UiOs menneskerettspris til israelsk og palestinsk hjelpekorps

Kollegiet ved Universitetet i Oslo har i dag, tysdag 8. mai, vedtatt at "Universitetet i Oslos pris for menneskerettar - Lisl og Leo Eitingers fond" for 2001 skal gå til Israelsk Raude Davidsstjerne (Magen David Adom of Israel, MDA) og Palestinsk Raude Halvmåne (Palestine Crescent Society, PRCS).

Dei to organisasjonane får prisen for den eineståande humanitære innsatsen dei har gjort og gjer under den aktuelle konflikten i Midtausten, melder nettutgåva til UiOs internavis Uniforum.

Dei arbeider side om side på vegner av humaniteten på tvers av skiljelinjene i ein brutal konflikt med djupe røter. Priskomiteen viser til at både Israelsk Raude Davidsstjerne og Palestinsk Raude Halvmåne har hatt mange åtak på kjøretøya sine, men trass i dette held dei fram med den humanitære innsatsen sin.

I grunngjevinga frå komiteen om kor godt samarbeidet mellom dei to organisasjonane fungerer, blir det vist til ein episode frå oktober i fjor der det blei gitt førstehjelp til ti israelske soldatar og den palestinske sjåføren deira etter ei trafikkulykke der Palestinsk Raude Halvmåne var først på ulykkesstaden og arbeidde side om side med Israelsk Raude Davidsstjerne for å hjelpa dei skadde. Israelsk Raude Davidsstjerne har på si side hjelpt Palestinsk Raude Halvmåne med medisinske forsyningar og sikra passasje for humanitær hjelp til dei palestinske områda. Dei to organisasjonane formaliserte dette samarbeidet i ein avtale frå 21. desember 2000, og har etablert regelmessig kontakt på høgt nivå for å kunna hjelpa kvarandre i vanskelege situasjonar.

Ikkje fulle medlemar av Raudekrossen

Begge dei to foreiningane har i dag ein spesiell status innan Raudekross/Raude Halvmåne-rørsla, ettersom dei ikkje er fulle medlemar av International Federation of Red Cross and Red Crescent Societies. Når det gjeld Palestinsk Raude Halvmåne, skuldast dette at Palestina ikkje er ein anerkjent stat; noko som er ein føresetnad for å kunna etablera ein formell nasjonal Raudekross-/Raude Halvmåneforeining.

Sidan den israelske organisasjonen brukar ei raud davidsstjerne som symbol, og sidan dette ikkje er anerkjent av verdas statar som eit verneemblem med omsyn til Genèvekonvensjonane, er heller ikkje Israelsk Raude Davidsstjerne fullt medlem. For tida blir det arbeidd i eit samspel mellom statar og Den internasjonale Raudekrossen for å løysa dette spørsmålet.

Prisen er på 10 000 kroner og blir delt ut fredag 5. oktober.

Emneord: Priser Av Martin Toft
Publisert 8. mai 2001 10:18 - Sist endra 10. des. 2008 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere