Draumedag med blod på hendene

Disseksjon av grisungar skal gi elevar i den vidaregåande skulen lyst til å satsa på realfag i framtida. – Å finna ut kor stort tarmsystemet er, var mest interessant, synest David Grahl. – Levra var spennande, seier Silje Fuglerud.

DISSEKERER: Med små, varsame rørsler, undersøkjer elevane dei indre organa i smågrisane.

Foto: Ola Sæther

Begge er elevar i 2. klasse i biologi ved Akademiet videregående skole i Drammen. Det er tredje i året denne klassen drar til Anatomisk avdeling ved Institutt for medisinske basalfag, UiO. Det er så populært at berre dei elevane som satsar på eit yrke innanfor realfag, får bli med.

– Når dei kjem hit, ser dei at både ingeniørar, biologar og IT-folk arbeider saman med medisinarar. Då forstår dei at det går an å jobba i eit medisinsk forskingsmiljø også for dei som ikkje har så gode karakterar at dei kjem inn på medisinstudiet, seier initiativtakaren Cecilie Morland,som er cand.pharm. og doktorstipendiat ved Det medisinske fakultetet.

Med dødsforakt

I disseksjonssalen ligg 15 daude grisungar på eit bord. Etter kvart som dei ulike gruppene byrjar å dissekera den eine grisen etter den andre, blir det færre heile grisungar igjen. Elevane går laus på oppgåva med dødsforakt. Dei er svært nyfikne på korleis dei indre organa i smågrisane ser ut. Etter ei viss nøling kjem dei over den første angsten og set i gang jakta på lungene, hjarta, levra og tarmsystemet til grisane. Med blodraude hender og grøne frakkar, får elevane frå Drammen dratt dei indre organa ut av grisane. To av elevane er Silje Fuglerud og David Grahl.

– Dette er svært viktig for oss fordi me får ta i ein gris og finna ut litt meir om dei ulike kroppsorgana. På skulen blir det aldri tid til å visa dette så grundig som på universitetet, seier dei to til Uniforum.

– Tykkjer de ikkje at det er litt spesielt?

– Den første gongen me skar i ein gris, syntest me at det var litt ekkelt. Det er ulike ting som har interessert dei mest.

OPNAR BUKEN: I fellesskap opnar elevane buken på grisungen. (Foto: Ola Sæther)

– Å finna ut kor stort tarmsystemet er, var mest interessant, synest David Grahl. – Levra var det mest spennande, seier Silje Fuglerud. Så må dei bort til disseksjonsbordet igjen.

– No skal me bryta opp brystbeinet til ein grisunge for å granska lungene og hjarta.

Nyttig lærdom

Biologilærar Ulla Nordgarden synest også det er fint å få høve til å ta med seg klassen på ein fagleg ekskursjon til disseksjonssalen og laboratoria på Anatomisk avdeling ved Det medisinske fakultetet.

– Mange av desse elevane har aldri sett daude dyr før, og heller ikkje deltatt i slakting. Dei har kanskje fiska, men aldri studert organ i ein verkeleg kropp. Difor er det svært nyttig at dei får koma hit for å dissekera grisungar. Dei har gledd seg til det heilt sidan dei begynte i 2. klassen i haust, fortel ho.

– Tykte synd på grisane

– Dei har ikkje frykta møtet med daude smågrisar?

– Til å begynna med tykte dei litt synd på grisane. Men no har dei kome over den første skrekken, seier ho. – Det er fantastisk flott at dei tilsette på universitetet tar imot oss og brukar ein heil arbeidsdag på å gi elevane ei innføring i grunnleggjande biologi, legg ho til.

Det er forresten ikkje heilt tilfeldig at det berre er Akademiet videregående skole i Drammen som har fått denne sjansen.

– Faren min er lærar der, og saman med han tok me initiativet til dette. Alle på laboratoriet er svært positive til det årlege elevbesøket og deltar i arbeidet, fortel Cecilie Morland.

Når elevane kjem, blir dei tatt imot av staben og leiaren, Linda H. Bergersen, som også står for hjernedisseksjonen og fortel korleis undersøking av dyr er viktig for å forstå funksjon og sjukdomar hos menneske. Laboratoriet er ein del av Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap (CMBN), eit senter for framifrå forsking ved UiO.

Professor Jon Storm-Mathisen, nestleiar for CMBN, deltar også i programmet. Men hjerneforskaren blir ikkje med inn i disseksjonssalen. Seinare på dagen, når dei ser på mikroskopiske snitt elevane sjølve har farga, skal han fortelja dei meir om korleis hjernen og nyrene er bygde opp og korleis dei fungerer.

 

FØRSTE GONG: For mange av elevane er det første gong dei ser kroppsorgana i verkelege dyr. (Foto: Ola Sæther)  
Daudfødde grisar

– Smågrisane var anten daude då dei blei fødde, eller blei drepne av grisepurka like etter fødselen. Oppgåva elevane får, er å opna buken på grisen for å finna dei organa som ligg der. Organa til gris og menneske er svært like. Dei skal også opna brysthola og sjå på lungene og hjarta. Så får dei kvar sine sugerøyr for å blåsa opp lungene til grisungane. På den måten kan dei sjå kor elastiske lungene kan bli, fortel Morland. Til saman held dei på i halvannan time på disseksjonssalen.

– Men kvifor tar de dykk tid til dette?

– Det er for å visa desse elevane at biologi er spennande. Dei får eit anna fagleg påfyll enn dei kan få på skulen. Så ser dei også at det er viktig å vera nyfiken, og det er nettopp det som har fått oss til å bli forskarar. Det er utruleg morosamt å bruka

vitskaplege metodar for å finna ut om ein teori stemmer eller ikkje. Og av og til får ein heilt andre svar enn ein hadde venta. Det gir oss også ei stor glede, understrekar doktorstipendiat Morland, som håpar at det vitskaplege engasjementet hennar vil smitta over på elevane.

Viss det skjer, kan me kanskje om eit par år møta desse elevane igjen som studentar ved Universitetet i Oslo.

Bilettekstar:



INSTRUKSJON: To av elevane får vita kva organ dei har funne fram til.
LIK MENNESKE: Grisen og menneska sine kroppsorgan er ganske like, oppdagar også desse to jentene.

 

Emneord: Medisin, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 14. apr. 2010 17:22 - Sist endra 20. jan. 2016 11:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere