Putin heidrar Jan Ivar Bjørnflaten

Russlands president Vladimir Putin har heidra professor Jan Ivar Bjørnflaten med medaljen "Til minne om St. Petersburgs 300-årsjubileum." Bjørnflaten er professor i slaviske språk ved Universitetet i Oslo.

RUSSISK HEIDER: Professor Jan Ivar Bjørnflaten er heidra med medaljen "Til minne om St. Petersburgs 300-årsjubileum."
Foto: Ståle Skogstad

Grunngjevinga for å gi han denne medaljen er den nøkkelrolla han har spela i etableringa av Det norske universitetssenteret i St. Petersburg.

Også utanriksminister Jan Petersen og journalist Peter Normann Waage i Dagbladet var blant dei ni norske mennene som fekk tildelt denne medaljen. Dessutan fekk også russarar som deltok i forsvaret av Leningrad, dei som budde i Leningrad under kringsetjinga og dei som arbeidde bak fronten under Den andre verdskrigen tildelt denne medaljen. Nordmennene fekk tildelt medaljen i ein seremoni i Russlands ambassade tidlegare denne veka.

Emneord: Forskning, Priser Av Martin Toft
Publisert 14. mai 2004 11:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere