Universitas raser mot redaktørtilsetjing

Universitas-redaksjonen er i opprør mot Studentparlamentets representantar i styret for avisa. Årsaka er at dei med styreleiaren si dobbeltrøyst vedtok å tilsetja Vegard Kvaale som ny redaktør for studentavisa. Kvaale var ikkje innstilt av redaksjonsklubben i avisa, i fylgje klubbleiar Ida Torp Halvorsen. - Dette er eit nytt forsøk på å knebla Universitas, meiner nyhenderedaktør Anne Viken.

MISTILLIT: - Dei 50 redaksjonsmedlemane og medarbeidarane til Universitas krev at Studentparlamentet legg fram eit mistillitsforslag til Universitas-styret, seier nyhenderedaktør Anne Viken.
Foto: Ola Sæther

Måndag formiddag marsjerte heile redaksjonen i Universitas dei 500 metrane frå redaksjonslokalet til Villa Eika for å overrekkja 50 underskrifter i protest mot redaktørtilsetjinga i Styret sist fredag. Dei ville be Studentparlamentet om å presentera eit mistillitsforslag mot representantane sine i styret for Universitas. Dei møtte opne dører og eit lokale som bar tydeleg preg av hard festing i løpet av helga.

Derimot fekk dei ikkje møta leiaren for Studentparlamentet, Eirik Nedrelid fordi han hadde tatt ut to lenge planlagde feriedagar. Han sit også i styret for Universitas og utgjorde saman med styreleiar Vegard Kjesbu og Sanja Kostevska frå Studentparlamentet det fleirtalet som gjekk inn for å tilsetja Vegard Kvaale som ny redaktør i staden for Dag Stian Husby som redaksjonsklubben hadde innstilt.

Grunnen til at Studentparlamentets representantar åleine kunne forma eit fleirtal, var at det ikkje blei kalla inn noko varamedlem for John Olav Egeland som sit som ekstern styrerepresentant. Han hadde nemleg meldt avbod i god tid før styremøtet.

- Omsynslaus avgjerd
Avgjerda fekk tidlegare Universitas-redaktør og styremedlem Bjørn Egil Mikalsen til å trekkja seg frå styret.

- Desse tre studentpolitikarane har tatt ei omsynslaus, historielaus og svak avgjerd. Dei har tilsett ein ekstern kandidat i redaktørstillinga for å byggja bruer mellom Studentparlamentet og Universitas, hevdar dei, men i røynda har dei erklært krig mot heile Universitas-redaksjonen, seier Bjørn Egil Mikalsen til Uniforum.

- Eit slikt styre ynskjer ikkje eg å ha noko meir med å gjera, så difor trekkjer eg meg som styremedlem eit halvt år før eg eigentleg skulle, legg han til.

Nyhenderedaktør Anne Viken forstår ikkje kvifor styret ikkje kunne støtta søkaren som redaksjonsklubben ville ha.

- Kandidaten vår har brei røynsle både frå Adresseavisen, Dagbladet og Universitas. Dessutan har han vore klubbleiar for oss og fronta vårt kritiske syn på den mediepolitiske plattforma som Studentparlamentet er i ferd med å utarbeida. Han som blei tilsett var etter vårt syn ikkje kvalifisert for jobben sidan han manglar leiarrøynsle, meiner nyhenderedaktør Anne Viken, som no leier underskriftsaksjonen mot Studentparlamentets medlemar i avisstyret.

Ein takk for sist

Ho er overtydd om at det ligg gjennomtenkt strategi bak denne avgjerda.
- Eg er ikkje i tvil om at dette er ein takk for sist etter at me protesterte så kraftig mot delar av innhaldet i forslaget til Mediepolitisk plattform for det framtidige Velferdstinget. Dette er eit nytt forsøk frå Studentparlamentet på å få Universitas til å bli talerør for dei og ikkje ei fri og uavhengig studentavis som kan målbera alle studentar sitt syn. Akademia burde vera ein stad der ein forstår kor viktig det er med ytringsfridom i staden for å motarbeida den, understrekar ho.

- Trist og laber stemning

Representantane for Universitas er irriterte over at det ikkje var mogleg å få overrekt protesten til leiaren for Studentparlamentet, Eirik Nedrelid måndag 29. november.
Det siste nummeret av Universitas denne hausten kjem ut onsdag 1. desember.
- Det er ein trist og laber stemning i redaksjonslokala våre no, men me skal likevel laga eit minst like godt nummer som tidlegare, lovar Viken.

Dette er protesbrevet frå Universitas-redaksjonen:

Opprop

Vi beklager på det sterkeste at Universitas-styret i møte fredag 26.11.2004, med knappest mulig flertall, tilsidesatte redaksjonsklubbens enstemmige innstilling om redaktør. Dette overtrampet av medbestemmelsesretten har medført en situasjon vi vurderer som ødeleggende for både Universitas og studentoffentligheten som sådan. Vi ber med dette om at Studentparlamentet snarest fremfører og behandler et forslag om mistillit til Studentparlamentets representanter i det sittende Universitas-styret.

Signert redaksjonsmedlemmer i Universitas

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 29. nov. 2004 13:37 - Sist endra 10. des. 2008 16:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere