Hærverk på Focaults pendel

Vaieren til Focaults pendel i Fysikkbygningen rauk og kula hamna på golvet etter at nokon drog i den. Materialforvaltar Dag Magnus Loose ved Fysisk institutt mistenkjer besøkjande elevar for hærverket.

HAMNA PÅ GOLVET: Kula til Focaults pendel hamna på golvet etter at vaieren rauk på grunn av hærverk. Materialforvaltar Dag Magnus Loose (t.v.) synest det er tragisk Kollegaene hans er einige med han.  

Foto: Francesco Saggio

– Det er flott at skuleelevar er interesserte i Focaults pendel. Men det blir både til stor irritasjon og fører til ekstra arbeid for oss når slikt skjer, seier materialforvaltar Dag Magnus Loose. Det er heller ikkje første gongen dette skjer.

– Det har vore tilfelle tidlegare også. Kula losnar på grunn av at elevane drar i vaieren den heng i. Resultatet er at den hamnar i golvet.

– Går det an å hindra at slikt skjer igjen?

– Me må no prøva å finna ut av det. Så ofte som det skjer no, bør det i alle fall ikkje skje, meiner Loose.

Han oppmodar samtidig lærarar og andre vaksenpersonar som er med elevane å passa betre på at dei ikkje rører installasjonane som dei kjem hit for å sjå på.

– Eg synest det er synd at Focaults pendel ikkje kan få stå i fred.

 

Emneord: Fysikk Av Martin Toft
Publisert 16. apr. 2010 11:47 - Sist endra 16. apr. 2010 11:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere