Regjeringa utset museumsavgjerd

Regjeringa kjem ikkje til å avgjera plasseringa av nytt kulturhistorisk museum før etter årsskiftet. Det får Uniforum opplyst i Kunnskapsdepartementet.  

UTSET VEDTAK: Regjeringa vil utsetja avgjerda om plasseringa av nytt kulturhistorisk museum til etter årsskiftet. Valet står mellom Bygdøy og Bjørvika. Biletet viser Osebergskipet i Vikingskipshuset på Bygdøy.

Foto: Ola Sæther

Tidlegare i haust la selskapet Metier og Møreforsking fram ein rapport som viste at ei lokalisering av eit samla kulturhistorisk museum på Bygdøy, vil bli 220 millionar kroner billegare enn å byggja eit museum i Bjørvika.

Seinare kom dei med ein tilleggsrapport som konkluderte med at ei delt løysing med vikingskipshus på Bygdøy og resten av Kulturhistorisk museum i Bjørvika ville bli ein halv milliard kroner dyrare enn ei samla lokalisering på Bygdøy.

Varsla vedtak før jul

Den gongen varsla forskingsminister Tora Aasland at regjeringa ville ta den endelege avgjerda før jul. No ser det ut til at den tidsplanen ryk, og difor er den endelege avgjerda no utsett til etter årsskiftet, ifylgje Kunnskapsdepartementet.

Etter nyttår

Medan UiO-rektor Ole Petter Ottersen, museumsdirektør Egil Mikkelsen og Oslo kommune har stått fast på at eit nytt kulturhistorisk museum bør byggjast i Bjørvika, slik den opphavlege planen var, har mellom andre tidlegare HF-dekan Bjarne Rogan gått inn for å plassera heile museet på Bygdøy. No må begge partar altså venta til etter nyttår før regjeringa bestemmer seg.
 

Emneord: Museene, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 10. des. 2009 13:44 - Sist endra 10. des. 2009 14:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere