikkje vanskeleg å koma inn på romfolket og få lov til å fotografera dei. – Eg kunne visa bilete av min eigen familie på campingtur og bilete frå reportasjeturar til Bangladesh. Dermed hadde me noko til felles, poengterer ho.

Nokre av bileta hennar blei først viste på Henie-Onstad Kunstsenter saman med bileta til dei andre fotografane som hadde fått stipend frå Fritt Ord for å dokumentera Noreg.

– Eg synest det er fint at eg får høve til å visa desse bileta i Kulturhistorisk museum og at dei blir ein del av markeringa av den internasjonale dagen til romfolket. Det set eg stor pris på, understrekar ho.

– Svartmaling av ei folkegruppe

Stensbråten uttrykkjer også det ho vil kalla for rettferdig harme når ho omtalar måten romfolket har blitt omtalt på i norske media.

– Det har stort sett vore svartmaling av ei heil folkegruppe. Det skreiv eg også ei oppgåve om medan eg var student i fotojournalistikk. Norske media har god grunn til å gå i seg sjølv når det gjeld dekninga av romfolket sitt liv og deira gjeremål. Stort sett har det berre vore negative oppslag, sjølv om det også finst mykje positivt å skriva om kulturen deira, slår ho fast.

Vil visa romfolket frå ei anna side

Sjølv blei ho svært godt mottatt då ho drog rundt med familien til Jan Jansen for å dokumentera livet deira i kvardag og fest.

– Det var ikkje måte på kor mykje mat dei ville gi meg og kor opptekne dei var av at eg fekk tatt gode bilete. Difor håpar eg at folk kjem til denne utstillinga for å sjå romfolket frå ei anna side enn den sida media til vanleg presenterer av dei, seier Johnsbråten.

TRADISJONELL MAT: Kvinner frå romfolket serverer tradisjonell mat. (Foto: Anne-Stine Johnsbråten)

Det same håpar Tone Wang som er koordinator for utstillinga ved Kulturhistorisk museum.

Fakta om romfolket i Noreg:

I dag tilhøyrer 700 menneske i Noreg romfolket (sigøynarar). Dei er etterkomarar av dei som kom til Noreg på 1860-talet. Nokre har også kome som flyktningar frå Finland og Bosnia. Forskarar er einige om at dei opphavleg kjem frå India. Utvandringa frå India til Persia skal ha skjedd rundt år 800 e. Kr. Andre meiner at det skjedde meir enn 300 år før Kristus, under Aleksander den stores felttog i området. Romfolket blei forfylgt og truleg blei over ein halv million av dei drepne i konsentrasjonsleirar under Den andre verdskrigen. Berre 12 norske rom overlevde krigen, og den første familien fekk ikkje den norske statsborgarskapen sin tilbake før ”sigøynerparagrafen” blei oppheva i 1956.
Skilnaden på romfolket og den folkegruppa som i Noreg tradisjonelt har blitt kalla for taterar, men offisielt heiter romanifolket, er at taterane tilhøyrer den gruppa av sigøynarar som kom til Europa på 1300-talet og som kom til Sverige og Danmark-Noreg rundt 1500-talet. I Noreg tilhøyrer mellom 5000 og 10 000 personar romanifolket.
(Kjelder: Kulturhistorisk museum, Anne-Stine Johnsbråten og Wikipedia)
 

– For oss er det viktig at me har noko å visa fram frå folk og til folk utanfor museet også. Nyleg stilte masterstudentar i sosialantropologi ut bilete dei hadde tatt på feltstudia sine. Difor synest me det er fantastisk flott at me kan opna dørene for denne fotoutstillinga om romfolket og kombinera det med markeringa av den internasjonale dagen til romfolket. Alle interesserte er hjarteleg velkomne hit for å sjå bileta og smaka på tradisjonelle matrettar og få inn andre delar av kulturen til romfolket, seier Wang.

– Fekk ja frå Kulturhistorisk museum

Medan det er Romani Cultura og Den norske Rom-foreningen som er initiativtakarar til markeringa av romfolket sin internasjonale dag i Noreg, er det Rom-prosjektet ved Skullerud voksenopplæringssenter som organiserer det praktiske.

– Det var me som tok kontakt med Kulturhistorisk museum og spurde om me kunne få ha markeringa der. Og dei sa ja med ein gong, fortel Inger Sigfridsson ved Oslo Voksenopplæring Skullerud.

– Me assisterer også romforeiningane i kontakten med det offisielle Noreg og søkjer dei rette instansane om økonomisk støtte til arrangementet, legg kollegaen Mette Trasti til.

– Romfolket har reist rundt i heile verda og sett at den internasjonale dagen blir markert i fleire land. Det inspirerte dei til å ta initiativet til å etablera den same tradisjonen i Noreg. Dei som kjem til Kulturhistorisk museum, torsdag 8. april kl 16.00 får smaka på tradisjonell mat og høyra på musikk av og med romfolket, lovar Inger Sigfridsson.

Fotoutstillinga ”Romfolket i Norge” vil stå fram til august. Fotograf Anne-Stine Johnsbråtens bilete kan du sjå på annestinefoto.no 

Emneord: Utstillinger, Menneskerettar, Museene Av Martin Toft
Publisert 7. apr. 2010 11:32 - Sist endra 20. jan. 2016 11:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere