Frå forsking til TV

Filmen om plantelivet og geologien på Hovedøya er kjøpt av TV 2 og skal også visast i ei lengre utgåve på NRK. Mange veit at Petter Bøckman og Cecilie Webb frå Naturhistorisk museum er med i filmen. Det er mindre kjent at det er fjernsynsgruppa ved InterMedia som har laga filmen.  

HJELPER GJERNE: – Me hjelper gjerne andre fagmiljø med å formidla det dei held på med, seier teknisk leiar Per Christian Larsen og  produsentane og regissørane Yvonne Pettrém  og Arve Nordland  ved InterMedia.

Foto: Ola Sæther

– Me hjelper gjerne andre fagmiljø med å formidla det dei held på med, seier produsentane og regissørane Arve Nordland og Yvonne Pettrém og teknisk leiar Per Christian Larsen ved InterMedia. Dei tykkjer filmen om Hovedøya må vera eit godt døme på kva dei klarer å få til.

– Det er klart at me gjerne vil ha vår del av æra for den filmen, seier Arve Nordland. Tidlegare har Pettrém og Nordland i samarbeid med Inge Bryhni ved NHM laga ein film om Malmøya som fleire gonger har blitt send på NRK 1. Nordland fortel at han i 2005 tok initiativ overfor universitetslektor Cecilie Webb ved Naturhistorisk Museum om høve til å laga eit nytt filmprosjekt. Ho tende på ideen og la då fram forslaget om å laga ein film om geologien og plantelivet på ei anna øy i Oslofjorden, nemleg Hovedøya.

Nytt ferdigsstillingsrom

– Me klarte å skaffa rundt 800 000 kroner i finansiering frå Universitetet i Oslo og 100 000 kroner frå Noregs forskingsråd. I tillegg kjem eigeninnsatsen. Til saman har me vel brukt rundt tre år på å laga denne filmen, fortel Nordland. Finpussen av filmen gjorde dei i det nye etterarbeids- og ferdigstillingsrommet eller mastringsrommet dei nyleg har opna i lokala til InterMedia i Forskingsparken.

– Her har me gjort den siste finpussen av animasjonen av dei gamle klosterruinane på Hovedøya. Då brukte me avstøypinga som står mellom ruinane som utgangspunkt. Me har også laga bilete av korleis Hovedøya såg ut i forhistorisk tid. Dessutanhar me lagt på fargar og grafikk og gjort ferdigandre delar av filmen. Det unike er at me tar opp på minnebrikker og har ein såkalla filbasert arbeidsflyt. Resultatet er me svært nøgde med, seier Per Christian Larsen.

Nettstad om Hovedøya

Dei peikar også på andre ting som gjer at prosjektet om Hovedøya skil seg ut.

– Det er laga ein eigen nettstad i samband med innhaldet i filmen. Der finst det over 60 ulike filmsnuttar som publikum kan klikka seg inn på. På Noregs nasjonaldag 17. mai blir ein 25 minuttar lang versjon av filmen vist på TV 2 kl. 17.30. Seinare i vår skal ein meir undervisningsretta versjon visast i to delar på NRK 2. Frå 4.mai vil det vera mogleg å kjøpa filmen på DVD i butikken til Naturhistorisk museum.

– TV 2 kjøpte filmen av oss og dei pengane har mellom anna blitt brukte til å finansiera animasjonar som me har kjøpt frå BBC, fortel Pettrém. Ho trekkjer også fram det gode forholdet til NRK.

– Me har eit nært og godt samarbeid med NRK og eit unikt høve til å kringkasta produksjonane våre gjennom Kunnskapskanalen, NRK. Dette gir også fagmiljøa høve til å nå eit stort publikum, i tillegg til at me også legg programma ut på nett, seier ho.

Den 16. mai klokka 16.45 viser Kunnskapskanalen på NRK 2, filmen ”Ibsen i Sør-Italia,”som også er produsert av Yvonne Pettrém og Arve Nordland.
 

Lagar informasjonsfilm om UiO

I løpet av denne månaden er dei ferdige med ein annan film på sju minuttar.

– Det er ein informasjonsfilm om Universitetet i Oslo. Den skal lagast i både ein norskspråkleg og i ein engelskspråkleg versjon. Så skal den visast for Universitetet i Oslos kontaktar i inn- og utland, fortel Nordland. Dei er klare til å realisere idear til film- eller fjernsynsprosjekt frå alle fagmiljø ved UiO.

– Finansieringa må vera i orden. Me er avhengige av ekstern finansiering. Det er berre lønna vår som bli betalt av UiO, understrekar dei.



 

Emneord: Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2009 11:31 - Sist endra 11. mai 2009 11:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere