Mobiliserer mot stempling

I november legg eit felles utval for universiteta fram sitt syn på kva som skal til for å ha eit godt nok system for å dokumentera utbetaling av overtid. – Me støttar universitetsleiinga i at stempling er uakseptabelt, seier NTL-leiar Ellen Dalen til Uniforum.  

BRÅK: – Det blir bråk frå dei tilsette om dette systemet blir innført, garanterer NTL-leiar Ellen Dalen.  

Foto: Martin Toft

I eit brev frå Kunnskapsdepartementet 16. februar i år blei universitet og høgskular bedne om at det måtte utviklast løysingar for tidsregistrering for å dokumentera utbetaling av overtid.

Dei fekk tidsfrist til 31. desember i år. Universiteta svara den 7. september med å setja ned eit nasjonalt utval som skal koma med eit felles syn på kravet frå Kunnskapsdepartementet.

Seniorrådgjevar Wenche Hanneborg representerer UiO i utvalet.

Foreslår stemplingsur

Både forskarar og tenestemannsorganisasjonane har reagert kraftig på at Kunnskapsdepartementet, saman med Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Riksrevisjonen, foreslår at stemplingsur kan vera ei tilfredsstillande løysing for tidsregistrering.

To andre alternativ er ein frammøteprotokoll og ei PC-basert elektronisk løysing. Ingen av dei tre løysingane blir godtatt av forskarane og fagforeiningane deira.

– Dei vitskaplege tilsette deler tida mellom undervisning, forsking og administrative oppgåver. Etter innføringa av Kvalitetsreforma har det blitt endå meir undervisning enn før. Det fører til ekstra press på forskinga. Dei har likevel så sterkt kall for å driva forsking at dei held fram med forsking om kveldane, i helgane og i feriane. Det vil difor aldri bli aktuelt å registrera kor mykje dei forskar, seier Ellen Dalen, som er leiar for NTL ved UiO.

Registrerer berre kontortid

Ho meiner at forslaget frå Kunnskapsdepartementet gir eit heilt feil bilete av forskingsverksemda.

– Den registrerer berre når dei tilsette er på kontoret og ikkje kor mykje dei arbeider, peikar ho på. Ellen Dalen er overtydd om at dette er ein del av trenden med ny offentleg styringsmodell, også kjent som New Public Management.

– Både finansminister Kristin Halvorsen og fornyingsminister Heidi Grande Røys har begge lova at det ikkje skal innførast som styringsverktøy på universiteta og høgskulane. Og me har også gitt dei klar melding om at dette ikkje passar hos oss.

Garanterer bråk

– Korleis ynskjer de å jobba for å hindra at det blir innført eit timeregistreringsverktøy?

– Me vil gjerne ha informasjon frå det nasjonale utvalet som universiteta har sett ned, og så vil me jobba overfor Kunnskapsdepartementet. Tankegangen bak innføringa av eit slikt system er at du ikkje stoler på dei tilsette. Dei vitskapleg tilsette har også gjort det klart at dei takkar nei til overtidsbetaling om konsekvensen blir timeregistrering av alt dei held på med.

– Dei vil heller ha tilbake den gamle særavtalen og ein reell rett til å forska i 50 prosent av stillinga si. No bør UiO ta ordentleg til motmæle. For det blir bråk frå dei tilsette om dette systemet blir innført, garanterer Ellen Dalen.

 

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2009 14:11 - Sist endra 7. okt. 2009 14:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere