– Noreg kan mista astronomimiljø

Noreg og Island er dei einaste nordiske landa som ikkje deltar i astronomisamarbeidet til European Southern Observatory. – For ein inngangsbillett på 330 millionar kroner vil Noreg få tilgang til eit av Europas viktigaste grunnforskingsprosjekt og verdas største teleskop, seier astronomen Andreas O. Jaunsen. No fryktar han at fagmiljøet vil forsvinna.

VIL HA NOREG MED: – Dessverre ser det ikkje ut til at Noreg blir med på denne grunnforskingssatsinga, seier astronom Andreas O. Jaunsen, som har vore leiar for Astronomiåret 2009. Han vil ha Noreg med i European Southern Observatory.

Foto: Ola Sæther

Dei siste åra har Institutt for teoretisk astrofysikk hatt tre forskarar med spesialisering innanfor nattastronomi. Det vil seia at dei har forska på stjernehimmelen ved hjelp av observasjonsdata. Det viktigaste arbeidsverktyet deira har vore svære teleskop plassert på fleire av verdas største observatorium.

Dei tre forskarane har alle deltatt i prosjekt i regi av det europeiske astronomisamarbeidet European Southern Observatory. Det har hovudkvarteret sitt i München, medan observatoria ligg i Atacama-ørkenen i Chile. Men observatoria har ikkje store nok teleskop for den astronomiforskinga som skal gå føre seg i framtida. Difor planlegg European Southern Observatory å byggja verdas største teleskop Extremely Large Telescope i Sør-Amerika, på Kanariøyane eller i Marokko. Byggjearbeida skal ta til i 2010.

– Dessverre ser det ikkje ut til at Noreg blir med på denne satsinga, sjølv om det berre ville ha kosta oss 330 millionar kroner i inngangsbillett og 30 millionar i årsavgift åra etterpå. Noreg har i 20 år samarbeidd med dei andre nordiske landa i Nordisk Optisk Teleskop på La Palma på Kanariøyane. Konsekvensen av det bør vera at Noreg trappar opp innsatsen for å kunna markera seg internasjonalt på dette fagfeltet. Både Sverige, Danmark og Finland er blant dei 15 landa som er med i samarbeidet, fortel Andreas O. Jaunsen.

Han har sjølv arbeidd for European Southern Observatory i Chile. Dei to forskarkollegaene hans på instituttet har også hatt lengre utanlandsopphald. No slår Jaunsen alarm om at dei norske forskingsinstitusjonane er i ferd med å tapa eit unikt høve til å delta i ei av dei verdas største satsingar på grunnforsking.

– Ein promille av krisepakka til bankane

– Inngangsbilletten er berre på ein promille av det regjeringas krisepakke til bankane var på. Om eg ikkje tar feil var den på rundt 300 milliardar kroner. Kvart år betaler Noreg 130 millionar kroner for deltakinga i prosjektet rundt Large Hadron Collider ved CERN. Om Noreg melder seg inn i European Southern Observatory, vil norsk industri vera garantert å få kontraktar på levering av utstyr, slår han fast.

– Vil dominera astronomien i framtida

Fakta om European Southern Observatory:
-blei danna i 1962 og er den fremste mellomstatlege astronomiorganisasjonen i Europa
-har 700 tilsette og eit årsbudsjett på 135 millionar euro
-tilbyr forskingsanlegg i verdsklasse for astronomar og astrofysikarar
-hovudkontoret ligg i Garching utanfor München i Tyskland
-har tre svære observatorium i Atacama-ørkenen i Chile, eit av dei ligg 5000 meter over havet
-planlegg å byggja eit Extremely Large Telescope i 2010

(Kjelde: ESOs nettsider)

 

– Det undrar meg at norske forskingsinstitusjonar med opne auge kastar vrak på dette samarbeidet og ikkje fylgjer dei andre nordiske landa inn i prosjekta til European Southern Observatory. Dette prosjektet vil koma til å dominera astronomien i framtida, er han overtydd om. Jaunsen er redd for at Universitetet i Oslo vil mista alle dei tre fagpersonane på dette forskingsområdet, om Noreg ikkje bestemmer seg for å investera pengar i dette grunnforskingsarbeidet.

– I dag er det berre Universitetet i Oslo som har eit forskingsmiljø innanfor astronomi. Om UiO ikkje vil utvida kompetansen til også å gjelda nattastronomi, vil det sjølvsagt kunna vera mogleg å byggja opp eit nytt fagmiljø ved Universitetet i Bergen, i Tromsø eller ved NTNU i Trondheim. Men om regjeringa og Forskingsrådet hadde gitt grønt lys for å melda Noreg inn i European Southern Observatory, trur eg at dagens fagmiljø vil kunna overleva og bli ein del av UiOs etablerte forskingsmiljø. Internasjonalt utgjer nattobservasjonsastronomien den aller største delen av all astronomiforsking, understrekar Andreas O. Jaunsen.

Etter mange år som postdoktor i nattastronomi, med forskingsopphald i utlandet og eitt og eit halvt år som leiar av Astronomiåret, trur han at forskarkarrieren hans er over. – No søkjer eg ledige administrative stillingar ved ulike forskingsinstitusjonar. Det er litt bittert, etter at eg har brukt halve livet på å byggja opp ein forskingskompetanse innanfor astronomi.

–Vil ikkje prioritera dette

Politisk rådgjevar Kyrre Lekve i Kunnskapsdepartementet gir han heller ikkje håp om at Noreg vil delta i dette samarbeidet.

– Dette prosjektet er ikkje prioritert av Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo. Og med knappe ressursar, vil ikkje me prioritera noko som ikkje er forankra i fagmiljøa, seier Kyrre Lekve til Uniforum.

 

 

 

Emneord: Naturfag Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2009 15:52 - Sist endra 3. sep. 2009 09:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere