Kvotehandel hindrar nasjonale klimatiltak

– Industrilanda skal visa utviklingslanda at det er mogleg å skapa lågkarbonsamfunn. Det skjer ikkje, fordi dei rike landa kjøper opp klimakvotar i fattige land i staden for å setja i verk klimatiltak i eigne land, konstaterer postdoktor Christina Voigt ved Institutt for offentleg rett, UiO.

DYRARE OG FÆRRE: – Klimakvotane må bli langt dyrare og langt færre enn i dag. Då vil det stimulera dei rike landa til å satsa meir på teknologiutvikling i eige land, trur postdoktor Christina Voigt ved Institutt for offentleg rett, UiO.

Foto: Ola Sæther

Det er i artikkelen ”Klimatiltak som rettferdighetsproblem” i boka ”Rettferdighet”, Universitetsforlaget, 2010, postdoktor Christina Voigt stiller spørsmål ved om kor rettferdig det er at dei rike landa kan finansiera klimaprosjekt som vasskraftverk eller vindkraftverk i fattige land, berre for å få trekt frå klimautsleppa i eige land.

– Skulle vera gode rollemodellar

– Meininga var at dei rike landa skulle vera gode rollemodellar for dei fattige landa når det gjeld å byggja grøne samfunn der det blir utvikla ny og berekraftig teknologi. Internasjonal kvotehandel er ein faktor som har ført til at dette ikkje har skjedd, konstaterer Voigt, som også er seniorrådgjevar i Miljøverndepartementet og deltok i Noregs delegasjon på klimatoppmøtet i København i desember.

Christina Voigt ser at i det globale perspektivet er ikkje landegrenser viktige. Klimaet blir forureina uavhengig av kvar forureininga kjem ifrå.

– Etterlyser offentleg debatt

– Men dersom ein tenkjer rettferd, ser biletet heilt annleis ut. Viss ein tenkjer at det må setjast i verk tiltak fort, fordi det er utviklingslanda som også vil merka dei mest alvorlege fylgjene av klimaendringane, er kvotehandel ein effektiv måte å få det gjort på. I praksis fører det i dag til at dei rike landa altså let vera å gjera noko for å få ned klimautsleppa i sine eigne land. Eg etterlyser ein offentleg debatt rundt det etiske perspektivet ved dette, seier Christina Voigt til Uniforum.

Kvotehandel er også ein billeg måte for dei rike landa til å få den nasjonale klimarekneskapen sin til å sjå langt betre ut på papiret.

– Og når dei fattige landa vil setja i gang eigne tiltak, vil det truleg ikkje vera så billeg lenger. Då vil dei rike landa ha brukt opp dei billegaste tiltaka. Dermed må utviklingslanda realisera dyre klimatiltak i sine eigne land. Samtidig er det eit faktum at kvotehandel også genererer pengar til utviklingslanda. – Noreg kan finansiera vasskraftverk eller vindkraftverk i Kina og få dei realiserte på langt kortare tid enn i Noreg. Grunnen er at det ikkje vil vera så mange konfliktar med grunneigarar og verneinteresser som i Noreg. I Kina er det lettare å gjennomføra tiltak, sjølv om det til dømes inneber å flytta bønder vekk frå eit landområde, når avgjerda om bygging først er tatt, slår ho fast.

Noreg har også forplikta seg til å ha klimautslepp frå 2008 til 2012 som ligg 1 prosent over utsleppa i 1990. I 2008 var Noregs utslepp 8,4 prosent over det nivået.
– Viss Noreg måtte oppfylla forpliktingane sine på eige territorium, så ville kostnadene ha vore mykje høgare enn ved bruk av kvotar, konstaterer Voigt.
 

Vil ha dyrare og færre klimakvotar

Ho trur likevel det er ein veg å gå for å koma ut av den vonde sirkelen.

– Klimakvotane må bli langt dyrare og langt færre enn i dag. Då vil det stimulera dei rike landa til å satsa meir på teknologiutvikling i eige land. I neste omgang vil det koma dei fattige landa til gode, trur ho. Mange har kalla klimatoppmøtet i København ein fiasko. Christina Voigt er ikkje einig i det.

– Dei rike landa skal overføra 100 milliardar dollar i året til dei fattige landa frå og med 2020. Pengane skal brukast til reduksjon i klimautslepp og tilpassing til klimaeffektane.

– Er du optimist på vegner av klimaet?

– For meg er det heilt feil ikkje å vera det. København har lagt grunnsteinen for eit langt breiare kompromiss og har gitt ei viktig politisk rettesnor. Det er positivt. Eg må sjå lyset i andre enden av tunnelen, konstaterer ho.

 


 

Emneord: Miljøforskning, Jus Av Martin Toft
Publisert 13. apr. 2010 16:48 - Sist endra 13. apr. 2010 17:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere