Hastverksavgjerd skadar universitetsdemokratiet

– Me legg oss ikkje bort i ei vurdering av klokskapen i avgjerda om å investera pengar i  OsloMets avis Khrono. Men me er opptekne av at avgjerda skal ha legitimitet og forankring i dei styrande organa ved Universitetet i Oslo, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft i eit svar til UiO-rektor Svein Stølen.

YNSKJER ANNA HANDSAMING: – Avgjerda om å løyva pengar  frå rektorreserven til OsloMets avis Khrono, burde ha blitt handsama både i Uniforum-styret og i Universitetsstyret, synest Uniforum-redaktør Martin Toft.

Foto: Ola Sæther

Når det hastar å få ting gjennom utan å invitera til vanleg akademisk debatt, går det som regel gale. Det har skjedd i hasteavgjerda til rektor Svein Stølen om å ta pengar frå rektors reserve og gi dei rundhanda til OsloMets avis Khrono i staden for å satsa på Universitetet i Oslos eiga uavhengige avis, Uniforum. 

Me tvilar på om det hadde vore så enkelt å få gjennom ei løyving frå rektors reserve til eit framifrå fagområde  på ein konkurrerande institusjon for at det skulle bli endå betre. Då ville rektor truleg ha satsa pengar på det tilsvarande fagområdet ved UiO for at det skulle kunna bli like godt og helst betre enn fagområdet på den andre institusjonen. Uansett måtte saka ha blitt handsama etter føreskriftene i dei styrande organa ved Universitetet i Oslo. 

Likevel er ei slik avgjerd noko som bør gå gjennom dei styrande organa ved Universitetet i Oslo

I leiarkommentaren viste eg til at avgjerda om å ta pengar frå rektorreserven og gi dei til nettavisa Khrono ikkje er handsama  etter vanlege universitetsdemokratiske prosedyrar.  For før saka blei offisielt kjent, blei Uniforum-redaktøren orientert på eit møte med rektor Svein Stølen og andre frå rektoratet saman med universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og styreleiar for Uniforum og Apollon, Fanny Duckert.  Då var avgjerda allereie tatt, og det var ikkje rom for meir diskusjon. Og som rektor Svein Stølen heilt korrekt peikar på, orienterte han også Uniforum-redaksjonen om avgjerda si dagen etter at han hadde orientert redaktøren.

Likevel er ei slik avgjerd noko som bør gå gjennom dei styrande organa ved Universitetet i Oslo.  Då er det ikkje nok å drøfta saka med dekanane på eit dekanmøte og få tilslutnad frå dei. Dekanmøtet er ikkje noko offisielt avgjerdsorgan ved UiO.

No blei universitetsstyret til slutt orientert, men det skjedde ein time før UiO skulle senda ut ei pressemelding om at UiO ville forhandla med OsloMet-storbyuniversitetet om å involvera seg i nettavisa Khrono. Saka stod dermed heller ikkje oppført i dei offisielle styrepapira før møtet starta. Om den hadde gjort det, ville sjølvsagt Uniforum også ha vore til stades for å høyra på kva kommentarar styremedlemane hadde til  rektorvedtaket om å involvera seg økonomisk i Khrono og bruka pengar frå rektors reserve.

Då hadde det også vore meir enn nok tid til å handsama saka både i Uniforum-styret og i Universitetsstyret

I svaret frå Svein Stølen går det også fram at Uniforum skal gå gjennom ei evaluering i løpet av hausten og at det vil koma eit nytt styre frå nyttår. Den beste framgangsmåten ville dermed ha vore å ha venta med eit slikt vedtak til etter at rapporten frå evalueringa var klar. Då hadde det også vore meir enn nok tid til å handsama saka både i Uniforum-styret og i Universitetsstyret. Det trur eg både rektor Svein Stølen, Universitetet i Oslo og Uniforum hadde vore tente med. Me legg oss ikkje bort i ei vurdering av klokskapen i avgjerda om å investera pengar i  OsloMets avis Khrono. Men me er opptekne av at avgjerda skal ha legitimitet og forankring i dei styrande organa ved Universitetet i Oslo. Det er eit ynske som  me er visse på at me deler med heile universitetssamfunnet. 

   • Les også i Uniforum: UiO-rektor kjenner seg ikke igjen i kritikk fra Uniforum-redaktør

  •  Les også i Uniforum: Uheldig framgangsmåte av rektor Svein Stølen

 

Emneord: Media, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 17. sep. 2018 13:55 - Sist endra 17. sep. 2018 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere