Soppsamling utan konservator

I om lag 40 år var Gro Gulden konservator for soppsamlinga til Naturhistorisk museum på Tøyen. Etter at ho gjekk av hausten 2006 har ingen blitt tilsett i stillinga. – Det er tragisk at det skjer akkurat no når Noreg set i gang Artsdataprosjektet, seier Gulden til Uniforum.  

INGEN ARVTAKAR: Pensjonert professor Gro Gulden har enno ikkje fått nokon arvtakar som konservator for soppsamlinga på Naturhistorisk museum. 

Foto: Ola Sæther

Det finst om lag 400 000 eksemplar sopp i soppsamlinga til Naturhistorisk museum på Tøyen. I dei rundt 40 åra professor Gro Gulden var konservator for samlinga, blei alle soppar som kom inn, identifiserte, katalogiserte og systematisk lagd i konvoluttar med den rette latinske nemninga på. Etter at ho gjekk av for aldergrensa i 2006 har ingen overtatt stillinga etter henne.
 

– Ikkje pengar igjen

– Eg blei lova at det skulle tilsetjast nokon etter meg seinast eitt år etter at eg hadde gått av og prosessen var faktisk også godt i gang, heilt til styret for Naturhistorisk museum vedtok å tilsetja folk i dei ledige konservatorstillingane i parasittologi, karplantar og i mineralogi. Då var det ikkje pengar igjen til å tilsetja nokon i den ledige stillinga som konservator i mykologi eller sopplære. Då hadde allereie fleire søkjarar, også frå utlandet, blitt intervjua til denne stillinga, fortel Gulden.

For henne var det eit sjokk, og ho føler at det ikkje finst nokon som kan føra vidare arven etter henne så lenge den ledige konservatorstillinga ikkje blir fylt.

– I verda finst det tre rike for levande organismar: dyreriket, planteriket og soppriket. Dei to første rika har mange konservatorar til å ta seg av samlingane, medan soppriket ikkje har ein einaste konservator, fortel ho.

Trea lever i samliv med sopp

Sjølv er ho svært opptatt og fascinert av soppriket.

– Alle skogdannande tre i Noreg, som til dømes gran, furu, bjørk og eik, er avhengige av sopp og lever samliv med sopp. Røtene deira får vatn og næring gjennom soppen som dei er omspunne med. Dette er ein symbiose, som me kallar for mykorrhiza, etter sopp og rot, fortel Gulden.

Alle verdas museum har prototypar for alle verdas organismar i samlingane sine. Det sikrar at artsnamna er eintydige. Musea skaffar også forskingsmateriale til forskarar verda over, til dømes når DNA skal sekvenserast.

– Det er samlingane som rettferdiggjer eksistensen til musea. Naturhistorisk museum skal først og fremst dokumentera kva som finst av artar i norsk natur. Det er konservatorane som held greie på dette. Det må vera ei vitskapleg leiing av ei samling for å kunna fanga opp ny kunnskap og nye metodar. Viss ikkje, blir desse samlingane berre museumsgjenstandar, seier Gulden.
 

– Ingen å spørja om sopp

Tidlegare i vinter starta miljøvernminister Erik Solheim og kunnskapsminister Tora Aasland Artsprosjektet på Tøyen.

– Målet er er å utforska og kartleggja organismar som ikkje er godt kjende frå før. Alle er einige i at det finst flest ukjende artar innanfor insekta og soppane. Dei som finn desse ukjende soppane, vil ikkje no kunna spørja nokon om det, fordi det ikkje finst nokon konservator som kan gjera den jobben, konstaterer ho.

Instituttstyrar Trond Schumacher ved Biologisk institutt har bede styret for Naturhistorisk museum om å omgjera vedtaket. I tillegg har Gulden fått støtte frå landets soppamatørar. Ho håpar no at styret ser på saka ein gong til.
 

Står på sakskartet

Museumsdirektør Elen Roaldset seier at denne saka også vil stå på sakskartet på styremøtet den 23. april.

– Tilsetjinga av konservator for soppsamlinga blei vedtatt utsett i det førre styremøtet av budsjettmessige årsaker. Styret ville gjerne tilsetja fire konservatorar, men det var berre pengar til tre stillingar. Styret fylgde prioriteringane som var gjorde av fagmiljøet ved museet, seier Roaldset til Uniforum.


 

Emneord: Naturhistorisk museum, Sopp Av Martin Toft
Publisert 25. mars 2009 10:43 - Sist endra 25. mars 2009 12:38

Det at direktøren gjemmer seg bak utsagnet "Styret fylgde prioriteringane som var gjorde av fagmiljøet ved museet" er talende for hvor svak ledelse man har hatt ved NHM. Det har simpelthen ikke vært noe mykologisk fagmiljø ved NHM til å jobbe for konservatorstillingen i mykologi. Når de andre fagmiljøene, som allerede står sterkt, har fått prioritere, er det jo selvsagt at de prioriterer sitt eget fagmiljø. Det er ledelsens ansvar å gripe inn for å unngå slike tilstander og foreta overordnede prioriteringer. Roaldset's utsagn er en gedigen ansvarsfraskrivelse.

Håvard Kauserud - 26. mars 2009 14:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere