– Er UiO ei eiga akademisk stamme?

– Skal den akademiske debatten på UiO haldast internt, medan debatten med kollegaer ved Universitetet i Bergen skal førast eksternt? Då må UiO vera ei eiga akademisk stamme som ikkje tilhøyrer resten av det akademiske samfunnet, sa jussprofessor Jan Fridtjof Bernt under ein debatt om Nedkvitne-saka i går.  

HINDRAR DEBATT: – Viss denne dommen blir ståande, vil mange akademikarar ikkje tora å delta i kritiske debattar internt på universitetet, fordi det då vil bli tolka som at dei ikkje er lojale mot arbeidsplassen sin, meinte jussprofessor Jan Fridtjof Bernt.

Foto: Ola Sæther

I innlegget sitt analyserte jussprofessor Jan Fridtjof Bernt Tingrettens dom mot Arnved Nedkvitne punkt for punkt og konkluderte med at det var heilt umogleg frå ein akademisk ståstad å lata denne dommen bli ståande. Difor har han også rådd til at dommen blir anka, noko Forskarforbundet vedtok å gjera den 18. februar.

Akademisk forum inviterte til debatt om Nedkvitne-saka handlar om ytringsfridom eller arbeidsmiljø. Rundt 100 personar dukka opp. Både leiaren for Akademisk forum, professor i molekylærbiologi, Kristian Gundersen, lokallagsleiar for Forskarforbundet, Eivind Balsvik og jussprofessor Jan Fridtjof Bernt ved Universitetet i Bergen deltok i panelet. Ingen frå universitetsleiinga, fakultetsleiinga på HF eller fagfellar som hadde truga med å melda seg ut av Forskarforbundet, ville delta i debatten, opplyste Kristian Gundersen, før han overlet ordstyrarjobben til filosofiprofessor Camilla Serck-Hanssen.

To heltar og fleire skadeskotne

Ho gav straks ordet tilbake til Kristian Gundersen, som presenterte sitt syn på Nedkvitne-saka.

– Saka handlar om fem ting. Ein kranglefant, dårleg arbeidsmiljø, ressurskamp på historie, personar som er altfor kjenslevare for krenkingar og at universitetsleiinga ynskjer å statuera eit døme. I saka finst det to heltar, nemleg professor Finn Fuglestad og tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad. Samtidig kom både Arnved Nedkvitne, universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og hovudverneombod Mette Børing skadeskotne ut av denne saka, meinte Gundersen.

Han tykte heller ikkje at Arnved Nedkvitne hadde oppført seg særleg eksemplarisk.

– Nedkvitne bidrog ikkje til at arbeidsmiljøet på historie blei betre, men arbeidsmiljøet var dårleg, også før Nedkvitne kom dit. Han var ein vanskeleg person, men han var ikkje den einaste som var vanskeleg, poengterte Gundersen.

– Det er også ganske tydeleg at dei som er hardast i kritikken mot Nedkvitne, representerer moderne historie, medan dei som dekkjer andre delar av historiefaget, har eit mindre kritisk syn på Nedkvitne, tykte han.

– Bakgrunnen for saka var Nedkvitnes oppleving av ikkje å nå fram. Han var opptatt av faget sitt, og når han ikkje fekk ei stor nok budsjettramme, sa han ifrå, konstaterte Gundersen.

– Forskarforbundet tar ikkje stilling

Lokallagsleiar Eivind Balsvik i Forskarforbundet var opptatt av å forsvara avgjerda til fagforeininga om å anka Nedkvitne-saka til ein høgare rettsinstans.

– Det er sjølvsagt trist at medlemar blir forarga på oss og at det får nokon av dei til å melda seg ut. Men det er ikkje Forskarforbundet som går til sak mot UiO. Det er det Nedkvitne og advokaten hans som gjer, slo han fast.

– Forskarforbundet har heller ikkje tatt stilling i denne saka. Om den handlar om ytringsfridom eller arbeidsmiljø, overlet me til retten å bestemma. I ei sak av prinsipiell karakter gir Forskarforbundet full økonomisk støtte til den som er medlem hos oss. Nedkvitne-saka reiser prinsipielle spørsmål som det er viktig å få ei avklaring på i ein høgare rettsinstans, konstaterte Balsvik.

– Dommen kan hindra debatt

Jussprofessor Jan Fridtjof Bernt var aldri i tvil om at Nedkvitne-saka var av ei så stor prinsipiell interesse at den burde ankast til ein høgare rettsinstans.

– Viss denne dommen blir ståande, vil mange akademikarar ikkje tora å delta i kritiske debattar internt på universitetet, fordi det då vil bli tolka som at dei ikkje er lojale mot arbeidsplassen sin. Det er mange grove uttrykk som kan bli brukte i akademiske debattar, både skriftleg og munnleg. Og det er ei akademisk synd. Men det er ikkje opp til ei universitetsleiing, fakultetsleiing eller ei instituttleiing å trekkja grensa for kva ytringar som skal tillatast, understreka Bernt.

Jussprofessoren som stod bak den første universitetslova, tok føre seg fleire av dei ytringane frå Nedkvitne som Tingretten brukte som grunnlag for å koma med ein dom som gav UiO medhald i avgjerda om å seia han opp.

– Faglege og politiske ytringar

– Nedkvitne kritiserer instituttleiaren som fagleg dårleg, og at vedkomande har eit avgrensa interesseområde og har vist lita interesse for hans eige fagfelt. Instituttleiaren har heller ikkje gjort ein god nok jobb, meiner Nedkvitne. Det er ei heilt uproblematisk fagleg ytring, som me må tola i akademia. Der han seinare går inn på hennar klassebakgrunn og skuldar henne og fleire av fagfellane hennar for å tilhøyra eit felles miljø frå Oslo vest, så er det ei politisk ytring.

– På meg verkar det rett nok som om det var ein del av debatten frå 1970-talet, men det er likevel ikkje noko problematisk å seia eller skriva noko slikt.

Så viste Bernt til allmøtet på instituttet, det det hadde falt svært harde ord mot Nedkvitne, for å syna nivået på argumentasjonsen. Visestyraren hadde avslutta møtet med ein politisk påstand om at ”Nedkvitnes sjikanering av kolleger overgår i sjofelhet det meste av det han har skrevet tidligere, og det sier ikke så rent lite. Hans skriverier taler egentlig for seg selv. Men jeg vil gjerne si at hans insinuasjoner om at underskriverne av oppropene [til fagforeningene] for å få satt en stopper for hans nederdrektige sjikane skulle ha økonomiske og karrieremessige motiver for sin underskrift, etter min mening slår det meste”, siterte Bernt.

– Lojaliteten hans må gå til staten

REKORDOPPMØTE: Over 100 personar møtte opp i Akademisk forum for å høyra debatten om Nedkvitne-saka handla om arbeidsmiljø eller ytringsfridom. (Foto: Ola Sæther)

Og så stilte han spørsmål ved om ein fagleg debatt berre skal gå føre seg internt på eit universitet.

– Skal ein slik akademisk debatt berre førast internt på UiO, medan den skal førast eksternt når det er ein debatt med fagfellar ved Universitetet i Bergen? Er ikkje Universitetet i Oslo ein del av den store akademiske arenaen? Er det meininga at UiO skal stå saman mot alle dei andre? Er UiO ei eiga akademisk stamme eller ein del av det akademiske samfunnet? spurde Bernt . Han meinte også at lojaliteten til Nedkvitne verken skulle gå til instituttleiinga eller universitetsleiinga.

– Lojaliteten hans må gå til staten som har bestemt seg for å oppretthalda og finansiera desse institusjonane som me kallar for universitet. Og legitimiteten vår får me nettopp fordi me har akademisk fridom til å kritisera og diskutera alle moglege tema. På same måten har Stortinget legitimitet fordi dei som sit der, fritt kan diskutera alle politiske tema, slo Bernt fast.

For han var det heilt klart at det er andre omsyn som står imot den akademiske ytringsfridomen i denne saka.

– Det er behovet for effektiv leiing og eit godt og trygt arbeidsmiljø. På den andre sida står haldninga om at fred er ei det beste. Og som sagt, så kan grove formuleringar og karakteristikkar vera ei alvorleg akademisk synd, men det er ikkje leiinga ved eit fakultet eller universitet som skal trekkja grensa for ei slik ytring, peika han på.

– Sakshandsamingsfeil

Bernt tykte heller ikkje at kravet om at Nedkvitne skulle dukka opp på møte hos instituttleiinga, var uproblematisk.

– Dei burde i alle fall ha gitt han høve til å ta med seg ein tillitsvald eller ein advokat. Og i ei straffesak har den tiltalte faktisk rett til å nekta å forklara seg både overfor politiet og advokaten sin. Dette er ein alvorleg sakshandsamingsfeil frå Universitetet i Oslos side, meinte Bernt. 
 

Emneord: Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 2. mars 2010 15:05 - Sist endra 2. mars 2010 21:30

Det Bernt siterer om hva visebestyreren sa ved avslutning av det nevnte allmøte, dokumenterer overbevisende at instituttledelsen var helt uskikket til å lede et universitetsinstitutt. Bør få kraftig reprimande fra universitetsledelsen og erstattes med ny ledelse.

Bjørn Christophersen - 3. mars 2010 22:14

Jeg håper Jan Fridtjof Bernt er sitert feil når det står at han har sagt at Nedkvitnes lojalitet måtte være til staten. Vitenskapelige ansattes lojalitet må vel være til forskningen og faget, og ikke til institutt, fakultet, universitet – eller staten. Slik sett må det være legitimt, og etter omstendighetene nærmest påkrevd, for en vitenskapelig ansatt å si fra dersom man for eksempel mener at rammevilkårene for forskning eller fagutvikling er utilstrekkelige. Dette på samme måte som en forsker må gå uredd og uavhengig ut med sine forskningsresultater.

En annen sak (eller en annen side av samme saken) er at en vitenskapelig ansatt som arbeidstaker og kollega bør opptre på en slik måte at man bidrar til et godt arbeidsmiljø, og at man ikke unødig krenker eller sårer andre. Dette har betydning for formen i uttalelsene man som forsker og fagperson kan gå ut med. Dette kan gjerne også kalles en lojalitet, men ikke i den forstand at lojaliteten som ansatt og kollega skal være til hinder for uredde og uavhengige faglige uttalelser. En retningslinje i balansegangen mellom lojalitet som forsker og lojalitet som ansatt og kollega, kan kanskje være at jo sterkere faglig kritikk man går ut med, jo mer vekt bør man legge på å ha en ryddig og skikkelig form.

Det er institutt- og fakultetsledelsens ansvar å reagere dersom en vitenskapelig ansatt opptrer på en unødig krenkende eller konfliktskapende måte, på lignende vis som ledelsen har et ansvar for å ta opp saken dersom en vitenskapelig ansatt ikke oppfyller sin undervisnings- eller forskningsplikt. Det ligger i dette at vitenskapelig ansatte må forholde seg til innkalling til møte med ledelsen hvor slike spørsmål skal tas opp. Beate Sjåfjell

Beate Kristine Sjåfjell - 7. mars 2010 00:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere