Museum blir nytt på nett

Naturhistorisk museum har fått heilt nye nettsider. – For første gong står nettstaden fram som ein heilskap, der omsynet til brukarane våre er det viktigaste, seier webredaktør Torstein Helleve og seksjonssjef Geir Søli.  

NYTT NETT: Webredaktør Torstein Helleve (t.v.) og seksjonssjef Geir Søli viser fram dei nye nettsidene til Naturhistorisk museum.

Foto: Ola Sæther

Begge er sikre på at dei nye nettsidene vil appellera både til skuleelevar og andre besøkjande.

- Høgt besøk

– Me har heile tida hatt eit svært høgt besøk på nettsidene våre, mellom anna på insektssidene som er er unike nasjonalt, og sidene for fossilgalleriet som held eit høgt internasjonalt nivå. Difor har me også mange utanlandske brukarar. Diverre har ikkje dei engelske sidene fått den naudsynte opprustinga enno, men det skal me også klara å få gjort noko med etter kvart, seier Helleve.
 

Starta i 2007

Arbeidet med å laga nye nettsider starta i 2007.

– Då brukte me Netlife Research til å gi oss råd om korleis dei nye nettsidene skulle bli mest mogleg brukarvennlege. Seinare fekk me Jimmy Royal til å ta seg av webdesignet, medan informasjonsarkitektane Even Halvorsen og Tomm A. Eriksen hos USIT gjorde den tekniske tilrettelegginga av den nye nettstaden innanfor systemet Vortex, saman med konsulent Geir Bruskeland, fortel Søli.

- Vil ha betre oversyn

Han er glad for at Naturhistorisk museum no også har på plass ein webredaktør.
– Fordi eg tok til i ei nyoppretta stilling, kunne eg via det aller meste av arbeidstida mi til å flytta det gamle innhaldet over i ny struktur. Undervegs dukka det opp ein del innhald som hadde lege godt gøymd, både på godt og vondt. Den nye strukturen vil ikkje berre gjera det enklare for brukarane våre å finna fram, men me vil òg ha betre oversyn sjølve. Slik unngår me liknande overraskingar i framtida, seier Helleve.

– Me trur også det blir lettare for folk å finna ut når dei ulike arrangementa går føre seg, seier Søli.
 

Emneord: Museene, Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 10. mars 2009 11:55 - Sist endra 10. mars 2009 12:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere