Ei lykkeleg samanslåing

– Eg er viss på at samanslåinga til eit samla Naturhistorisk museum i 1999 var eit rett val av universitetet. Dette har styrkt musea si stilling ved universitetet og i høve til omverda, seier Elen Roaldset. I mai gjekk ho av etter ti år som museumsdirektør. No skal ho forska og arbeida for nytt veksthus

RETT: – Det var eit rett val av universitetet å slå saman fem museum til Naturhistorisk museum, meiner avgått museumdirektør Elen Roaldset.

Foto: Ola Sæther

Den første oppgåva hennar då ho blei tilsett som museumsdirektør i 1999 var å leia arbeidet med å omgjera fem museum til Naturhistorisk museum. Sjølv om mange av dei tilsette var imot det, synest ho det var ei rett avgjerd.

– Me er no nærare universitetsleiinga, men må jobba meir med å sikra kontakten med institutta ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Eg er også nøgd med at Naturhistorisk museum har fått sitt eige doktorgradsutval, slår Elen Roaldset. fast.

– På det første fellesmøtet var det folk som helsa på kvarandre for første gong, sjølv om dei hadde arbeidd på musea på Tøyen i over 30 år, minnest ho.

Uniforum møter henne ute i Botanisk hage og tar henne først med bort til den blomstrande snømagnoliaen for at me skal få eit best mogleg bilete av henne. Etter ein del obligatoriske poseringar er fotografen nøgd, og me kan gå vidare inn i den restaurerte Tøyen hovedgård. Salen blir brukt til representasjonsmiddagar for Universitetet i Oslo, men har også blitt brukt av regjeringa.

Nøgd med pengar til nytt veksthus

– Eg er også svært glad for at vi no får høve til å få bygt det nye utstillingsveksthuset, og det har våre sponsorar Jens Ulltveit-Moe, Yara og Eckboes legater mykje av æra for. Det er flott at regjeringa har løyvd åtte millionar kroner til prosjektering av nytt veksthus. Det vil seia at me kanskje kan koma i gang med bygginga i løpet av 2010. Det er likevel lite truleg at det vil stå ferdig til 200-årsjubileet til UiO i 2011. Då har eg større tru på at det skal stå ferdig til Botanisk hages 200-årsjubileum i 2014, seier ho. Roaldset vil også understreka at museet er ein forskingsinstitusjon.

– Når eg ser tilbake er eg er svært nøgd over at me har klart å få i gang ei større forskingssatsing i biosystematikk og taksonomi under paraplyen "National Centre for Biosystematics". Også samarbeidsavtalane me har fått med Skog og landskap, Bioforsk og Artsdatabanken er viktige for museet. Me arbeidde for at Noreg skulle bli med i det internasjonale databasenettverket "Global Biodiversity Information Facility(GBIF)". No er NHM nasjonal node med finansiering frå Forskingsrådet fram til 2011, og målet er at noden skal bli permanent, seier ho.

– Fantastiske tilsette

Den avgåtte museumsdirektøren vil først og fremst trekkja fram menneska på museet.

– Det er fantastisk flotte tilsette her, som brenn for jobben sin, og som har eit svært lågt sjukefråvær. Dei klarer å skapa ordentleg blest om det dei arbeider med, anten det er den suksessfulle vandreutstillinga ”Mot naturens orden” om homodyr eller om dinosaurfunn på Svalbard eller den 47 millionar år gamle apefossilen Ida. Ja, eg er sjølvsagt svært nøgd med den fantastiske mediedekninga paleontologen Jørn Hurum fekk for forskinga han og dei andre forskarane hadde gjort på Ida. Det var eit godt døme på glimrande forskingsformidling, tykkjer ho.

Glad for besøk frå Riksrevisjonen

I motsetning til mange andre direktørar i staten er ho svær glad for at Riksrevisjonen har vore på besøk på museet.

– Resultatet blei jo at dei kunne setja makt bak kravet vårt om nye magasin for å ta ordentleg vare på samlingane våre. Det har ført til at Stortinget har pålagt regjeringa ved Kunnskapsdepartementet å ta seg av dette, slik at UiO vil setja i verk dei naudsynte tiltaka. I desse dagar sender UiO ein rapport til Kunnskapsdepartementet med ein plan for eit nytt magasinbygg og behovet for rehabilitering av dei gamle museumsbygningane, fortel ho.

Elen Roaldset hadde ein karriere som geologiprofessor ved NTNU i Trondheim og som forskingssjef for geofag i Norsk Hydro, før ho kom til Naturhistorisk museum som museumsdirektør i 1999. – Tida i Norsk Hydro var mellom det mest spennande eg har gjort i karrieren min, synest ho.

Nær heimplassen

– Kva var grunnen til at du søkte jobben som museumdirektør?
– På spøk sa eg tidlegare mange gonger at det hadde vore den ideelle arbeidsplassen for meg for då ville eg vera svært nær heimplassen min på Ekeberg. Men då stillinga dukka opp, kviskra nokon meg å øyra at eg burde søkja den. Så fekk eg jobben.

– Kan overta Munch-museet

No drøymer ho om at Naturhistorisk museum skal bli endå større.

– Ideen om at me skal overta bygningen til Munch-museet når det flyttar til Bjørvika, er blitt lufta, men noko formelt tilbod har me enno ikkje fått. Sjølv om lokala deira ikkje eignar seg så veldig godt til vår bruk, så kan bygningen brukast til fleire utstillingar til dømes. Tøyen kan med tida bli eit sterkt naturfagleg senter. Og så kan T-banestasjonen skifta namn til Natursenteret – Tøyen, foreslår ho.

– Og kva skal du gjera når du no ikkje lenger er museumsdirektør?
– Eg skal oppdatera meg fagleg innanfor geologifaget, arbeida med ulike forskingsoppgåver, og truleg også ei tid arbeida med den vidare finansieringa av det nye veksthuset Og eg er viss på at etterfylgjaren min, Arne Bjørlykke, vil bli ein god museumsdirektør.

Så må ho hasta av garde for å delta på eit nytt møte om det nye veksthuset.

– Plantar og plantefrø må vera i jorda mange år før veksthuset står ferdig. Det er eit arbeid me må gjera no, seier ho bestemt.


 


 

Emneord: Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 5. juni 2009 15:35 - Sist endra 5. juni 2009 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere