Ali Khamenei kåra til Årets diktator 2009

Irans øvste leiar, ayatolla Ali Khamenei er blitt utnemnt til Årets diktator 2009. Han vann nettrøystinga blant studentar  på Universitetet i Oslo og BI. Rundt 200 personar deltok då namnet på vinnaren blei kunngjort på Universitetsplassen i ettermiddag.  

ÅRETS DIKTATOR: Irans øvste leiar, Ali Khamenei blir utnemnt til årets diktator 2009 på Universitetsplassen i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Over 5000 studentar frå UiO og Handelshøyskolen BI og ungdommar under 35 år deltok i nettrøystinga for å avgjera kven som skulle bli utnemnd til årets verste despot.

Irans øvste leiar Ali Khamenei fekk tildelt tittelen Årets diktator 2009 for å ha fiksa presidentvalet i Iran, slik at Mahmoud Ahmadinejad kunne halda fram som president i staden for å overlata presidentvervet til motkandidaten Mir Hossein Mousavi. Han styrer også eit land som har dømt over 150 mindreårige til døden. No sit dei i ei celle og ventar på å bli avretta. Dessutan er både kvinnelege og mannlege studentar som deltok under protestane mot valresultatet i juni, blitt både fengsla og valdtekne, blei det opplyst om under kunngjeringa av tittelen på Universitetsplassen framfor Aulatrappa i ettermiddag. Iran har også eit apartheid-styre der kvinner ikkje har same rettar som menn, peika priskomiteen på.
 

UiO-forskarar bak initiativet

Det er professor Nina Witoszek og forskar Mahmood Amiry-Moghaddam frå Universitetet i Oslo som har tatt initiativet til å utropa ein statsleiar til årets diktator dagen før utdelinga av Nobels fredspris. I ein kronikk i Aftenposten i dag viser dei til at dei har funne opp ”Årets diktatorpris” som skal gjevast til dei mest avskyelege forbrytarane mot menneskerettane. Det er eit forsøk på å motverka showsida av politikken og å styrkja engasjementet for fridom blant studentane, skriv dei i avisa.

Dei viser til at det er blitt moteriktig å ha dialog med diktatorar og tyrannar. ”Våre mest briljante politikere er villige til å sette seg sammen med blodige despoter og finne plattform for felles interesser i alt fra økonomisk samarbeid, regional sikkerhet til miljø”, meiner dei.

11 nominerte

Denne gongen hadde dei 11 kandidatar til tittelen Årets diktator, blant dei var Nord-Koreas leiar, Kim Jong-Il. Saman med Zimbabwes president Robert Mugabe og Irans øvste leiar Ali Khamenei låg han heile tida mellom dei tre som fekk flest stemmer. Blant dei andre nominerte var også Sudans president, Al-Bashir, Cubas leiarar, brørne Fidel og Raúl Castro og Eritreas president, Afworki Isaias, men også Italias maktglade statsminister Silvio Berlusconi var mellom kandidatane.
Det var likevel ingen av dei som nådde opp mot Irans øvste leiar, ayatolla Ali Khamenei. Ein komikar utkledd som Ali Khamenei, fekk utdelt prisen på 10 millionar zimbabwe-dollar.

 

Emneord: Menneskerettar, Iran Av Martin Toft
Publisert 9. des. 2009 15:38 - Sist endra 10. des. 2009 09:31

Her er reaksjonen på deres pris til Khamenei på iranskenettsteder

http://balatarin.com/topic/2009/12/9/1003912

 

s141430@hio.no - 9. des. 2009 20:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere