UiO satsar på det fleirkulturelle samfunnet

Forskingsprosjektet "Det flerkulturelle samfunn" får status som universitetsstrategisk forskingsprogram ved UiO. Det vedtok Universitetsstyret denne veka. Satsinga vil kosta rundt 27 millionar over fem og eit halvt år. Prosjektet "Barndom og oppvekst " var med i finalen, men blei slått i innspurten av "Det flerkulturelle samfunn."

LEIER FORSKINGSPROSJEKT: Thomas Hylland Eriksen skal saman med Knut Kjeldstadli leia prosjektet "Det flerkulturelle samfunn".
Foto: Ståle Skogstad

Det er professorane Thomas Hylland Eriksen frå SV-fakultetet og Knut Kjelstadli frå HF-fakultetet som er prosjektleiarar for "Det flerkulturelle samfunn." Programforslaget deira blei plukka ut som vinnar i sterk konkurranse med prosjektet "Barn og oppvekst" med Vibeke Grøver Aukrust frå UV-fakultetet som prosjektleiar.

Fire kandidatar

Det strategiske universitetsprogrammet er ein del av rektoratet sitt ynskje om å stimulera til humanistisk og samfunnsfagleg forsking.

Ei eiga styringsgruppe, leia av prodekan Are Stenvik ved Det juridiske fakultetet, plukka i første omgang ut fire moglege satsingsområde. I tillegg til dei to som kom til finalen, var det eitt prosjekt om demokrati og styring og eit anna om globalisering og utvikling. Styringsgruppa plukka til slutt ut "Det flerkulturelle samfunn" og "Barn og oppvekst" som dei klart beste prosjektforslaga. Deretter blei begge programnotata grundig vurderte av seks ekspertar på høgt internasjonalt nivå. Dei er alle leiande fagpersonar frå Sverige, Danmark, England og USA. Begge prosjekta fekk ei svært positiv vurdering.

Klage

Styringsgruppa ville likevel rå til at Universitetsstyret bestemte seg for å velja prosjektet "Det flerkulturelle samfunn." som UiOs strategiske satsing for åra 2004-2009. Det gjorde Universitetsstyret, som dermed ikkje tok omsyn til klagen frå forskarane bak prosjektet "Barn og oppvekst".

Dei meinte dei hadde vore utsett for ein uklar og lukka søknadsprosess. Dei bad difor Styret om å lata vera å ta stilling til kva prosjekt som skulle plukkast ut, og heller ta initiativ til ein fornya og meir open vurderingsprosess. "Dersom Universitetet skal ha tverrfakultære satsninger av denne type, er det viktig at prosessene som fører fram til utvelgelse har høy legitimitet og at konkurransevilkårene er klare og utvetydige," står det i fråsegna frå denne forskargruppa.

Blant underskrivarane er universitetsstyremedlem Harriet Bjerrum Nielsen. Sidan ho var ugild, deltok ho ikkje i sakshandsaminga då styret diskuterte denne saka. Andre underskrivarar er forskarane Vibeke Grøver Aukrust, Svein-Aage Christoffersen, Ivar Frønes, Hanne Haavind, Ingrid Markussen og Kirsten Sandberg.

Emneord: Forskning, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. juni 2004 14:38 - Sist endra 10. des. 2008 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere