Ingen forskarar var imot rasehygiene før 1930

Dei fysiske antropologane i Noreg var ueinige om ideen om den nordiske rasen skulle brukast som argument for rasehygiene. Men dei delte synet på at det eksisterte eit rasehierarki. Det konstaterer stipendiat Jon Røyne Kyllingstad ved Forum for universitetshistorie.

SKALLEMÅLING: Ein forskar måler skallen til ein pasient. Omslagsfotografiet til boka "Kortskaller og langskaller."

Frå 1890-1940 føresette alle dei fysiske antropologane i at det var ein hierarkisk orden av ulike rasar der den nordiske rasen trona på toppen. Enkelte brukte dette som argument for å driva med rasehygiene av den nordiske rasen. Først omkring 1930 blei det vanleg å stempla dette som ideologi og ikkje som vitskap. Det slår Jon Røyne Kyllingstad fast i boka "Kortskaller og langskaller" som nyleg er gitt ut på forlaget Scandinavian Academic Press.

Boka gir eit nærbilete av den fysiske antropologien i Noreg og striden om det nordiske herremennesket. Han tar utgangspunkt i den svenske forskaren Anders Retzius´ teori om at den ariske rase kunne delast i to, germanarar og slavarar.

Den germanske rasen

- Retzius meinte at han kunne påvisa at dei slaviske folka opphaveleg hadde hatt korte skallar, medan germanarane hadde vore langskalla. Seinare hevda tyske og sveitsiske forskarar at dei kunne påvisa ein germansk langskalletype i sørtyske og sveitsiske jernaldergraver.

- I 1867 utvikla den tyske antropologen Hoelder denne teorien vidare og meinte å kunna påvisa at ein mennesketype prega av lange skallar, stor kroppshøgde og lys pigmentering var dominerande i Skandinavia, dei anglosaksiske delane av England og dei germanske delane av Tyskland. Denne mennesketypen fekk namnet den germanske rasen. Det sentrale området for denne mennesketypen var i Skandinavia, og den blei også kalla for den nordiske rasen, fortel Kyllingstad.

Selde samiske skjelett

I boka fortel han korleis den fysiske antropologien ved Det Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania tok skikkeleg av etter at Anatomisk institutt fekk skjelett frå ei rekkje arkeologiske utgravingar. Instituttet kom blant anna i kontakt med forretningsmannen Andreas Nordvi på Mortensnes ved Vardø. Han reiste rundt og samla inn skjelett frå eldre samiske graver på Finnmarksvidda. Desse selde han blant andre til Det Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania.

- Den første profesjonelle utøvaren av faget i Noreg var Carl Oscar Eugen Arbo, medan frilansforskaren og skribenten Andreas. M. Hansen gjorde denne forskinga kjent for eit større publikum. Både Arbo og Andersen la viktige premiss for den forskinga ekteparet Alette og Kristian Emil Schreiner og militærlegen Halfdan Bryn dreiv med etter den første verdskrigen, fortel Kyllingstad.

Strid om den nordiske rasen

Det viktigaste funnet han har gjort, er korrespondansen som påviser den faglege usemja mellom ekteparet Schreiner og militærlegen Bryn.

- Halfdan Bryn var ein internasjonalt og nasjonalt anerkjent vitskapsmann på 1920-talet. Han hadde eit stort internasjonalt kontaktnett og var blant anna preses for Det Kgl. Norske Videnskapsselskap i Trondheim. Samtidig pleia han kontakten med den tyske vitskapsmannen Hans F.K. Günther, som var kjent som ein av dei fremste ideologane for teoriane om den nordiske raselæra og seinare erklærte seg som nazist. Bryn blei sterkt påverka av Günther og blei også ein talsmann for dyrkinga av den nordiske rasen, seier Kyllingstad. Dette blei tatt ille opp av ekteparet Schreiner.

- Ja, dei meinte at han ikkje hadde noko vitskapleg grunnlag for raseteoriane sine og hadde blanda saman vitskap og ideologi. Medan ideane om raseteoriane blei mindre og mindre godtekne i Noreg, blei dei meir og meir aksepterte i Tyskland.

- Bryn gjekk til dømes inn for apartheid mellom rasane i USA. Og han var sterkt imot blanda ekteskap mellom nordmenn, kvenar og samar. Han meinte at dei to siste gruppene tilhøyrde lågareståande folkegrupper som ville døy ut av seg sjølv. Difor var han også imot den offisielle norske fornorskingspolitikken, fortel Kyllingstad.

- Blei truleg aldri nazist

Bryn og ekteparet Schreiner hadde tidlegare samarbeidd om eit stort kartleggingsprosjekt blant norske rekruttar. Då funna skulle analyserast gjorde dei bruk av den same vitskaplege empirien til å konstruera motstridande vitskaplege sanningar.

- Det var det som fekk ekteparet Schreiner til å stilla spørsmål ved den vitskaplege statusen til Bryn og dei ideane han stod for, peikar Kyllingstad på. - Men sjølv om den tyske raseideologen Günther prøvde å overtala Bryn til å erklæra seg som nazist, så døydde han i 1933 sannsynlegvis utan å ha tatt denne oppfordringa til fylgje, legg han til.

-Ingen var imot ideen om rasehygiene

Han viser til at Alette og Kristian Emil Schreiner var godt omtykte som fagfolk i det norske vitskapsmiljøet. Saman med zoologen Kristine Bonnevie, medisinaren Otto Lous Mohr og psykiateren Ragnar Vogt var dei sentrale i Norsk forening for arvelighetsforskning. Dei var blant Noregs fremste forskarar i celleforsking og genetikk, og dei gjekk alle til kraftig åtak på boka "Rasehygiene" av den norske rasehygienikaren og venstremannen Jon Alfred Mjøen, då den kom ut i 1914.

- Men ingen av dei var imot ideen om rasehygiene. Dei tok derimot eit klart standpunkt mot det vitskaplege grunnlaget for det rasehygieniske programmet til Mjøen, som heller ikkje fekk vera med i foreininga deira. Likevel let dei Halfdan Bryn, som stod for mange av dei same ideane, vera medlem. Mjøen hadde derimot ein viktig posisjon i Den internasjonale foreininga for rasehygiene (IFEO) og difor ville ikkje Kristine Bonnevie og Ragnar Vogt vera med. Etter at striden med ekteparet Schreiner kom til eit klimaks, melde Bryn seg ut, og inn i IFEO, der altså Mjøen var ein sentral figur, fortel Kyllingstad.

Han meiner dette tyder på at fagmiljøet ikkje tok klar avstand frå ideen om ein nordisk eliterase, i alle fall ikkje før på slutten av 1920-tallet.

- Eit godt døme på det er at dei let Bryn vera medlem i Norsk forening for arvelighetsforskning trass i at han stod for akkurat dei same ideane om rasehygiene som Mjøen.

SKALLEMÅLING: Ein forskar måler skallen til eit forskingsobjekt. Fotografi frå boka.

Emneord: Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2004 16:54 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere